Nyheter

Aud Hove (Sp), 2. nestleiar i KS og gruppeleiar for Sp i Innlandet.
Aud Hove (Sp), 2. nestleiar i KS og gruppeleiar for Sp i Innlandet.

– Eg fekk karakteristikken stri og aggressiv. Og eg berre: Hææ?

Ho var innstilt som leiar i KS, men blei 2. nestleiar. – Om eg ikkje når fram, så er det tusen andre ting eg kan drive med. Alt er jo interessant, seier skodespelaren, musikaren, læraren, bonden, okseryttaren og politikaren Aud Hove.

Publisert Sist oppdatert

Utanfor Stortinget har bønder frå heile landet samla seg. Traktorar står parkert langs Karl Johan. Det luktar svakt av møkk og høy i hovudstaden. Bøndene er i opprør.

Midt blant dei står ei lita grønkledd kvinne, Aud Hove, KS sin 2. nestleiar. Ho smiler og helsar i aust og vest, kjenner både store og små.

Hove er ei kvinne som seier meir ja enn nei, kan det verke som. Og puttar du på ein mynt på ho, trillar det også ut svært mange andre ord.

Avtalen med Kommunal Rapport har vore flytta fire gonger. Men no er ho klar. Nesten. Ho må berre snakke litt med demonstrantane først og så høyre på politikarane inne på Stortinget.

Der kastar dei verbale høyballar mot kvarandre. Ap, Sp og Høgre er på førehand blitt einige om at bøndene bør arbeide 1.845 timar i året. Bøndene sjølv krev 1.700.

Men brått snur det der inne. Resultatet blir 1.750.

Utanfor Stortinget møtte Aud Hove mange kjende blant dei demonstrerande bøndene. Her i samtale med Astrid Simengård frå Innlandet Bondelag.

Dreiv gard i 16 år

– Med alle ballane du har i lufta, jobbar vel du meir enn 1.750 timar i året?

– Ja, det gjer eg. Men det høyrer til historia at eg vaks opp på gard og har vore bonde sjølv.

Hove fortel om ein barndom med dyr — blant anna om favorittoksen som ho rei på som barn, om agronomutdanning, om at ho overtok garden i ein alder av 21, om 16 år med sau og gris i Skjåk, om ungar, om ein psykisk handikappa bror, om å jobbe i skulen og med ungdom ved sidan av garden og om den veksande interessa for politikk.

– Heile vegen frå eg var jentunge og inn i politikken, så har eg vore veldig oppteken av det med rettferd.

Ho trur at om ho ikkje hadde engasjert seg, hadde ho blitt som ein av dei i muppetshow som sit på galleriet og kommenterer.

– Så eg trur det er betre å vere med å påverke og eventuelt ta ansvar enn å berre sitte på sidelina og klaske på tastaturet.

På reservebenken

Aud Hove er gruppeleiar for Sp i Innlandet og sit i fylkesutval og fylkestinget. Ho er òg leiar for rovviltnemnda i Oppland og styremedlem i Euromontana. Ho er vara til Stortinget på tredje perioden og har også vore varaordførar i Oppland og Innlandet. I ein kort og hektisk periode i fjor sommar og haust var ho fylkesordførar i Innlandet. Det var då uveret Hans herja og fylker og kommunar, ikkje minst i Innlandet, synte kva dei var gode for når det gjaldt.

I februar i år var Aud Hove innstilt som ny leiar i KS, men enda opp med å bli 2. nestleiar. Samfunnsbedriftene ville heller ha Gunn Marit Helgesen.

– Du har hatt mange varaverv og er no 2. nestleiar. Kjenner du deg som ein reserve?

– Eg likar reservar. Det er ikkje det at eg ikkje har ambisjonar. Eg har støtt vore ein person som blir spurt om å stille på ting og eg tar dei moglegheitene eg har fått. Om eg ikkje når fram, så er det tusen andre ting eg kan drive med. Alt er jo interessant!

Odd Stangeland, Gunn Marit Helgesen og Aud Hove.

– Du sa til Kommunal Rapport etter valet at du trudde Samfunnsbedriftene ikkje kjende deg, det var derfor du enda opp som nestleiar.

