Seksbornsfar vil samle nye Sogndal
Den nye Sp-ordføreren i Sogndal gler seg til å utvikle kommunen gjennom å legge til rette for næringsliv og gründerverksemd.
Om lag ein tredel av de nyvalde ordførarane er heilt nye i vervet. Møt nokre av dei i denne serien fram til nyttår.
Arnstein Menes (Sp)
Ny ordførar i nye Sogndal, kor Sogndal, Leikanger og Balestrand går saman.
43 år, gift, seks born.
Utdanna adjunkt.
Har jobba som rådgivar ved Høgskulen på Vestlandet.
12 år i kommunestyre og formannskap i Balestrand, fire som varaordførar (2011–2015).
1 Kvifor vil du bli ordførar?
– For i fellesskap med andre å kunne påverke og utvikle kommunen eg bur i.
2 Kva vil du gjere for å lukkast best mogleg i vervet?
– Legge opp til ein open og inkluderande politisk kultur, der me alle dreg i same retning. Dette skal gjerast gjennom ei open og god forvaltning og gjennom tydeleg politisk leiarskap basert på dialog med kommunestyret og innbyggjarane.
3 Kva gler du deg mest til?
– Til å kunne utvikle kommunen, gjennom å legge til rette for næringsliv og gründerverksemd, skape gode oppvekstvilkår og sørge for ei god bustadutvikling i heile nye Sogndal.
4 Kva er du mest spent på?
– Å få arbeide saman med dei mange flinke og engasjerte tilsette og politikarane i kommunen.
5 Kva er den største politiske utfordringa i din kommune?
– Å skape utvikling og vere ei drivkraft i regionen, samtidig som me må ta vare på tenestetilbodet i heile kommunen.
6 Kven vil du helst skal flytte til kommunen din og kvifor?
– Me tek imot alle. Men gjerne småbarnsfamiliar som ønsker ein kommune som tilbyr gode oppvekstvilkår og ein spanande og variert arbeidsmarknad.
7 Kva likar du å gjere i fritida?
– Jakt, friluftsliv og bridge.
8 Fortell noko om deg sjølv som ikkje alle veit?
– Eg er Leeds-supporter.