Å lukkast med eskimorulle og elvepadling er ikkje føresetnaden for eit godt liv, men det elevane lærer, er ein nøkkel til å handtere vaksenverda, skrive Claus Røynesdal. Foto: Voss folkehøgskule
Å lukkast med eskimorulle og elvepadling er ikkje føresetnaden for eit godt liv, men det elevane lærer, er ein nøkkel til å handtere vaksenverda, skrive Claus Røynesdal. Foto: Voss folkehøgskule
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Skulevegring og Arild sin metode

Tårane renn i Raundalselva. Det er ei blanda kjensle å oppleve slik meistringsglede.

Kvifor vert elevane sin motivasjon for skulearbeidet redusert med aukande alder?

Folkehøgskulelærar Arild Tvilde seier at det er magisk å oppleve at elevane går frå komfortsona til meistringssona. Ungdom på 18–22 år i ein ekstremsportklasse som heng rundt halsen på læraren, grin som tårene sprett og er frå seg av meistringsglede.

Det å lukkast med eskimorulle og elvepadling er ikkje føresetnaden for eit godt liv. Poenget er at det å sette seg læringsmål, utfordre seg sjølv, arbeide over lengre tid, prøve, erfare, reflektere, prøve igjen og meistre – det er ein nøkkel til å handtere vaksenverda.

Eit av dei meste sentrale spørsmåla i heile skulesektoren er: Kvifor vert elevane sin motivasjon for skulearbeidet redusert med aukande alder?

I boka «Motivasjon for læring» (2015) freistar professorane Einar M. Skaalvik og Sidsel Skaalvik å gi svar. Den eine av hovudforklaringane er at elevane med aukande alder får fleire faglærarar, noko som vil seie at elevane får færre timar med kvar lærar. Dette kan føre til at elevane og lærarane ikkje kjenner kvarandre godt, og at samhandlinga mellom elev og lærar etter kvart blir avgrensa til skulefaglege forhold og eleven sine prestasjonar.

Professorane peikar også på ei anna forklaring: Elevane sine ønskjer og behov for fridom, autonomi og sosial tilhøyrsel aukar. Interessene vert utvida i ungdomsalderen, utan at skulen kan møte dette. Elevane sine interesser og behov harmonerer derfor stadig mindre med aktivitetane i skulen, slik at ungdomen fokuserer på andre ting enn det faglege arbeidet i skulen.

Ei tredje årsak er sosial samanlikning. Med aukande alder blir det fleire karakterar, og aukande samanlikning mellom elevane. Mange ungdom mister motivasjon når dei stadig opplever å prestere dårlegare enn andre.

På ein folkehøgskule gjenopplever ungdomane dei trygge psykososiale rammene, slik dei også hadde i barnehagen og barneskulen. Ofte er det eit par hovudlærarar som har undervisninga for eleven gjennom heile barneskulen. Ein lærar som sjølvsagt lærte deg faga, men som framfor alt var den trygge, relasjonelle vaksne som kjende deg, som viste kva du trong og korleis du kunne oppleve læring, meistring og motivasjon i eit trygt læringsmiljø. Strukturen og pedagogikken i barnehagen, barneskulen og folkehøgskulen gir særskilt gode føresetnader for sterke mellommenneskelege band.

På folkehøgskulane klarer vi i tillegg å kombinere ungdomen sine behov for fridom og nye interesser med sterk sosial tilhøyrsel. Her har dei trass alt valt skule og linjefag sjølv. På ein pensum- og eksamensfri skule står teoriane om indre motivasjon og meistringsforventning sentralt: Det å lære seg å tru at ein lukkast med oppgåvene.

Det å observere at andre ungdomar meistrar oppmuntrar til at resten av elevane i klassen lukkast. Elevane blir påverka av læringsmiljøet, samtidig som dei aktivt påverkar sitt eige miljø. Ungdomen blir, for å låne orda til Albert Bandura, agentar i eige liv.    

Ekstremsport kan vere eit verktøy for å oppnå visdom, mot, måtehald og respekt. Vi koplar omsorg og fridom med utfordring og fagleg meistring, der klasserommet kan vere eit varig verna vassdrag som også gir ei kjensle av opplevd risiko. Elevane må samarbeide for å komme ut av komfortsona, inn i utviklingssona og over i meistringssona.

Dette krev at vi jobbar med ei oppgåve over lengre tid, med tolmod og engasjement. Arild deler ikkje ut karakterar. Han byggjer karakter, for målet er danning.

Arbeidsmåten er mengder av tid, bøtter av omsorg, sterke relasjonelle band, faglege utfordringar, meistringsforventing og ungdommeleg fridom. Det er dette som er Arild sin metode.