Eg unner ungdommane ei god russetid. Som mobbeombod må eg derfor seie frå når eg høyrer om mange som opplever utrygge skulemiljø på grunn av den, skriv Anita Alnes Solevåg. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Skulen må ta meir ansvar for russetida

Debatt. For mange er russetida ei fantastisk feiring av 13 års skulegang saman med vener. Men for stadig fleire handlar denne tida om utanforskap.
15.5 2019 15:57
Eg etterlyser eit heilskapleg arbeid for ei russetid for alle.

Aldri er flokkmentaliteten synlegare og tydelegare enn når dei raud- og blåkledde fyller gatene på maidagar. Nettopp derfor er det også ekstra vondt for dei som opplever å vere ekskludert frå dette.

Tradisjonen tru vert russetida definert som fritid og noko som ikkje angår skulen. Men opplæringslova er skjerpa og seier klart at elevar har rett til eit trygt og godt læringsmiljø. Dette får konsekvensar for skulen og skuleeigaren – dei må ta eit større ansvar for russetida.

Eg unner ungdommane ei god russetid. Som mobbeombod for elevar i vidaregåande opplæring, må eg derfor seie frå når eg høyrer om mange som opplever utrygge skulemiljø på grunn av den. Vaksne som jobbar med ungdom her i Møre og Romsdal, fortel om stadig fleire som kjenner seg utanfor.

Tal frå Elevundersøkinga i fylket viser dessutan ei auke i mobbetala i overgangen mellom vg1 og vg2, og eg set desse mellom anna i samanheng med russetidsplanlegginga. Den begynner allereie i 1. klasse, ofte sett i gang av kommersielle aktørar som vil selje russeprodukt. Russegrupper vert oppretta tidleg. Og vert du ikkje inkludert då, kan dei to neste åra verte smertefulle. Nokre av ungdommane som kjenner seg utestengt på grunn av planlegging av russetida, seier dei ønsker å slutte på skulen.

92,8 prosent av alle ungdommar i Noreg mellom 16 og 18 år går i vidaregåande opplæring. Dette gjer skulen til ein særs viktig sosial arena. Å høyre til i denne fellesskapen av jamaldringar, er avgjerande.

I russetida vert det ekstra synleg om ein ikkje er inkludert. Utanforskap aukar risikoen for psykiske helseutfordringar, redusert læringsutbyte og negativ utvikling. Å verte utestengt av medelevar kan vere ei følgje av kampen om sosiale posisjonar. Dette skjer på skjulte og subtile måtar. Ekskluderingsmekanismar som baksnakking, ryktespreiing, latterleggjering og usynleggjering ser ein ofte når nokon vert utestengt frå fellesskapen.

Maktubalansen som oppstår gjennom desse mekanismane, er mobbing. Sjølvsagt påverkar dette læringsmiljøet.

Dessverre har skulen lange tradisjonar for å seie at russetida er elevane si fritid. Likevel får ungdommane aksept for å drive med russeaktivitetar i skuletida. Skulen vert gjennom ei utydeleg, nærast usynleg rolle med på legitimere at elevar vert utestengt.

Det er eit paradoks at andre offentlege aktørar som til dømes politiet, helsevesenet, biltilsynet og frivillige organisasjonar som Raudekrossen engasjerer seg for å gi ungdommane ei trygg og god russetid.

Hausten 2017 vart kap. 9A i opplæringslova skjerpa. Den seier at alle elevar har rett til eit trygt og godt læringsmiljø. Dette inneber rett til ein skulekvardag fri for krenkingar og eit skulemiljø som skal fremje helsa, trivselen og læringa til den enkelte.

Skulen skal oppfylle denne retten ved å ha nulltoleranse mot mobbing, vald, diskriminering, trakassering og andre krenkingar. Han skal arbeide aktivt og systematisk for eit inkluderande læringsmiljø.

Dersom ein elev opplever læringsmiljøet som utrygt, pliktar skulen å handle. Dette gjeld også om fritida påverkar læringsmiljøet. I rundskriv 3–2017 om skulemiljø frå Utdanningsdirektoratet heiter det: «Kap. 9A gjelder i utgangspunktet ikke på fritiden, men hvis eleven opplever noe på fritiden som gjør at de ikke har det trygt og godt på skolen, så må skolen likevel handle i henhold til aktivitetsplikten frem til eleven har det trygt og godt på skolen igjen.»

Når mange elevar opplever utrygge skulemiljø som følgje av russetidsplanlegginga, kan altså ikkje skuleeigar og skulane velje dette bort lenger. Dei må vere ein aktiv part i planlegginga av russetida for å sikre elevane sin rett til eit trygt og godt skulemiljø. I tillegg har skulen og skuleeigar eit særleg ansvar for å ta vare på sårbare elevar. Dette vert også presisert i kap. 9A.

Som følgje av denne skjerpinga i opplæringslova, går no stadig fleire fylkeskommunar ut og åtvarar mot gjengkultur og klikkdanning. Dette er nært knytt til russebussar og russebilar. Med ryggdekning i same lova har både Hordaland, Rogaland og Østfold fylkeskommunar sett i verk fleire tiltak for ei inkluderande russetid.

Eg støttar fylkesrådmannen i Østfold si innstilling om at russefeiringa har såpass stor innverknad på skulekvardagen at det kan vere nødvendig at skulane og skuleeigar tek enkelte grep for å sikre at feiringa er positiv, god og mobbefri for alle.

Det er på høg tid at skuleeigarar løftar problemstillinga opp og fram. Eg etterlyser eit heilskapleg arbeid for ei russetid for alle. Klare retningsliner for skulane og systematiske tiltak må på plass.

Alle avgangselevar i vidaregåande skule må få ei russetid der dei opplever fellesskapen – ikkje utanforskapen.

Delta i debatten

Vi setter stor pris på at du deler ny kunnskap, dine egne erfaringer og diskuterer med oss og andre lesere. Du må bruke ditt fulle navn for å delta i debattene. Debatten vil bli moderert i tråd med de presseetiske regler. Modereringen skjer i etterkant av publiseringen.