Illustrasjon: Sven Tveit

My name is Sue. How do you do?

Kronikk. Ikkje anar eg kven er opphavet til ordtaket «namnet skjemmer ingen». Men vedkomande tok skammeleg feil.  
2.2 2018 07:56
Motiva bak eit namneval kan vere så mange, og er ikkje alltid så enkle å gjennomskode.

Skal det nye fylket av Hordaland og Sogn og Fjordane ha namnet Vestlandet?

Eg høyrer til blant dei som har uttalt meg sterkt kritisk til dette framlegget, som skal opp i Stortinget til våren. Ikkje berre halverer vi Vestlandet, og stel regionnamnet frå grannar både nord og sør for oss. Vi øydelegg også sjølve språket, der «Vestlandet» fungerer som ein gjengs referanse til heile området frå Dalane til sør til Romsdalsfjorden i nord.

Det eigentlege og den nye forståinga av kva «Vestlandet» er, kan ikkje i det lange løp fungere side om side. På sikt er det truleg det nye, halverte «Vestlandet» som vinn fram.

Namneendringar er eit høgaktuelt tema i kvardagen min, for også min eigen arbeidsplass er inne i ein fusjonsprosess og må ha nytt namn. Etter at det nye storbyuniversitetet i Oslo før jul tok namnet OsloMet, sat eg med ei kjensle av at vi kunne forvente det meste.

Og under lunsjen for eit par veker sidan tikka meldinga inn: Den nye, fusjonerte eininga av forskingsinstitusjonar i Bergen, Stavanger og Kristiansand får namnet Norce.

Forvirringa var stor då eg og kollegaene mine fyrst fekk høyre namnet. Korleis skal det uttalast? Nårs, nårse, nårsi, norke?

Det var gapande munnar, nervøs latter og tilløp til skamraudne kring lunsjbordet. For å få ei forklaring, heiv vi oss over grunngjevinga frå styret og dei to konsulentselskapa som i fellesskap hadde klekka ut namnet.

Jau, det spelar på det engelske «norse» for «norrønt». Det er eit akronym som syner at vi er eit norsk- eller nordiskbasert, internasjonalt research centre, og såleis «opprinnelig», men òg «fremtidsrettet, moderne og kraftfullt».

Ordet har «internasjonal klangbunn», og det «gjenspeiler at en stor del av våre ansatte er engelskspråklige». Og ambisjonsnivået er bygd inn i namnet, som i vedhenget slår fast at vi er «A Pioneer within Norwegian Research and Innovation». Og i Føretaksregisteret, for dei som snokar der, er vi Norwegian Research Centre AS, ikkje noko mindre.

Motiva bak eit namneval kan vere så mange, og er ikkje alltid så enkle å gjennomskode. I «A Boy Named Sue» syng Johnny Cash om guten som veks seg stor og sterk, og er fast bestemt på å hemne seg grusamt på far sin, som var den som gav han det forsmedeleg feminine namnet før han stakk av frå familien.

Sue og faren møtest i ein gamal saloon, slåstkampen vert vill, og faren må til slutt gje tapt. Framfor geværmunningen forklarar han så kvifor han gav guten eit jentenamn. Med dette namnet ville guten måtte kjempe seg gjennom livet, og dermed herdast: «I knew you’d have to get tough or die, and it’s the name that helped to make you strong.»

Namnet Sue viste seg å vere eit uttrykk for faderleg omsorg for ein gut som måtte klare seg sjølv.

Eg kjenner meg att i Sue. Ikkje slik å forstå at eg trur namnet er gjeve for at vi skal «get tough or die», men eg legg ikkje skjul på at eg i likskap med Sue har kjent på skamma over namnet Norce og over forklaringa som ligg til grunn. Eg har ei låg toleransegrense for det eg oppfattar som tanketom anglifisering, kulturhistorisk medvitsløyse og høgtsvevande management-språk, og grip sikkert altfor raskt til sarkasmen.

Eit par hundre meter frå hovudkontoret til framtidige Norce ligg Media City Bergen, og kanskje kan vi forskarar og journalistar i fellesskap gjere oss lystelege over trauste «Statens vegvesen» som ligg midt imellom oss. Kva driv dei med, liksom?

Samstundes har eg, også det i likskap med Sue, sikkert godt av å reflektere over kva som eigentleg får meg til å skamme meg. «Norce» er då berre eit namn? Kan det vere at eg i likskap med mange andre nordmenn har ei ibuande frykt for å bli oppfatta som pretensiøs?

Det er i grunn eit snobberi: Vi vil ikkje sjå inn i spegelen og møte blikket til Aune Sand. Vi vil meir enn gjerne bli oppfatta som innovative og kompetente, men vi kan for all del ikkje seie det sjølve. Vi må ha nokon til å seie det om oss.

Eg har god tru på at både eg og kollegaene mine, om vi berre får litt tid på oss, vil lære oss å like det framandarta Norce – at det vert eit namn vi er stolte over, fordi det er uløyseleg knytt til eit arbeidsmiljø vi er glade i og det vi saman klarar å prestere.

Då har eg faktisk mindre tru på at eg nokon gong skal kjenne meg komfortabel med å vere busett på det halverte «Vestlandet», nettopp fordi eg som vestlending identifiserer meg tett til namnet og til heile landsdelen. Dette er eit namn vi i tilfelle, med Stortingets velsigning, vil ha stole frå sunnmøringar, ryfylkingar og andre som har like stor rett på det som vi. Eg kjenner allereie på kjensla av skam.

Delta i debatten

Kommentarfeltet er stengt til 23. juli. Velkommen tilbake da!