Illustrasjon: Sven Tveit
Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Regional motmakt – regional avmakt

Finst det ein reell politisk vilje til å fylle dei nye regionane med innhald?

Alt tyder på at regionreforma av 2017 er langt veikare politisk forankra enn kva fylkesreformene var i 1975.

Om berre nokre få veker vert regionreforma etter alle solemerke vedteken av Stortinget. Dei berømte «cirka ti» folkevalde regionane skal etablerast ved nyttår 2020, naturlegvis under føresetnad av at ingen i mellomtida har gjort alvor av trugsmålet (eller lovnaden) om reversering.

Kva slags vesen vert så denne regionen? Vert han ein institusjon med kraft og autoritet? Vert han noko meir enn ein storvaksen fylkeskommune?

Så langt veit vi lite om dette. Sjølv om proposisjonen som kom frå regjeringa straks før påske, gir meir handfast kunnskap enn vi hadde tidlegare, og sjølv om retorikken kan gi inntrykk av at ei markant opprusting av det regionale sjølvstyret er i kjømda, må ein nøkternt kunne slå fast at alle lovnader om vesentleg auka makt og ansvar så langt er av det halvkvedne slaget.

Regionreforma er fyrst og fremst ei reform i rammeverket kring det folkevalde mellomnivået, ikkje i funksjons- og maktfordelinga. Å fylle regionane med innhald er ei oppgåve for framtida.

Prinsippet er altså: Systemet fyrst, substansen seinare. Situasjonen er såleis på mange måtar lik den vi hadde for drygt 40 år sidan, då «den nye fylkeskommunen» vart fødd. Også dette var ei reform i rammeverket, den gong akkompagnert av slagord om demokratisering, desentralisering og effektivisering.

Ambisjonane knytt til innhaldet i verksemda var diffuse. Ingen visste konkret kva fylkeskommunen skulle drive på med, utover det han dreiv på med frå før. Institusjonen hadde på dette tidspunktet allereie gått gjennom ein veldig ekspansjon, med tydeleggjort ansvar m.a. innan helse, utdanning og samferdsel.

Men at han skulle gjere meir; ja, at han skulle gjere mykje meir, var opplagt. Fylkeskommunen skulle, som det den gong vart uttrykt, verte ein «mer betydningsfull politisk enhet» og få tilført «betydelige arbeidsoppgaver». Alt ville gå seg til, berre ein tok tida til hjelp.

Men tida var ingen hjelpar. Fylkeskommunen fekk ei økonomisk krise i fleisen i andre halvdel av 1970-åra, og lovnadene om fleire og meir interessante gjeremål vart i hovudsak ikkje innfridde. Motkreftene viste seg å vere for sterke.

Statlege sektorar hadde ikkje det minste lyst til å gi frå seg oppgåver med tilhøyrande makt, og kommunane stod beinhardt på kravet om at fylkeskommunen ikkje skulle verte ein «overkommune», altså at han skulle utøve makt som kommunane måtte underordne seg.

Det viste seg at den rikspolitiske viljen til å byggje opp fylkeskommunen som slagkraftig aktør, ikkje var så sterk når alt kom til alt. Entusiasmen for regional folkevalt makt var størst på det abstrakte og retoriske planet, og svalna dess meir handfaste planane om maktoverføring vart.

Ved tusenårsskiftet forsvann ansvaret for spesialisthelsetenesta, som utgjorde brorparten av dei fylkeskommunale budsjetta.

Eg er samd med dei som hevdar at fylkeskommunane ut frå føresetnadene har fått utretta imponerande mykje, men det er gjerne ei fattig trøyst. I etterpåklokskapens lys må ein seie at det skjedde langt meir dei 15 åra før 1975 for å gjere institusjonen meir «betydningsfull», enn i dei drygt 40 åra etter.

Er så den politiske viljen til å skape eit slagkraftig, folkevalt mellomnivå til stades i dag – og er viljen sterk nok til å overvinne motkreftene?

Det vil berre framtida kunne gi klart svar på, men historiske røynsler gir grunn til nøktern pessimisme. Alt tyder i alle høve på at regionreforma av 2017 er langt veikare politisk forankra enn kva fylkesreformene var i 1975, og at motkreftene er minst like sterke.

Regionreforma får fleirtal fordi ho inngår i ei større politisk pakkeløysing. Ho vert fronta av ei regjering som eigentleg er imot, og dei som bur seg på å overta regjeringsmakta frå hausten av, lovar å legge reforma død.

Kva dei enkelte parti og politikarar eigentleg meiner om regionreforma, er forresten delvis eit mysterium. For den same aktøren som står fram som nyfrelst føderalist – regionar må vi ha, dei må vere store og sterke, for berre på den måten kan vi verkeleg få etablert ei motmakt til «Oslo-makta»! – kan i neste andedrag insistere på at han eigentleg vil ha ein tonivåmodell, og at regionreforma er eit steg på vegen til ei avskaffing av mellomnivået.

Kva norske rikspolitikarar eigentleg meiner om regionen, fekk vi truleg demonstrert fjor vår. Då vart det kommunale sjølvstyret grunnlovfesta, men under ein uttrykkeleg føresetnad om at denne statushevinga berre gjaldt dei enkelte kommunane, «ingen andre lokale ordninger, samarbeidskonstruksjoner eller forvaltningsnivåer» – og såleis heller ikkje nye regionar.

Heilt sidan fylkesreformene i 1970-åra hadde det vore eit grunnleggande prinsipp at fylkeskommunar og kommunar skulle vere «sidestilte politiske og forvaltningsmessige enheter».

Dette prinsippet vart no kassert. Eit nesten samla storting bestemte at kommunane skulle rykke opp i eliteserien, mens regionane var dømde til eit liv i Obos-ligaen. Det ville neppe ha skjedd om norske parlamentarikarar var overtydde regionalistar.