Kronikk

Lytt til ropet om meir fridom!

Det nyttar ikkje å be om nytenking lokalt dersom dei sentrale rammene er for tronge og lovkrava for omfattande og detaljerte.

Publisert Sist oppdatert

Høyringsfristen til generalistkommuneutvalet sin NOU 2023:9 er ute, og alle kommunar som har sendt inn høyringssvar ønsker mindre statleg styring.

Det blir peika på at skal det vere meining med ei tillitsreform i det offentlege, så må den også gjelde for kommunane.

Nærleiksprinsippet i oppgåveløysinga er heilt avgjerande.

Noko av kunnskapsgrunnlaget til utvalet var ei undersøking av i kva grad kommunane oppfyller lovpålagde krav. Kommunar svarer då at sjølv om variasjonen er stor, så er det ingen som oppfyller krava fullt ut. Med andre ord er det kanskje noko gale med omfanget av krav, og ikkje berre med kommunane si evne til å følgje dei fullt ut.

Prinsippet i Noreg er at alle kommunar har likt ansvar, men ulike føresetnader. Så kva finst det av måtar å løyse dette på?

I dette landet blir alle lover vedtekne av Stortinget, og kommunane får delegert oppgåver. Prinsippet er at statlege myndigheiter berre kan styre gjennom lov og forskrift.

Kommunelova er tydeleg i sitt formål i § 1–1 når det gjeld kva ein kommune skal ta ansvar for:

«Formålet med loven er å fremme det kommunale og fylkeskommunale selvstyret og legge nødvendige rammer for det. Loven skal legge til rette for det lokale folkestyret og et sterkt og representativt lokaldemokrati med aktiv innbyggerdeltakelse. Loven skal legge til rette for at kommuner og fylkeskommuner kan yte tjenester og drive samfunnsutvikling til beste for innbyggerne. Loven skal også legge til rette for kommunenes og fylkeskommunenes utøvelse av offentlig myndighet. Videre skal loven bidra til at kommuner og fylkeskommuner er effektive, tillitskapende og bærekraftige

Gjennom ein lang demokratisk prosess har vi utvikla ein velferdsstat som ønsker å sikre alle like moglegheiter gjennom universelle velferdsordningar og lik tilgang til utdanning og helsetenester.

Kommunane er svært viktige aktørar og premissleverandørar i dette arbeidet. Det finst vel neppe noko moderne samfunn som har gitt det lokale demokratiske nivået så store oppgåver, og som i samspel med fylke og stat skal sikre velferd og berekraftige lokalsamfunn. Det er derfor ingen grunn til å ta lett på at det er så stor variasjon i det same landet når det gjeld å oppfylle dei pålagde oppgåvene.

Men er målet å sikre velferda for alle, må det også vere lov å spørje om både omfang og detaljeringsnivået i styringa gir meining, og om det er mogleg å sikre likare vilkår for å oppfylle krava.

Generalistkommuneutvalet peikar sjølv på at noko av løysinga kan vere mindre detaljstyring og ikkje minst eit meir omfordelande inntektssystem enn det vi har i dag. Dei økonomiske vilkåra er svært ulike, med inntektssvake og inntektssterke kommunar som konsekvens av skattesystemet.

Av omsyn til dei lokalpolitikarane som i desse dagar startar på si vakt for den neste fireårsperioden, ønsker eg meg ein kommunesektor med stor handlingsfridom. Eg er overtydd om at motivasjonen til dei aller fleste folkevalde i by og bygd er å ta vare på og utvikle lokalsamfunna sine og gi gode livsvilkår for alle innbyggjarane.

Det er først og fremst dette som driv dei. Då er det heilt avgjerande at dei kjenner på eit handlingsrom både økonomisk og i val av løysingar dei kan sjå på for å gi gode tenester.

Eit anna moment er at vi treng det som er å oppdrive av innovasjon og skaparkraft for å klare å løyse oppgåvene på ein meir effektiv og berekraftig måte i tida som kjem. I tillegg må dette skje på ein tillitskapande måte, om det skal vere mogleg å endre på arbeidsmåtar og løysingar.

Det nyttar då ikkje å be om nytenking lokalt dersom dei sentrale rammene er for tronge og lovkrava er for omfattande og detaljerte. Lokal skaparkraft blir ikkje utløyst på denne måten.

Det er meir sannsynleg at apatien breier seg, om handlingsrommet blir for lite. Då har vi mista både engasjement og kreativitet, og vi står fort på bar bakke. Kven skal då ta ansvaret for samfunnet og oppgåvene?

I valet mellom ein distansert nasjonal og regional stat og engasjerte lokalpolitikarar og innbyggjarar som vil hegne om lokalsamfunnet sitt, er eg ikkje i tvil om kva hest eg ville satse på. Nærleiksprinsippet i oppgåveløysinga er heilt avgjerande. Det er i møte med menneske vi tar ansvar for kvarandre og stiller opp for dei verdiane dette samfunnet er tufta på.

Så sørg for at dei over 11.000 lokale folkevalde vi no skal sette vår lit til, får eit handlingsrom i vegval og oppgåveløysing som gjer at dei beheld både engasjement og mot, og står stolte og ansvarlege på si vakt dei kommande fire åra. Vi har for mykje å tape om vi ikkje klarer dette!

Powered by Labrador CMS