Vinje-ordføraren stiller spørsmål ved lovtolkinga frå Kommunaldepartementet om røystemåten ved ordførarval. Illustrasjonsfoto: Magnus K. Bjørke

Skriftleg ordførarval ulovleg?

Debatt. Eit brev frå departementet om korleis departementet les lova, skapar ikkje i seg sjølv ny rett.
25.10 2019 08:25
Eg saknar ei meir legitim avklaring.

I brev til Ulstein kommune frå 27. september skriv Kommunaldepartementet at skriftleg ordførarval er ulovleg. Dette har blitt omtalt i Kommunal Rapport og andre media som ei sanning. Eg stiller spørsmålsteikn ved dette.

Skriftleg røysting ved personval har vore ei heilt vanleg og lovleg måte å røyste på fram til oktober i år. Før kommunelova frå 1992, var dette ein lovleg røystemåte. Kommunelova frå 1992 kodifiserte gjeldande rett, slik at denne måten å røyste på blei omtalt i ein paragraf.

I lova frå 2018 blir ikkje røystemåten ved ordførarval nemnt i lovteksten. Det at det ikkje er nemnt, er ikkje det same som at det er ulovleg.

• Les også:
KS Advokatene: Skriftlig ordførervalg er lovlig
Skriftlig valg trenger ikke være ugyldig

Dersom meininga var å endre på ein lovleg røystemåte som har vore gjeldande rett før og under tidlegare lov, så ville ei lovendring som innfører eit forbod mot denne måten å røyste på blitt drøfta og grunngitt i førearbeida til lova. Det har den ikkje blitt. Det peikar i retning av at det ikkje har vore meint å endre på innhaldet i lova.

Dersom grunngivinga for å fjerne regelen er at politikarane skal ansvarleggjerast ved ordførarval, er det underleg at dei same politikarane ikkje treng å ansvarleggjerast ved høvetalsval til formannskapet. Ved høvetalsval skal røysting skje skriftleg om nokon krev det. Vidareføring av høve til skriftleg ordførarval gir harmoni i lova.

Eit brev frå departementet om korleis departementet les lova, skapar ikkje i seg sjølv ny rett. Det er Stortinget som er lovgivar, ikkje departementet.

Det er også spesielt følsamt når regjeringa på denne måten grip inn i ordførarval i kommunar med grunnlovsfesta sjølvstyre. Eg saknar ei meir legitim avklaring.

Delta i debatten

Vi overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!