Illustrasjon: Sven Tveit
Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Gale, men godt for noko?

La det vere sagt; eg har lita tru på Sanner og hans ihuga fylkesmannsvenner sin iver etter å lage størst mogleg kommunar og fylkjer her i landet.

For kvar gong tillita vert broten, set det seg som ei negativ røynsle i oss, og grunnlaget for tillita vert svekka.

Eg har lite tru på at det vert nemneverdig vellukka, og enno mindre tru har eg på argumenta dei nyttar for å forfekte sitt politiske prosjekt.

Men la no det ligge, la oss tenke litt meir ope om kva som likevel kan skje om me no lagar store kommunar og legg administrasjonen lengst mogleg vekk frå folk.

Prosessen så langt har vore det ein mildt sagt kan kalle lite tillitvekkande. Frå fyrst å ha appellert til friviljugheit for så seinare å innføre økonomisk pisk gjennom den nye inntektsfordelinga, var ei uheldig dreiing av prosessen.

Men enno meir uheldig er det aktivt å ignorere resultata frå folkerøystingane, for så å legge opp til ein statleg dirigert tvang mot ein struktur som til dels overgår dei mest ambisiøse alternativa det vart røysta om.

Ein ting er at det svekkar tillita til den sitjande regjeringa, det i seg sjølv er neppe ei ulempe, men verre er det at misstillita set seg i folket og reduserer tillitsgrunnlaget også til framtidige regjeringar og politikarar på alle nivå. For slik er mennesket laga, me er sosiale, og evnene våre til å få til ei positiv sosial utvikling sviv kring tre kjerneomgrep, nemleg; tillit, gjengjelding og røynsler.

Me kan sjå det slik at i utgangspunktet er me føydd tillitsfulle. Me møter livet med ei positiv innstilling til andre menneskjer og stolar på at dei me møter også stiller seg positive til oss, altså; at dei me møter gjengjelder tillita me møter dei med. For kvar gong dei gjere det, styrkjer det grunnlaget for tillita til dei me har møtt før og til dei me aldri før har møtt.

Men for kvar gong tillita vert broten, set det seg som ei negativ røynsle i oss, og grunnlaget for tillita vert svekka. Summen av dette «triangelet» – tillit, gjengjelding og røynsler – utgjer samfunnets sosiale kapital. Høg sosial kapital gjer eit samfunn sterkt og set oss i stand til å samarbeide om å skape kollektive gode, som mellom anna velferdsgode, og til å tole kriser.

Men innan ein delar av samfunnsfaga, særleg statsvitskapen og økonomifaget, har det etablert seg ei forståing om at me menneskjer er hjelpelaust fanga i sosiale dilemma. I kjølvatnet etter viktige teoretiske bidrag frå profilar som Mancur Olson, Garret Hardin og ei rekkje andre, sette den same forståinga seg også tungt hjå politikarar og byråkratar.

I dag er det meste av forvaltinga gjennomsyra av ideen om at skal me greie å skape og ivareta kollektive gode, treng myndigheitene ta sterk kontroll. Folk er rett og slett ikkje i stand til å forvalte seg sjølve utan «hjelp» (les sterk styring) frå stat og kommune.

Men etter kvart som myndigheitene tok meir og meir av ansvaret for forvaltinga av fellesgoda våre, oppstod det også ein diskusjon om at dei typiske velferdsstatane lei av ei sokalla «crowding out» effekt. For mange, særleg amerikanske samfunnsforskarar, meinte å sjå at me skandinavar hadde blitt litt for godt vane til at stat og kommune tok ansvaret, og den vanen hadde fortrengt grunnlaget for lokale initiativ for fellesgodeproduksjon. Me gjorde så godt som ingenting for den kollektive velferda sjølve, meinte dei, me berre ropte på kommune og stat.

Medan mesta alle amerikanarar er eller har vore involvert i friviljug lokalsamfunnsarbeid i store delar av livet sitt, set me skandinavar oss til å rope på stat og kommune om det trengst etablerast ein leikeplass i lokalsamfunnet eller i fall eit gjerde kring skuleplassen treng vølast.

Forklaringa på det manglande lokalsamfunnsengasjementet er at me har for høg tillit til politikarar og forvalting, og at det igjen altså fortrenger grunnlaget for lokale initiativ for fellesgodeproduksjon.

No skal det seiast at det har vore vanskeleg å finne empiriske prov for dette teoretiske resonnementet, men kanskje har Sanner og hans våpendragarar opna ei gullgruve for samfunnsforskarar som ønskjer å fordjupe seg i forskingsfeltet sosial kapital og crowding out-effekten.

Her blenkjer det kanskje ein økonomipris frå den svenske riksbanken til minne om Alfred Nobel for norske sosiologar, statsvitarar og økonomar. For som kjent, ingenting er så gale at det ikkje er godt for noko.