Debatt

Dramatisk lågare elevtal gjer at vi må justere skuletilbodet
Vi ser allereie at stadig færre elevar og ein trongare økonomi vil gjere det vanskeleg å drive den vidaregåande opplæringa slik vi gjer i dag.
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning
Om 15 år er det 1.700 færre elevar enn i dag i dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal. Den kraftige nedgangen gjer det heilt nødvendig å sjå nærmare på både antal skular og på utdanningane vi tilbyr.
Dei demografiske utfordringane er noko som råkar oss alle saman. Her handlar det om at ungdomskulla blir kraftig redusert, og vi som innbyggarar i Møre og Romsdal, har eit felles ansvar for å sikre at den vidaregåande opplæringa er tilpassa framtidige generasjonar.
Utan å ta grep vil vi på sikt ikkje klare å gi elevane høg kvalitet i opplæringa.
Elevtalet har dei siste 30 åra gått ned med 1.000 – samtidig som talet på vidaregåande skular er nærmast halvert, frå 38 til 20.
Dei neste 15 åra er elevtalet forventa å gå ned med 1.700, frå dagens 9.000 til 7.300. Det sentrale spørsmålet er kva vi må gjere med skule- og tilbodsstrukturen.
Vi ser allereie at stadig færre elevar og ein trongare fylkeskommunal økonomi vil gjere det vanskeleg å drive den vidaregåande opplæringa slik vi gjer i dag. Dei statlege midlane vi får til å drifte skulane, er basert på elevtal, og når talet elevar går ned, får vi betydeleg mindre overføringar til skuledrift.
Kva nedgangen i inntekter konkret får å seie for antal skular og/eller tilbodet på skulane, skal vi no finne ut av. Men det blir heilt sikkert færre klassar og eit spørsmål om nokre skular skal ha færre tilbod enn dei har i dag.
Vi må også tilpasse bygga våre til færre elevar, slik at vi ikkje brukar pengar på å drifte tomme skulebygg.
Den demografiske utviklinga tvingar fylkeskommunar rundt om i Noreg til å gjere endringar. Innlandet og Østfold har allereie vedtatt endringar i skule- og tilbodsstrukturen på grunn av stor nedgang i talet på elevar framover.
Møre og Romsdal og fleire andre fylkeskommunar ser at dei må gjere noko. Utan å ta grep vil vi på sikt ikkje klare å gi elevane høg kvalitet i opplæringa.
Sist desember vedtok fylkestinget at ny skule- og tilbodsstruktur må utgreiast, og den prosessen er starta no. Vedtaket peika på fleire omsyn som det er viktig å ta med i samband med utgreiinga.
For å få innspel til korleis ein ny struktur påverkar
samfunnet, vil vi ha dialog med innbyggarar, organisasjonar og næringsliv. I
løpet av våren inviterer vi til opne innspels- og dialogmøte ute i
inntaksregionane.
I ei så omfattande og viktig sak for heile fylket, inviterer vi også til skriftleg medverknad. Vi ber særleg kommunar om allereie no å planlegge for å komme med høyringsinnspel.
Når høyringsinnspela er gjennomgått, skal fylkeskommunedirektøren i oktober levere politisk sak med forslag om korleis ein ny skule- og tilbodsstruktur kan bli.
I oktober og november skal fylkeskommunale råd og utval behandle saka, før fylkestinget gjer endeleg vedtak 9. og 10. desember.