Leiinga i Fredrikstad svikta ved fleire høve. Det står att å sjå om heile kommunestyret, med ordførar Jon-Ivar Nygård (Ap) i spissen, kan samle seg om ei unnskyldning, skriv Ole Petter Pedersen. Foto: Terje Lien
Leiinga i Fredrikstad svikta ved fleire høve. Det står att å sjå om heile kommunestyret, med ordførar Jon-Ivar Nygård (Ap) i spissen, kan samle seg om ei unnskyldning, skriv Ole Petter Pedersen. Foto: Terje Lien
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kommentar
Kommentarer gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kvifor «unnskyld» sit så langt inne

I sommar kan det skje: Ordet «unnskyld» kan bli nytta i eit kommunestyrevedtak.

No kan det hende at politikarane i det minste kan klare å avslutte ei skandalesak på ein god måte.

«It’s a sad, sad situation
And it’s getting more and more absurd»

Slik går to av linjene i Bernie Taupin og Joe Cockers klassikar «Sorry seems to be the hardest word».

Kan hende bør songen inn som obligatorisk startinnslag på folkevaldopplæringa til KS. Sjølv om dei to skreiv om kjærleiken, passar teksten godt til Kommune-Norge. For det er nesten ikkje til å tru, korleis utviklinga har vore i nokre av dei største sakene i kommunesektoren det siste året.

Særleg er det no trøbbel i Sandefjord, kor konstituert rådmann nummer to etter få veker i stillinga sa «unnskyld» til kommuneadvokaten, etter ei sak som har ridd kommunen som ei mare sidan før samanslåinga i fjor. Det skulle han ikkje ha gjort, meinte politikarane, som såg raudt. For her var det ikkje snakk om å beklage noko, sidan det ikkje fanst nokon i saka som ikkje var frie for skyld. «Unnskyld» er definitivt ikkje eit ord som skal nyttast i utide der i garden.

Etter mi meining, sett utanfrå, har konflikten i Sandefjord lenge hatt meir preg av å vere ein konflikt om korleis rådmannen skulle organisere administrasjonen, enn ei tradisjonell sak om varsling. Kommuneadvokaten har vore misnøgd, og sagt høgt og tydeleg frå om det. Men uansett bakgrunn har politisk leiing tilsynelatande ikkje klart å handtere saka godt nok. Det har vore ei viktig forklaring på at Sandefjord på kort tid har tapt svært mykje av omdømmet som ein godt driven kommune.

Likevel: Det er ikkje tvil om at den som starta saka, må få høve til å gå vidare i karrieren. Kan det tenkast at eit «unnskyld» frå kommunestyret, kunne hjelpe?

Å seie «unnskyld» er ikkje det same som å seie «du hadde rett i alt». Å seie «unnskyld» handlar meir om å sjå mennesket i den store, årelange krangelen som har kosta millionar av kroner og tappa organisasjonen for leiarar og energi. «Unnskyld, me takla dette dårleg», er rett og slett å manne eller kvinne seg opp og vise ein grad av audmjukskap.

Noko «unnskyld» har heller ikkje Ragnar Holvik, spesialrådgivaren i Grimstad, fått formelt frå politikarane, for korleis han vart møtt då han sette kontrollutvalet på sporet av massive brot på innkjøpsreglane.

Eg veit at nokre få politikarar har bede om orsaking privat ovanfor Holvik. Sjølv om det sikkert er ei lita trøyst at nokre bryr seg privat, er det likevel langt unna det mange varslarar og andre som hamnar i offentleg strid, verkeleg treng: Ei offentleg unnskyldning som ikkje kan misforståast. Ikkje ei slik moderne, PR-driven melding om at «eg er lei for at du vart såra». Eller «om nokon skulle ha blitt såra av det eg sa, noko som ikkje var intensjonen, er eg lei for at dei blei såra».

Eit manglande «unnskyld» kan smerte for den det gjeld, men eit uekte unnskyld kan skade meir enn det legar, skriv psykolog Marianne Østby i Lørenskog i eit innlegg eg fann då eg lette etter «kommunestyret unnskyld» på Google. Det var ikkje så mange treff.

Fleire er nok redde for at det å seie «unnskyld» kan bli utnytta i eit seinare søksmål, og kan sjåast som at ein erkjenner eit erstatningsansvar eller straffskyld. Men ansvarlege politikarar og kommunetoppar kan ikkje vere så redde for å vise sine menneskelege sider. «Unnskyld» er ikkje noko juridisk omgrep som gir rett til erstatning. Det er ei erkjenning av at ein gjorde noko gale. Uansett kva motivet var.

I Fredrikstad kunne ikkje setterådmannen tilrå ei unnskyldning, av di han ikkje hadde snakka med varslarane og ikkje visste kva tiltak dei ønskte. Men så, heilt til slutt, fant politikarane igjen ryggrada og moralen.

«Bystyret takker varslerne for at de varslet om kritikkverdige forhold i Fredrikstad kommune, og ber på det sterkeste varslerne om unnskyldning for det de har blitt utsatt for i forbindelse med deres varslinger. Bystyret tar avstand fra den personalhåndteringen som framkommer gjennom granskningsrapportene, og forventer at nye rutiner skal forhindre at noe liknende kan skje igjen.» Slik er ordlyden i innstilling til kommunestyret, fatta av fleirtalet i formannskapet.

Leiinga i Fredrikstad svikta ved fleire høve, kan me lese i granskingsrapportane etter dei ulike varslingane. Men no kan det hende at politikarane i det minste kan klare å avslutte ei skandalesak på ein god måte. Det står att å sjå om heile kommunestyret kan samle seg om denne unnskyldninga neste veke. Noko anna vil eigentleg vere absurd.