– Eg har jo ikkje vore i mediebildet slik som Gunn-Marit. Og det har eg full forståing for. Kvifor dei valde å køyre over det politiske fleirtalet, må dei svare for. Det eg syns er rarast er at ingen var oppe og sa noko om det, for det hadde eigentleg vore fair å seie at dei synest Gunn-Marit har gjort ein god jobb og synest ho skal halde fram. Det er heilt greitt det. Og eg sa det til ho etterpå at eg synest ho fiksar veldig godt dette med å vere tydeleg uansett kven som sit i regjering. For når du sit i KS, skal du jobbe for kommunane, vere politisk uavhengig. Du skal ikkje køyre politikk då. Men dette har eg lagt bak meg, livet går vidare.

Likevel meiner Hove at valet må få eit etterspel. At om Samfunnsbedriftene skal ha så stor makt, må dei også vere med i forhandlingane, ikkje berre vere ein utanfrå som seier ja eller nei.

– Vi blir nøydd til å ta ein runde på det, så det ikkje skjer ein gong til. Men det er klart, som mange har sagt, at i et kommunestyre sit ikkje rådmannen og veltar fleirtalet. Så det må vi berre gå i oss sjølv på.

– Bør vere meir ute

– Korleis samarbeider de i KS-leiinga?

– Heilt forferdeleg, kjem det frå Hove, før ho skrattar høgt.

– Nei då — vi har nett starta. Vi har nesten ikkje hatt AU-møter. Vi må sette av litt tid til å vere saman og diskutere. Det er klart det er Gunn-Marit som er «hands on», men vi (Hove og Odd Stangeland som 1. vara) er nye. Eg veit med meg sjølv at når du har drive med noko over fleire år, blir du på ein måte i driv. Då må du hugse på at du har med nye.

Hove har vore med på sitt første konsultasjonsmøte med Kommunaldepartementet og ei samling og to hovedstyremøter.

– Og så har eg hatt nokre oppdrag for Gunn-Marit.

Hove meiner alle tre i KS-leiinga bør vere meir ute i kommunane og fylka for å sette ting litt på dagsorden.

– Fordi at det er jo berre tull at berre Gunn-Marit skal ta ansvaret for alt. Her har vi tre i AU som er vald for å vere med og ta i ein ekstra skjerv.

– Ser du på dette som ei læretid — er du prinsessa som skal overta kongeriket om fire år?

— Nei det får vi sjå på. Det er klart at når du blir nestleiar, kan du fort tenke det. Men livet kan fort ta andre retningar. Eg er med fordi eg takka ja til å få lov til å vere med i KS som eg tenker har ein kjemepeviktig jobb.

Utanforskap

– Men frå KS til deg att. Kven er eigentleg Aud Hove?

– Eg prøver verkeleg å vere rettferdig. Omsorgsfull er eg òg. Så har eg temperament. Men eg er ikkje langsint.

Hove fortel om då Oppland og Hedmark blei oppløyst. Etter ein debatt ho var med i, blei det trilla terning i ei lokalavis. Ap-kandidaten og ho fekk fire på terningen og Høgre-mannen fem. Men berre ho blei karakterisert.

– Eg fekk karakteristikken stri og aggressiv. Og eg berre: Hææ? Men den verste hersketeknikken er når du blir oversett. Eg har ikkje opplevd mange episodar, men dei som har vore, kom frå andre kvinner. Det har vel kanskje med at dei føler meg som ein trussel, eller, eg veit ikkje …

Hove tek eit sekund pause og ein slurk kaffi før ny mynt byrjar å verke.

– Dette med utanforskap opptek meg. Vi ser jo det i Innlandet. Dessverre er innstillinga frå administrasjonen i skulestruktursaka at ein skal legge ned dei skulestadane som er i dei områda med mest utanforskap. Då må vi tenke oss godt om.

Frå tankar rundt utanforskap flyt ho straks over til Nav via vidaregåande skule, kommunane si rolle, fylkeskommunen si rolle, kommunestyra, ulike tenester, sjukehus, politi.

– Det blir meir og meir diffust lokalpolitisk.

– Er nokre kommunar for små til å takle alt?

