Nyheter
Vil syne fram sjarmen i vegar utan gul midtstripe
Ordførar Inger Lise Lund Stulien (Ap) garanterer at besøkande som kjem til Åseral i sommar slepp trengsel. Ho byr også på ulike aktivitetar, som frisbeegolf og riding.Åseral, Agder
– Nemn tre grunnar til at vi skal legge ferieturen til Åseral!
– Eg tykker det er viktig å ha fokus på gode opplevingar som natur, kultur og aktivitetar. Vi har eit overnattingstilbod både for dei som ønsker komfort på hotell og fjellstua, men også for dei som kjem i bubil eller vil nytte telt eller hengjekøye. Me har også romsleg med plass for dei som ønsker å vere litt forsiktige når det gjeld smitte og koronavirus – eller som tykker det er fint å finne roa utan så mange andre rundt.
– Kva har Åseral som andre kan misunne dykk?
– Mykje plass og fine område i skog og fjell. Så har vi Minne kultursenter som skal vere turistinformasjon, men som også skal arrangere aktivitetar og guida turar. Aktuelle aktivitetar me kan tilby er frisbeegolf, tilrettelagde sykkelløyper, toppturar, riding, fisking, padling (kano) og bading. Me har tenkt å bruke sommarvikarane til guiding i bygda, der me kombinerer turoppleving med kulturformidling. Tre flotte turistområde er Eikerapen, Ljosland og Bortelid.
– Kva vil du at gjestane skal sitte att med etter eit besøk i Åseral?
– Ro i sjela. Ikkje trengsel, og gleda over å sjå levande grender. Å ha oppdaga at vegar utan gul midtstripe kan ha sin sjarm når dei er på ferie.
– Nemn éin ting om Åseral som vi andre ikkje visste!
– Buplassen Sosteli frå folkevandringstida (ca. 350–550 e. Kr.). Her er spor etter hustufter, gravhaugar, gropmiler og rydningsrøyser. Området blei graven ut i perioden 1946–1949.
– Nemn éin attraksjon eller ei oppleving du gjerne skulle hatt til Åseral, men som dessverre ligg i ein annan kommune!
– Via Ferrata i Valle.
– Kva anna kommune meiner du vi også bør dra til?
– Ein av dei andre kommunane i Setesdals-regionen.
- Les også ferietips frå ordførarane i Vanylven, Sømna, Vardø, Røyrvik, Namsos, Vaksdal, Ringebu og Tynset.