Eit samrøystes utval med representantar både for arbeidstakar- og arbeidsgivarsida står bak forslaget om eit varslingsombod, påpeiker Ragnhild Lied. Foto: Jan Richard Kjelstrup

Varslingsreglane fungerer ikkje godt

Debatt. Varslingsreglane fungerer ikkje godt i dag, slik KS hevdar. Det viser dei mange varslingssakene som pregar mediebildet, og dei mange personane som ikkje tør å varsle i fare for gjengjelding.
15.10 2018 08:32
Eit uavhengig varslingsombod vil kunne sikre betre ivaretaking av partane i varslingssaker enn tilfellet er i dag.

I leiarartikkelen 20. september peika Kommunal Rapport på at det er ei fare for at KS, ved å seie nei til eit betre varslarvern, set seg i bås med dei som ser på varslarar mest som kranglete arbeidstakarar.

Når eg les svaret frå Tor Arne Gangsø, områdedirektør for arbeidsliv i KS, er eg dessverre nær ved å vere einig med Kommunal Rapports leiarartikkel. For her var det fleire vikarierande argument og fleire misforståingar.

Unio foreslo alt i 2016 at det blir etablert eit nasjonalt varslingsombod som kan hjelpe både arbeidsgivarar og arbeidstakarar i varslingssaker. Vi meiner at eit eige varslingsombod vil gi eit tydeleg signal om at varsling er viktig, og at vern av varslarar skal prioriterast. Det kan òg gjere det enklare å finne fram for dei som vurderer å varsle.

Både arbeidsgivarar og arbeidstakarar er tente med at varslingssaker blir handterte på eit tidleg stadium. Då kan ein unngå både menneskeleg belastning og økonomisk tap.

Det regjeringsoppnemnde varslingsutvalet følgde opp ideen, og har samrøystes foreslått eit nasjonalt varslingsombod overfor regjeringa.

Utvalet overleverte rapporten sin i mars i år, og denne har no vore ute på høyring. Unio var representert i utvalet. Det same var KS. Eit samrøystes utval med representantar både for arbeidstakar- og arbeidsgivarsida står bak forslaget om eit varslingsombod.

Unio er einig med KS i at praktiseringa av varslingsreglane er utfordrande. Det er nettopp derfor det er viktig å få på plass eit nasjonalt varslingsombod raskt.

Eit uavhengig, nasjonalt varslingsombod skal gi råd, støtte og hjelp til arbeidstakarar og arbeidsgivarar i konkrete saker. Ombodet bør kunne tilby mekling, tilrå fri rettshjelp, bidra med generell kunnskap og skape forståing for verdien av varsling for samfunnet. Det kan òg gjere det enklare å finne fram i regelverket for dei som vurderer å varsle.

Gangsø skriv at varslingsvernet vil bli styrka ved at reglene blir betre kjent. Dette er vi einig i, men spørsmålet er korleis KS meiner dette kan skje?

Vi meiner eit uavhengig varslingsombod vil kunne oppnå nødvendig tillit hos alle partar og dermed vere ein instans der ein kan søke kunnskapen om korleis varslingsreglane bør praktiserast.

Unio deler ikkje KS sitt syn om at varslingsreglane fungerer godt i dag. Det viser dei mange varslingssakene som pregar mediebildet, og dei mange personane som ikkje tør å varsle i fare for gjengjelding.

Om lag 50 prosent av norske arbeidstakarar vel ikkje å varsle om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen. Bakgrunnen for det er at veldig mange – cirka 25 prosent – av dei som varslar, opplever negative reaksjonar eller sanksjonar når dei varslar.

Svært mange varslarar seier opp jobben eller blir sjukmelde, mens arbeidsmiljøet i verksemda blir øydelagt og dei andre tilsette blir påverka negativt. Vi meiner eit varslingsombod kunne ha forhindra mange uheldige situasjonar.

Unio meiner det er ein merkeleg konklusjon at varslingsombod og varslingsnemnd ikkje bør etablerast fordi det ikkje er forsking eller anna erfaring som tilseier ein betre praktisering av reglane. Unio meiner at ein kan sjå til Sivilombodsmannen og Ombodsmannen for Forsvaret som nyt stor tillit.

KS si frykt for at eit varslingsombod vil forsinke varslingsprosessar, er etter mi meining dårleg grunngitt og blir opplevd som eit forsøk på å avspore varslingsdebatten.  Eit uavhengig varslingsombod, utnemnt av Stortinget, vil kunne sikre betre ivaretaking av partane i varslingssaker enn tilfellet er i dag. Og; 2,8 millionar arbeidstakarar i privat og offentleg sektor kan bidra til å avdekke kritikkverdige forhold i mange små og store verksemder.

Mange har alt gjort det. Dei har stått på for å avdekke kritikkverdige forhold på arbeidsplassen. Sakene har vore ulike, og det har omfanget og alvorlegheitsgraden òg.

Unio meiner at eit nasjonalt varslingsombod kan:

  • førebyggje og handtere krevjande varslingssaker
  • gi råd, støtte og hjelp til 2,8 millionar arbeidstakarar
  • trygge meir enn 100 000 arbeidsgivarar
  • spare samfunnet for opptil 12 milliardar kroner årleg
  • vere av stor verdi for samfunnet og «den norske modellen».

Delta i debatten

Vi overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!