Det ulmar under det norske demokratiet, og Siv Jensen ber ved til bålet, skriv Alfred Bjørlo. Foto: Lise Åserud, NTB scanpix

Er det så jævla farleg, då?

Debatt. Eg toler mykje, og eg kan vere skarp i replikken sjølv. Men éin regel prøver eg å vere konsekvent på: Eg sparkar aldri nedover.
8.5 2019 08:11
Sit du med makt, følgjer det med noko så uendeleg gammaldags og keisamt som eit ansvar.

Siv Jensen sin kommentar på Frps landsmøte om å «knuse disse jævla sosialistene» var ein dundrande suksess. Ho fekk glødd opp eigne parti-troppar. Ho fekk den politiske venstresida til å strø om seg med nye profilbilde på Facebook og hundretals av stolte sosialistar til å melde seg inn i SV. Ho fekk folk flest til å ta stilling for eller i mot: Mørkeblå eller mørkeraud: Vel grøft – no er det krig.

Og ho vart på toppen av alt hylla frå ekspertkorpset av politiske kommentatorar – som prøver å overgå kvarandre i å raljere over kor humørlaus ein må vere for ikkje å synst det er heilt greitt av ein partileiar på høgrefløya å bruke landsmøtet til å oppmode sine troppar til å knuse jævla sosialistar.

For ærleg talt: Er det så jævla farleg, då?

Ja, det er det. Fordi det akkurat no ulmar under det norske demokratiet. Og fordi Siv Jensen veit inderleg godt at ho ber ved til bålet. Ikkje berre ved det ho seier, men aller mest ved å seie det samtidig som ho bringar Sylvi Listhaug tilbake til regjering – berre eit år etter at Listhaug måtte forlate regjeringa på grunn av hatsk politisk retorikk mot dei same folka Siv Jensen no på humoristisk vis vil knuse.

For få veker sidan publiserte KS ei undersøking om hatefulle ytringar retta mot norske lokalpolitikarar. Det som kom fram der, var skremmande. Nesten halvparten av alle lokalpolitikarar har blitt trua eller fått retta mot seg personretta, hatefulle ytringar. Halvparten av desse har bestemt seg for eller vurderer å trekke seg frå vidare politisk engasjement. Dess yngre du er når du engasjerer deg politisk, dess verre er hetsen.

Dette er bakteppet for at alle landets ordførarar har gått saman om ein felles bodskap før lokalvalet: Valgløftet 2019. Der seier vi frå om at nok er nok – og at vi no alle har eit ansvar. Eit ansvar for å behandle kvarandre med respekt og vise gjensidig tillit i tida fram til lokalvalet i september. Å føre ein debatt utan hets, mobbing, trakassering, skjellsord og personangrep. At vi som ordførarar skal vere rollemodellar for dette, og at vi på det sterkaste oppmodar rikspolitikarane om å vere det same.

• Les også: «Knuse jævla sosialister» uakseptabelt

Kanskje er det kjedeleg. Kanskje er det humørlaust. Der får så vere. Eg toler mykje, og eg kan vere skarp i replikken sjølv. Men éin regel prøver eg å vere konsekvent på: Eg sparkar aldri nedover.

Som ordførar – og endå meir som regjeringsmedlem – er du i ein maktposisjon. Og som maktperson må du faktisk passe på kva du seier. Fordi du gjennom din posisjon er i stand til å sette makt bak orda, uendeleg mykje meir enn ein miljøaktivist, bompengeaktivist eller kvisete sosialist-spire som ropar «knus kapitalistsvina» i ein gatedemonstrasjon.

Sit du med makt, følgjer det med noko så uendeleg gammaldags og keisamt som eit ansvar. Det er du som set tonen. Det er du som må halde igjen, så ikkje den politiske debatten utartar og demokratiet forvitrar.

Eg trur eit sterkare lokaldemokrati er nøkkelen til å fornye demokratiet inn i framtida. Eg trur på kloke, rause lokalpolitikarar som er i stand til å samarbeide og finne løysingar på tvers av partigrenser. Som er i stand til å føre sine lokalsamfunn framover i lag.

Det er det lokalvalet 2019 bør handle om. Då treng vi minst mogleg grums og tull frå ein nasjonal politisk elite som prøver å blande seg – enten det er pengesterke organisasjonar som prøver å true lokalpolitikarar med økonomiske sanksjonar om dei ikkje dansar etter pipa frå Youngstorget (ref. Fellesforbundet), eller hissige mørkeblå partileiarar som leikar med elden – åtte år etter Utøya.

Det er demokratiet som står på spel. Og ja: Det er jævla farleg.

Innlegget ble først publisert i Bergens Tidende. Red.

Delta i debatten

Vi setter stor pris på at du deler ny kunnskap, dine egne erfaringer og diskuterer med oss og andre lesere. Du må bruke ditt fulle navn for å delta i debattene. Debatten vil bli moderert i tråd med de presseetiske regler. Modereringen skjer i etterkant av publiseringen.