Kronikk

Folkevalde og administrasjon må spele på lag

Nyvalde politikarar må raskt sette seg inn i kva kommunedirektøren har ansvar for når det gjeld dei tilsette, saksutgreiing og iverksetting av vedtak.

Publisert Sist oppdatert

Levande lokalsamfunn med bulyst, arbeidsplassar, gode tenester og framtidstru er vel det alle drøymer om. Det er vel derfor så mange tar ansvar for å ta vare på og utvikle samfunna sine, og stiller opp som folkevalde.

Ikkje alle veit at vi er ramma inn av 150 lover og 1.000 paragrafar som styrer kommunen si daglege verksemd.

Valet til 357 kommunestyre og 15 fylkesting er no overstått, og folket har vald sine representantar som skal styre dei neste fire åra. Vi må berre ønske alle hell og lykke på ferda!

Eit levande lokaldemokrati er berebjelken i eit samfunn, og bidrar til at vi tar ansvar for både noverande og framtidige behov på alle livsområde.

Det er å håpe at lokalsamfunna sluttar opp om sine folkevalde og viser respekt for det store ansvaret dei har tatt på seg på vegner av fellesskapet. Det er å håpe at dei blir trygge i rolla og beheld motivasjonen når kvardagen møter dei med alle planar, prioriteringar og ikkje minst alt det uføresette som vil skje.

Føresetnaden for dette er i alle fall at dei finn rolla si og eit handlingsrom der det er mogleg å utøve politikk og vere med på å gjere ein forskjell.

Det som blir alle folkevalde sitt lodd etter konstituerande møte, er å delta i budsjettdrøftingar der det må gjerast prioriteringar.

Budsjettprosessar er både vanskelege og viktige. Det er avgjerande å sjå at handlingsrommet ikkje berre er avhengig av pengar til disposisjon, men vel så mykje av korleis dei tilsette i kommuneorganisasjonen samhandlar og agerer i lag med både kollegaer, innbyggjarar, næringsliv og politikarar.

Eg tenker at noko av det aller viktigaste dei folkevalde kan gjere, er å bestemme seg for å spele på lag med administrasjonen. Utan grunnleggande tillit mellom aktørane vil det bli svært vanskeleg å nytte ressursane på ein god måte. Ein føresetnad for dette er sjølvsagt at kommuneorganisasjonen forstår og respekterer politikarane si rolle som dei styrande.

Spørsmålet er då ikkje om dei skal styre, men kva dei skal styre, og på kva nivå. Dette er det vanskeleg å forstå og bli samde om, dersom det ikkje skjer ein felles refleksjon kring desse spørsmåla.

Overstyrt og underleia, er utsegn ein til tider høyrer om kommunal sektor. Tilstanden i dei mange kommunane våre er svært ulik, og det vil nok vere treffande hos nokre og ikkje hos andre.

I drøftingane om vilkåra for å styre og leie i fin balanse er det nok fleire som må stille seg spørsmålet om kvar problemet i så fall ligg. Er det hos statlege aktørar som detaljstyrer, eller er det politisk og administrativt nivå lokalt som ikkje lukkast med å finne balansen seg i mellom og mellom styring og leiing?

Ansvar for å greie ut saker og følgje opp er sjølvsagt. Men korleis lukkast med å få ein stor, kompleks organisasjon med mange ulike menneske til å fungere i tråd med politisk vilje lokalt og nasjonalt? Her trengst det leiing som er opptatt av mellommenneskelege forhold og prosessar.

Eg tenker det er heilt avgjerande at politikarane får god innsikt i kva kommunedirektøren, som øvste leiar for administrasjonen, har ansvar for når det gjeld dei tilsette, saksutgreiing og iverksetting av vedtak.

Politiske ambisjonar som skal omsettast til praktisk politikk og settast i verk, må finne ein tenleg og lovleg veg. Eg trur ikkje alle veit at vi er ramma inn av 150 lover og 1.000 paragrafar som styrer kommunen si daglege verksemd og gir mynde og plikter.

Det er vanskeleg å førestille seg ei meir kompleks leiarrolle i dette landet enn den kommunedirektørane er tildelt.

Nasjonal tenestekatalog gir oversikt over dei mange lovpålagde og frivillige tenestene kommunane tilbyr. Den inneheld 217 tenesteomtalar der 180 er lovpålagde og lovheimla tenester. Desse fordeler seg på alle livsområde og har som regel høge krav til kompetanse for å kunne løysast lovleg og forsvarleg.

Svært mange oppgåver krev tverrfagleg samarbeid for å løysast tilfredsstillande. Då er kunsten å ha ein organisasjon som klarer å levere med rett kompetanse, og på ein heilskapleg måte tilpassa behov og kontekst innanfor både forvaltning, tenester og samfunnsutvikling.

Det er viktig at dei nye kommunestyra og øvste administrative leiing raskt sett temaet på dagsordenen og reflekterer over grenseoppgangane. Det er av gjensidige interesse at dette blir gjort. Det er viktig at våre fremste folkevalde får innsikt i rammer og vilkår for å drive god tenesteyting og saksutgreiing som grunnlag for politiske avgjerder og vegval.

Eg trur vi underkommuniserer kva som skal til for å skape ein velfungerande organisasjon med tilstrekkeleg leiarskap i alle ledd og på alle nivå.

Alternativet til det heilskaplege er ein fragmentert organisasjon der kvar tenesteeining opererer ut frå eigen fagleg logikk. Dette blir det ikkje nødvendigvis gode tenester av, og det blir i alle fall ikkje effektiv ressursutnytting.

Powered by Labrador CMS