Dersom fylkeskommunane får ei styrka rolle som samfunnsutviklar, vil det vil legge til rette for styrka samfunnsutvikling i heile landet, meiner Jenny Følling. Illustrasjonsfoto: Magnus K. Bjørke
Dersom fylkeskommunane får ei styrka rolle som samfunnsutviklar, vil det vil legge til rette for styrka samfunnsutvikling i heile landet, meiner Jenny Følling. Illustrasjonsfoto: Magnus K. Bjørke
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

På høg tid med meir desentralisering

Vi treng eit sterkt og vitalt regionalt folkestyre for å skape vekst og arbeidsplassar basert på dei lokale fortrinna våre.

Vi kan ikkje la vere å endre samfunnet fordi det er ubehageleg.

Ekspertutvalet har lagt fram ein ambisiøs rapport og foreslår å flytte omfattande oppgåver frå regional stat til dei nye fylkeskommunane. Overføring av 24 milliardar til det folkevalde nivået er revolusjonerande nytenking, og vil vere ei stor omlegging av korleis vi disponerer statlege midlar.

Oppgåvene utvidar og utfyller fagområde der fylkeskommunane alt i dag har ansvar. Fylkeskommunane kan få viktige oppgåver innan næringsutvikling, innovasjon og forsking, kompetanse, integrering, kultur, folkehelse, samferdsel, klima og miljø – om ekspertutvalet får det som det vil.

Utvalet vil styrke rolla fylkeskommunane har som samfunnsutviklar. Eg meiner det vil legge til rette for styrka samfunnsutvikling i heile landet.

Når Stortinget meiner det er behov for større og sterkare regionale folkevalde einingar, og har vedteke å halvere talet på fylkeskommunar, er det Stortinget sitt ansvar å følgje opp. Stortingspolitikarane må syte for at fylkeskommunane får større oppgåver, økonomiske musklar og makt til å fylle den nye rolla.

Oppgåva vår no er å arbeide for at forslaga til ekspertutvalet vert vedtekne i Stortinget. Eg både trur og håpar at vi med slike grep får ei sterkare regional utvikling, som vil skape arbeidsplassar, vekst og utvikling basert på dei regionale fortrinna våre.

Statsforvaltninga har hatt altfor sterk vekst. Vi har fått eit spesialisert byråkrati som er fragmentert, uoversiktleg og vanskeleg å påverke. Det held fram å vekse sjølv om inga regjering ønsker det. Rapporten frå ekspertutvalet viser at tal på tilsette i departement og direktorat auka med over 3.000 frå 2009 til 2015.

Ei så stor maktoverflytting som ekspertutvalet foreslår, er krevjande, og endringane omfattar menneske vi må ta vare på og omsyn til. Men vi kan ikkje la vere å endre samfunnet fordi det er ubehageleg. Vi som folkevalde må tole å stå i denne utfordringa.

Politisk skjønn og moglegheit til påverknad er berebjelken i demokratiet. Regionreforma kan med større oppgåver og meir økonomisk ansvar for viktige samfunnsområde bli ei demokratireform. Vi kan mobilisere  regionale aktørar og ressursar for å samordne offentleg innsats og verkemiddelbruk.

Landsdelane våre har forskjellige utfordringar og krev ulike løysingar. På Vestlandet er geografien, infrastrukturen og næringsstrukturen annleis enn på det sentrale Austlandet, og i Nord-Noreg har dei andre utfordringar enn kring Oslofjorden.

Eit døme er å kople næringspolitikken tettare til forsking, kompetanse og innovasjon. Det kan skje ved at dei nye regionale forskingsfonda vil  påverke den regionale utviklinga mykje sterkare enn i dag. 

Eit anna døme er kulturpolitikken, som i dag er prega av sterk sentral styring og regional skeivfordeling av ressursar. Det er lite rom for lokalt skjønn. All kultur skjer lokalt, og kultur blir viktig når vi skal bygge identitet i den nye regionen.

Kvifor er det i dag ingen som stiller spørsmål ved korleis midlane frå Norsk Kulturfond vert fordelte mellom fylka? Er det rimeleg at fylke som Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Hedmark og Østfold får ned mot ein firedel av landssnittet pr. innbyggjar?

Eg meiner fylkeskommunane må få ansvar for fleire tunge oppgåver innan kultur, næringsutvikling, integrering og samferdsel. Då kan vi i større grad målrette verkemidla våre og ta omsyn til naturgitte fortrinn. Det vil stimulere til vekst og fleire arbeidsplassar i distrikta. Det vil opne for meir realpolitikk, heve statusen og skjerpe det demokratiske nivået.

Velferdstilbodet vårt og velstanden vår byggjer i stor grad på evna regionane har til å utvikle eigne fortrinn. Regional vekst er avgjerande for velstandsutviklinga nasjonalt.

Det er ein god start på demokratiseringa av dei nye fylka dersom dei blir styrka med oppgåvene ekspertutvalet foreslår. Ressursane i samfunnet blir betre utnytta, og vi vil i større grad sjå ting i samanheng. Det vil òg innebere meir forpliktande regional planlegging.

Eg håper regionreforma vil gi eit meir vitalt regionalt folkevalt nivå og auke lokalt sjølvstyret. Det vil sikre at forvaltningsoppgåver, tenesteutvikling og lokalsamfunnsutvikling i større grad byggjer på premissane til innbyggarane.

Vi går no inn i høyringsperioden. Det er vår oppgåve å arbeide for at Stortinget handsamar og vedtek forslaga til ekspertutvalet som ei heilskapleg melding, ikkje stykkevis og delt.