Men all mat er ikkje grå. Det finst heldigvis matglede i ein god del kommunar, skriv Britt Glosvik i denne kommentaren. Foto: Britt Glosvik
Men all mat er ikkje grå. Det finst heldigvis matglede i ein god del kommunar, skriv Britt Glosvik i denne kommentaren. Foto: Britt Glosvik
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kommentar
Kommentarer gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Matvett på menyen

Langreiste, dvaske pølser, seig potetmos og grågrøne erter som ligg og duppar i feitt? Nei, takk.

​Om det no faktisk blir slik at det er eg som om tretti år sit der ved eit institusjonsbord og ventar på middagen, så håpar eg at matvettet har trumfa anbod, storkjøkken, langreist oppattvarma mat og seig potetmos​

Om tretti år kan eg vere ein av dei som sit ved eit bord på ein sjukeheim og ventar på å få middagen servert. Det er ikkje sikkert at eg hugsar så godt at eg har skrive dette, men eg er truleg framleis ganske glad i god mat, sidan matlysta er det siste som forlèt oss i mi slekt.

For nokre veker sidan kom det fram at middagsmaten 220 eldre i Sola får servert frå kommunen er produsert i Bergen og køyrd i lastebil over 200 kilometer før den blir distribuert ut til brukarane. Dette svarar til åtte tonn CO2-utslepp årleg, ifølge Cicero.

I ei rundspørjing Kommunal Rapport gjorde tidlegare i år, svarte 25 prosent av kommunane at dei produserte middagane på sentralkjøkken, noko som igjen betyr at mykje av maten blir plastpakka, stabla, lagra, for deretter å få seg ein køyretur fram til målet: Brukaren, mottakaren, pasienten, bebuaren, klienten, gjesten. Hjelpetrengande gamle har mange titlar. 

Vi har alle lese skrekkhistoriene om eldre som må vente eit halvt døgn utan å få mat fordi den blir servert når det er flest folk på jobb, ikkje når dei gamle er svoltne. Vi har også sett bileter av dvaske pølser, seig potetmos og grågrøne erter som ligg og duppar i feitt. Og mange av oss har også sett mat som blir levert halvlunka på døra heime hos folk. Fargelaus mat som er bura inne i plast og som må varmast opp endå ein gong, i mikrobølgeomnen, før den med god fantasi kan kallast middag. 

Ein kan miste matlysta av mindre. 

Men all mat er ikkje grå. Det finst heldigvis matglede i ein god del kommunar. Eg er så heldig at eg har fått besøke sjukeheimar og institusjonar der dei tilsette på kjøkkena og i avdelingane har yrkesstoltheit. Dei legg mykje av sjela si i å lage god mat frå grunnen, og å presentere den slik at ein får lyst å ete den. Dei tenkjer lokalprodusert og rein mat. Dei tenker fargar og selskap og glede rundt bordet. Dei tenker på dei som ikkje kan tygge, på dei som har mista lysta på mat. På dei som ein gong sjølv la sjela si i å lage og servere god mat til familien sin. Brukaren. Mottakaren. Pasienten. Bebuaren. Klienten. Gjesten. 

På Nygård sykehjem i Sandefjord jobbar dei med molekylær gastronomi - å gjere maten lett å tygge utan at den mistar smak. På Sundheim bo- og aktivitetssenter i Nord-Fron går kjøkkensjefen sin daglege runde på avdelingane og snakkar med bebuarane om mat, spør kva dei vil ha, korleis maten smakte. På Solborg bo- og aktiviseringssenter i Ski har dei gjort enkle grep som å lage eit hefte med bileter av norske middagsrettar. Slik veit alle dei tilsette uansett kva land dei kjem frå korleis maten skal sjå ut og kor store porsjonane skal vere. I Gloppen kan heimebuande velje mellom ulike rettar kvar dag, og menyen varierer etter sesong.

Så om det no faktisk blir slik at det er eg som om tretti år sit der ved eit institusjonsbord og ventar på middagen, så håpar eg at matvettet har trumfa anbod, storkjøkken, langreist oppattvarma mat og seig potetmos. Eg vil kjenne matlukta sige imot meg frå den opne kjøkkendøra, eg vil kunne kikke inn til kokkane og kanskje gi dei nokre velmeinte kjerringråd, og eg vil vite at maten eg får på tallerkenen er basert på gode, lokale råvarer, at den ikkje har vore pakka i plast og reist hundrevis av kilometer etter at den blei laga. Og så vil eg ha middagen min servert ein gong sånn om lag klokka 18, og ja, takk, gjerne eit glas vin til. Eg er ikkje så glad i søt, raud saft.