Grensejusteringa som har fått ordførarane i Vågsøy og Flora til å rase, gjeld bygda Bryggja i noverande Vågsøy kommune. Foto: Per Ole Lefdalsnes
Grensejusteringa som har fått ordførarane i Vågsøy og Flora til å rase, gjeld bygda Bryggja i noverande Vågsøy kommune. Foto: Per Ole Lefdalsnes
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Statsrådappell om grensejustering mot betre vitande

Ordførarar som måtte frykte ei framtidig balkanisering av Kommune-Noreg, kan sove godt om natta: Det er ingen grunn til å tru at det har skjedd noko politisk lineskifte i Kommunaldepartementet.

Det skal framleis vere slik at politisk misnøye ikkje åleine gjev grunnlag for grensejustering.

– Er det berre å rette opp handa, så får ein grensejustering, spør ordførarane i Vågsøy og Flora i Kommunal Rapport.

Spørsmålet til statsråd Sanner vert stilt mot betre vitande, og bør ikkje vere eigna til å ta frå norske kommunefolk nattesøvnen.

Lat dette vere sagt med ein gong: Grensejusteringa som har fått ordførarane Kristin Maurstad i Vågsøy og Ola Teigen i Flora til å rase, gjeld mi eiga heimbygd, Bryggja i noverande Vågsøy kommune.

Eit overveldande fleirtal av folket på Bryggja ynskjer grensejustering, slik at bygda frå 2020 vert ein del av framtidige Stad kommune (Eid og Selje), i staden for framtidige Kinn (Flora og Vågsøy).

Initiativet til grensejustering vart teke i februar 2017. Departementet gav i juni grønt lys for utgreiing og handsaming. Utgreiinga frå Telemarksforsking var grundig og god, og innbyggjarhøyringa som vart gjennomført i sommar, gav eit klårt svar: Så mange som 79 prosent uttrykte ynske om å bli innbyggjar i Stad, medan endå fleire – 84 prosent – uttrykte motstand mot å verte del av Kinn.

Innbyggjarinitiativet utløyste, ikkje uventa, sterk motvilje blant leiarskapen i Vågsøy kommune.

«Motstrategien» synest å ha hatt tre hovudelement: For det fyrste har det, slik eg oppfattar det, blitt gjort freistnader på å umyndiggjere bryggjaværingane: Dei veit ikkje sitt eige beste, og dei har ikkje forstand på så kompliserte spørsmål, er grunnhaldninga.

Innbyggjarhøyringa vert ignorert eller snakka ned – «eit augeblikksbilde frå ei telefonoppringing», som Maurstad og Teigen uttrykkjer seg.

For det andre vert det teikna eit dystert bilete av konsekvensane for det som er att av Kinn kommune. Bryggja med 541 innbyggjarar utgjer rett nok berre 3 prosent av folket i framtidige Kinn, men konsekvensane av dette tapet vil vere for tunge å bere for den nye kommunen, får vi høyre.

Og for det tredje: Initiativet til grensejustering kom nokre månader etter at det vart fyr i den lokale skuledebatten att. Bryggja skule var igjen trua med nedlegging.

Frå leiarskapen i Vågsøy har det vore ein klår strategi å klistre innbyggjarinitiativet frå Bryggja så eintydig som råd til skulesaka, naturlegvis ut frå ei von om å få initiativet avvist av «tekniske» årsaker. Frå statleg hald er det nemleg slått fast at skulenedlegging åleine ikkje gjev grunnlag for grensejustering.

Dette er også den viktigaste premissen i innlegget i Kommunal Rapport frå Maurstad og Teigen, der det freidig vert slått fast at Bryggja vil byte kommune «grunna vedtak om skulenedlegging».

Både Maurstad og Teigen er oppegåande folk, og veit naturlegvis at biletet er langt meir samansett enn som så.

Dei siste månadene har eg hatt gleda av å bli kontakta av mange av sambygdingane mine som vil snakke om grensejusteringa. Engasjementet er stort.

Påfallande nok er det relativt få som snakkar om skulen i denne samanheng, og om nokon har ytra eit vondt ord om kommunereforma, så handlar det ikkje om «Sanners reform», men om dei vegvala deira eigne lokalpolitikarar har gjort.

Det er det allmenne, lokale biletet som er interessant: Det handlar om utsiktene Bryggja har til å verte midtpunktet i ein geografisk samanhengande kommune, der dei aller fleste innbyggjarane bur innanfor eit område som ein når på ein dryg halvtimes køyretur – og om frykta for at Bryggja skal verte ei evig bakevje i den geografisk splitta Kinn kommune, der 2/3 av innbyggjarane (dagens Flora) bur minst to timars reise vekke.

Spørsmålet vert oppfatta som heilt eksistensielt; som heilt avgjerande for framtida til bygda – og går langt ut over spørsmålet om ein skule.

Freistnaden på å stemple grensejusteringssaka på Bryggja som uttrykk for politisk omkamp i skulesaka, har allereie feila. Det var nemleg Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) som i juni gav grønt lys for å bruke tid og ressursar på å greie ut saka. Det hadde naturlegvis aldri skjedd om Sanners departement ikkje vurderte at det kunne vere eit sakleg grunnlag for justeringa.

Dette vert då òg poengtert av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, som i tilrådinga si frå fredag 17. oktober gjev tydeleg uttrykk for at påstanden om at det er skulestriden som ligg i botnen vart vurdert – og forkasta. Søknaden frå Bryggja har brei oppslutnad, og inneheldt fleire saklege og vesentlege argument, og Fylkesmannen konkluderte på dette grunnlaget med at «det formelle grunnlaget for prosessen er i orden».

Så dei ordførarar som måtte frykte ei framtidig balkanisering av Kommune-Noreg, kan sove godt om natta: Det er ingen grunn til å tru at det har skjedd noko politisk lineskifte i KMD. Det skal framleis vere slik at politisk misnøye ikkje åleine gjev grunnlag for grensejustering.

Derimot skal det vere grunnlag for grensejustering når eit klårt fleirtal av folket ynskjer det, og justeringa elles er fagleg og sakleg forsvarleg – slik inndelingslova legg til grunn.

Kommunereforma har i hovudsak handla om samanslåing av heile kommunar, og at det i etterkant ville melde seg behov for ei rekkje «finjusteringar», var forventa av styresmaktene.

Ei overføring av Bryggja til Stad kommune vil gje ein funksjonell og samanhengande Stad kommune, det er i tråd med den klåre folkeviljen til innbyggjarane, og dei økonomiske ulempene for Vågsøy/Kinn er relativt små og handterbare, heiter det frå Fylkesmannen.

Alt tilseier at Sanner vil ta det klåre faglege rådet han har fått på høgste alvor – men at han derimot vil ta lett på det polemiske åtaket frå ordførarane i Vågsøy og Flora. Grønt lys til Bryggja inneber ikkje noko frislepp i grensejusteringssaker.