– Nei, det synest eg ikkje. Det såg eg då Hans kom, det var ikkje skilnad på om kommunen var stor eller liten. Det er ikkje storleiken det kjem an på, men folket. Eg er for interkommunalt samarbeid og det har ein jo i store kommunar også.

Musikk, skodespel og film

– Kva gjer Aud Hove når ho ikkje er politikar?

Ny mynt.

– Eg har drive med musikk heile livet, spelt toradar. Så har eg vore musikklærar og dirigert skulemusikken i ti år. På Tonheim folkehøgskule hadde eg song som hovudinstrument, så eg syng mykje. Men det eg driv mest med er teater. Eg har spelt i Kristinspelet mot Bjørn Skagestad, Paul Ottar Haga, Charlotte Frogner og Line Verndal.

Eit googlesøk syner Hove med skaut i rolla som mor til Kristin Lavransdatter.

– Du verda...

..men no har eg sagt nei. Dei spurte meg, og så tenkte eg at eg kanskje hadde tid, før KS, og så var det same veke som det var fylkesting.

Hove dreiv også med filmproduksjon nokre år. Tre sesongar av ein spenningsserie for ungdom for NRK, tek også si tid.

– Film også... Kva gjorde du der?

– Nei, då var eg location-ansvarleg, som det heiter på godt norsk. Eg hadde ansvar for innspelingsstadar. Så eg organiserte alt frå heimesjukepleie til å stoppe tømmertransport, til … ja. Og så hadde eg ansvar for alle statistane.

KS' 2. nestleiar har mange roller. Her frå då ho spelte mor til Kristin Lavransdatter i Kristinspelet saman med Håkon Ramstad i rolla som Lavrans.
KS' 2. nestleiar har mange roller. Her frå då ho spelte mor til Kristin Lavransdatter i Kristinspelet saman med Håkon Ramstad i rolla som Lavrans.

Formidlingsglede

Mobilkameraet er ei, kanskje berre mellombels, erstating for film og teater. 

– Eg kan krype ned og ta bilde av ein snegle. Ei venninne eg gjekk tur med, gjekk og prata, så fekk ho ikkje svar. Då ho snudde seg, låg eg i ei grøft og tok bilde av ein blome. Når eg ser noko, får eg så lyst til å fange det og formidle det vidare. Det er noko med lyset og fargar. Som barn var eg veldig opptatt av å finne rytme. Somme har musikk, somme har språk. Men eg er ikkje så flink med ord og språk. Vi må bli flinkare til å uttrykke oss enkelt. Slik prøver eg å tenke når eg skriv lesarbrev. Vi må ikkje gjere det for vanskeleg og for fjernt, for det er veldig fort å gå inn i dette stammespråket.

– Apropos språk. Om eg ropar ulv — kva seier du då?

– Då vil eg seie forvaltning. Eg trur det var andre året eg var leiar i rovviltnemnda. Da hadde vi 48 døgn på Hadeland som var helt forferdelege. Eg trur ulven drap 700 dyr, om det ikkje var 800. Erna Solberg og Jon Georg Dahle kom i helikopter og det var eit kraftig oppstyr. Men det som var mest forferdeleg, var for dei som hadde sauene sine ute. Det er vi som har bestemt at det skal vere dyr i enkelte område og det er vi som har bestemt bestandsmålet. Da må vi forvalte etter det.

– Du snakkar om bestandsmål, men kva er dine politiske og personlege mål?

– Eg har ikkje noko mål om stand og stilling, men målet mitt er å jobbe for eit betre samfunn, rett og slett.

– Og privat?

– Eg kjenner at alt arbeidet eigentleg går litt utover helsa. No må eg få på plass skuldrene mine og ryggen. Så det er bra eg er nøydd til å trene. Men ikkje på treningssenter. Eg likar å komme meg ut og gjerne opp i fjellet, eg syns det er litt flatt i Oslo. Når sommaren kjem, vil eg vere heime, gå i fjellet. Eg reiser så mykje i jobben. Eg har ikkje sagt det til Gunn Marit enno, forresten, men eg skal til Japan med døtrene mine til hausten.

Powered by Labrador CMS