Bygda Bryggja i Vågsøy ønsker å bytte kommune etter at barneskulen, midt på bildet, vart vedtatt nedlagt. Kommunestyret har avvist ønsket. Foto: Per Ole Lefdalsnes

Fritt fram for grensejusteringar, Sanner?

Debatt. Med så mange grensejusteringar på gong, og så sterk vektlegging av eit augeblikksbilde frå ei telefonoppringing, må ein spørje seg: Er det berre å rekke opp handa så får ein grensejustering, Jan Tore Sanner?
17.11 2017 14:31
Vi må kunne stole på at utgreiingane forheld seg til fastlagde prinsipp.

Kommunal Rapport brukar ei dobbelside i nr. 33 på omtale av pågåande grensejusteringsprosessar. I alt ti justeringar er til vurdering hjå fylkesmennene, og ytterlegare 27 er til vurdering i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Bygda Bryggja i Vågsøy e vil byte kommune grunna vedtak om skulenedlegging og motstand mot Sanner si eiga kommunereform.

I Ålfoten/Davik i Bremanger har fleire snakka om grensejustering om kommunen blir med i ei samanslåing.

Det siste er at folk i Norddalsjord i Flora vil skifte kommune om skulen i bygda forsvinn. Tidlegare har Vevring i Naustdal signalisert same ønske.

I det som skal bli nye Kinn kommune av tidlegare Vågsøy og Flora, har som nemnt bygdelaget Bryggja Utviklingslag bede om grensejustering for bygda Bryggja. Saka er til uttale hjå Fylkesmannen i desse dagar, og vil snart ligge på Sanner sitt bord.

Bryggja sitt ønske om grensejustering kom opp etter eit budsjettvedtak i Vågsøy kommune før jul 2016 som inneber nedlegging av Bryggja barneskule. Fallande elevtal på Bryggja og elles i kommunen, kombinert med fondsbruk for å finansiere drifta, gav kommunepolitikarane valet mellom kutt i skule eller kutt i omsorg og velferd.

Vågsøy kommunestyre avviste justeringsønsket basert på regjeringa sitt rundskriv til lov av 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetting og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova) H – 8/ 14, kap. 3.3.3.

Rundskrivet er tydeleg på at skulenedlegging ikkje gir grunnlag for grensejustering. Etter dette vart fokuset flytta over på kommunesamanslåing. Justeringa vart då grunngitt med at Bryggja vil komme til å bli ein utkant i Kinn kommune, og at det vil bli langt til tenester i Florø.

Likevel vart Telemarksforsking sett til å greie ut grensejustering, og konklusjonane er for mange noko underlege. Telemarksforsking konkluderer med at «undersøkinga viser at innbyggjarane på Bryggja har langt større tilknyting til Eid og Selje samanlikna med Bremanger og Flora». Det er peika på at mange vil byte kommune og bli midtpunkt i nye Stad kommune, heller enn å bli ein del av Kinn.

Rapporten frå Telemarksforsking nemner berre så vidt tenestene i dagens Vågsøy. Det blir i liten grad lagt vekt på at innbyggarundersøkinga viser at innbyggarane i Vågsøy i svært stor grad brukar kommunale tenester i Vågsøy, og at dei i Kinn kommune kan halde fram med det.

Ingen av dei innbyggarretta tenestene skal flyttast frå Vågsøy til Flora. Dette kjem tydeleg fram i intensjonsavtalen mellom Flora og Vågsøy for nye Kinn kommune. Avtalen slår fast at ein skal « … utvikle førstelinetenester som skular, sjukeheimar, helse- og omsorg, barnehagar og kulturtilbod der dei er ved samanslåinga».

Det skal og vere tenestetorg der ein har dette i dag. Det er med andre ord ikkje grunnlag for å hevde at det vert lenger veg til kommunale tenester i nye Kinn kommune enn det er for innbyggarane i dag, uansett kvar ein bur i den nye kommunen.

Telemarksforsking peikar på at ganske mange frå Bryggja jobbar på Eid. Ikkje så rart, vil mange seie, då det er berre 33 minutt til Eid. Men tala viser at det er kortast til Måløy, 21 minutt. Det er også flest som jobbar der. Det er få som arbeider i Flora og Bremanger, seier rapporten. I Selje jobbar 4 prosent, utan at dette er omtala som lite. Selje ligg 31 minutt unna Bryggja. Ei grensejustering vil altså føre til at fleire pendlar ut av kommunen til jobb enn i dag.

Undersøkinga viser også at 85 prosent av innbyggjarane på Bryggja svarer at dei aldri, sjeldan eller berre nokre gonger i året brukar kommunale tenester lokalisert i annan kommune. Kva som er kommunale tenester, er ikkje definert.

Det er deretter spurt kva kommune ein brukar, dersom ein brukar tenester i andre kommunar. Svaret er då hovudsakleg Eid, noko som  er heilt naturleg når ein ser på geografien, og at ein del jobbar i Eid.

I undersøkinga kjem det også fram at når det gjeld kultur- og fritidstilbod, seier 76 prosent av innbyggjarane at dei aldri, sjeldan eller berre nokre gonger i året brukar slike tenester utanfor Vågsøy.

Svara på spørsmåla om tenester i annan kommune viser dårleg att i konklusjonen i undersøkinga. Det blir for enkelt å seie i konklusjonen at «det meste av handel, bruk av kommunale tenester og kultur- og fritidstilbod som skjer utanfor Vågsøy, skjer i Eid», når bakgrunnstala viser at delen som brukar slike tenester, faktisk er veldig liten.

Ei grensejustering må handle om tenestene til innbyggarane. Det er ingenting i rapporten som tyder på at innbyggjarane på Bryggja vil få dårlegare tenester i Vågsøy/Kinn enn i nye Stad kommune.

Det er heller ikkje peika på at ein får lenger veg til nokon av tenestene for innbyggarane når ein går inn i Kinn. Tvert imot, dersom grensejusteringa blir godkjent, vil ein få lenger veg til svært sentrale tenester som legekontor, helsestasjon, sjukeheim, ungdomsskule og rådhustenester.

I januar opnar ein splitter ny ungdomsskule i Måløy, som er 22 minutt frå Bryggja, og som er dimensjonert for å ta imot elevane frå Bryggja. Om nærskuleprinsippet skal gjelde, vil Bryggja-elevane ved kommunebyte til Stad få kortast veg til ungdomsskulen i Selje. Det betyr to fjellovergangar og kryssing av fylkesgrensa til Møre og Romsdal to gongar og vesentleg lengre skuleveg. Slike konsekvensar burde ha vore klarlagt før innbyggarane vart  høyrde.

Det blir lagt stor vekt på at ei grensejustering vil gjere Eid/Selje til ein samanhengande kommune. Dette er berre ei delvis sanning, når ein ser på kommunikasjonar. Ein vil uansett måtte køyre enten gjennom eit anna fylke eller gjennom Vågsøy/Kinn for å reise mellom Eid og Selje.

Ifølgje inndelingslova har innbyggarane ein rett til å søke grensejustering. Men det er ingen menneskerett å få søknaden verken greidd ut eller innvilga, slik det av og til blir framstilt som.

Vi må kunne stole på at utgreiingane forheld seg til fastlagde prinsipp. Visst ikkje ser vi føre oss eit svært uføreseieleg kommunekart i framtida, der motstand mot demokratiske og lovlege vedtak i kommunestyre landet over gir grunnlag for å få innvilga overgang til nabokommunen. 

Delta i debatten

Vi overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!