Illustrasjon: Sven Tveit
Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Den kommunale x-faktoren

Tårene triller på Leka og i Bindal, men denne gongen er det gledestårer. Kommunane er sikra vidare eksistens, kvar for seg. Men har kjenslene noko i kommunereforma å gjere?

Har ikkje innbyggjarar og lokalpolitikarar vore altfor lette offer for argument som appellerer til kjenslelivet?

Lisbeth Berg-Hansen stilte demonstrativt med nordlandsbunad til stortingsmøtet i sommar då eit knappast mogleg fleirtal vedtok å tvangssamanslå og tvangstrøndifisere heimkommunen hennar, Bindal.

«Min siste dag som nordlending», konstaterte ho sårt overfor pressa.

Heller ikkje ordførar Per Helge Johansen i Leka – éin av dei tre namdalskommunane Bindal vart slått saman med – brann inne med dei bitre kjenslene. «Katastrofe» og «overgrep», var ord han greip til for å skildre stortingsvedtaket.

Men etter 166 dagar og eit stortingsval kom gladmeldinga: Stortingsfleirtalet opnar for reversering. Katastrofen var no snudd til «full glede og seiersrus», og ordførar Johansen heiste sigersfanen, det raude kommuneflagget med den gule ørnekloa, heilt til topps. Både Leka og Bindal held fram som eigne kommunar etter 2020.

Vi har sett heile kjensleregisteret i denne kommunereforma, frå det svartaste mismot til den mest skinande gleda. Engasjementet har rett nok vore høgst ujamt fordelt. Nokre stader i landet har kommunereforma møtt ein gjesp og eit skulderløft – I couldn’t care less!

Men i ei lang rekke lokalsamfunn, som nettopp på Leka og i Bindal, ligg emosjonane i tjukke lag. Utfallet av kommunereforma handlar ikkje berre om korleis dei materielle interessene dine vert varetekne, men synest mange stader å vere eit tilnærma eksistensielt spørsmål.

Skal ein lytte til hjartet i saker som har med kommunalstyring og politisk–administrativ reform å gjere?

Eg vil tippe at det finst ein del der ute som vil svare kategorisk nei på eit slikt spørsmål, spesielt blant dei som hadde ønskt seg ei endå meir omfattande kommunereform.

For er ikkje det eigentlege problemet at det har vore altfor lite rom for fornuft og kjølig analyse i denne reforma?

Har ikkje innbyggjarar og lokalpolitikarar vore altfor lette offer for argument som appellerer til kjenslelivet, og litt for lite interesserte i å tenke gjennom kva som tener interessene deira på lengre sikt?

Om retningsval skal baserast på kjensler og førestillingar om kva som er «naturlege» fellesskap, inneber ikkje dette at ein vel det gamle og trygge framfor det nye og innovative?

Ville ikkje landet ha fått ein fornuftig kommunestruktur om folk berre tenkte – ja, nettopp – fornuftig?

Eg ser ikkje vekk frå at det til ein viss grad er råd å lese kampen om kommunereforma som ein tvikamp mellom «fornuft» og «kjensler». Men så vidt eg veit, finst det ikkje forsking som dokumenterer nokon systematisk skilnad mellom innslag av «fornuft» og «kjensler» blant aktørar i reformprosessen, nasjonalt og lokalt.

Freistnader på å gjennomføre ein slik studie trur eg ville falle til jorda ganske raskt. For kven skulle kunne stille seg til doms og sortere ut kva argument og motiv som har opphav høvesvis i hjartet og i hjernen?

I realiteten er det alt anna enn fornuftig å definere vekk kjenslene som ei legitim kjelde til kunnskap når ein diskuterer kvar grensene skal gå. Førestillingar om kven vi høyrer saman med og kven vi ikkje høyrer saman med, inngår ikkje i det dei fleste av oss oppfattar som eksakt vitskap.

Men i realiteten kan slike x-faktorar ha like stor vekt som meir handfaste forhold, til dømes knytt til geografi og økonomi – ikkje berre i sjølve kommuneinndelingsdebatten, men også etter at dei nye kommunane er etablerte.

Ei emosjonell tilknyting til kommunen er viktig for engasjement og samkjensle og dermed også for legitimiteten og funksjonaliteten til det nye.

Vabo-utvalet som utarbeidde det faglege grunnlaget for kommunereforma, skreiv ikkje eit einaste ord om kjensler. Men dei framhevar det dei omtalar som lokal identitet, som for ein stor del dekker det same – og gir det endåtil status som eitt av 12 ulike kriterium for at ein kommune skal vere velfungerande.

Har dei 47 nye kommunane som reforma har gitt oss, ein sterkt utvikla lokal identitet? Kjenner innbyggjarane seg som del av eit fellesskap?

Svaret kan kanskje i mange tilfelle vere nedslåande. Nokre konstellasjonar fortener gjerne endåtil merkelappen fornuftsekteskap.

Men det positive er: Alle lokale fellesskap var nye ein gong, og alle lokale identitetar er i ein viss forstand konstruerte. Om x-faktoren ikkje er der frå starten av, kan han utviklast – spesielt om ein arbeider målretta, og tek tida til hjelp.