Illustrasjon: Sven Tveit

Nye kommunar – nye namn

Kronikk. I januar 2020 vil 121 av dei norske kommunane vera slått saman til 47 nye kommunar, og 15 av fylka skal bli til sju. Då blir namn viktig!
9.2 2018 08:36
Framlegg som Romsdal og Fjord som kommunenamn, har ikkje fått støtte herfrå.

Dei fleste kommunane har funne fram til namn som både dei sjølve, Språkrådet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet er nøgde med. For fylkesnamna har det av forståelege grunnar vore fleire skjær i sjøen.

Språkrådet meiner at Tønsberg, Senja og Indre Fosen er gode kommunenamn, men framlegg som Romsdal og Fjord har ikkje fått støtte herfrå.

Fylkesnamnet Trøndelag var eit opplagt val, mens Språkrådet har støtta innvendingane mot at namnet Vestlandet skal gjelda berre to av fire vestlandsfylke.

Etter kommunelova skal endring i eit kommunenamn avgjerast av Kongen, i praksis av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dessutan «skal uttalelse innhentes fra den eller de berørte kommuner», det vil seia at kommunane sjølve gjer eit namnevedtak før det blir sendt til departementet.

Det finst ei eiga lov om forandring av rikets inndelingsnavn, altså fylkesnamn. Det er Stortinget som vedtar fylkesnamn, men fylkeskommunane gjer òg namnevedtak i forkant.

Kommune- og fylkesnamn er språklege kulturminne på linje med andre stadnamn, og i lov om stadnamn har me som hovudprinsipp «å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne».

Når kommunane vedtar eit namn som ikkje er kommunenamn i dag, eller er ueinige om namnevalet, skal dei innhenta ei fråsegn frå Språkrådet. Me har gjeve konkrete råd og svar i ei rekkje saker.

Samanslåingane av kommunar utfordrar prinsippet om ta vare på stadnamn, for eitt eller fleire av namna vil openbert bli borte. Prinsippet kan likevel følgjast på ulike måtar.

Det vanlegaste både i denne og tidlegare kommunereformer er at eitt av dei eksisterande kommunenamna blir brukt vidare som felles namn, særleg når bykommunar blir slått saman med omkringliggjande kommunar.

Tønsberg var namnet etter samanslåinga med Sem i 1988 og vil framleis vera det når Re blir med i 2020. Tilsvarande vil kjende bynamn som Trondheim (slått saman med Klæbu) og Kristiansand (med Songdalen og Søgne) finnast på kartet òg i 2020.

I nokre tilfelle kan det vera ønskjeleg å finna eit nøytralt namn. Eit godt eksempel er det tradisjonelle inndelingsnamnet Ringerike, som i 1964 blei valt for Buskerud-kommunane Hole, Tyristrand, Hønefoss, Norderhov og Ådal.

Dei siste åra har mange vurdert å ta i bruk områdenamn, gjerne sjølv om det dekkjer fleire kommunar enn dei som har slått seg saman.

Ei stund var det drøftingar om ein storkommune med Sunnmøre som namnekandidat. Sjølv om slike namn er kjende og tradisjonsrike, har Språkrådet rådd ifrå å bruka dei dersom ein stor del av det aktuelle området ikkje er med i samanslåinga. Til slutt var det dei fire kommunane Sandøy, Skodje, Ørskog og Haram som slo følgje med Ålesund, og dei valde dette bynamnet som sitt nye kommunenamn.

Det kan òg vera ei god løysing å bruka eit tilleggsnamn, som avgrensar området, slik som i Indre Fosen (Leksvik og Rissa).

Naturnamn er ofte gode kandidatar. Os og Fusa har valt namnet Bjørnafjorden, som er ein sentral del av den nye kommunen. Noko tilsvarande er det med øynamnet Senja som nytt kommunenamn for Tranøy, Lenvik, Torsken og Berg. Me har gjeve begge namnevala full tilslutning.

I det norske namnelandskapet er det ikkje tradisjon for å kalla opp stader etter personar. Tidlegare i kommunesamanslåingsprosessen har Aasen, etter Ivar Aasen, blitt føreslått som namn på Ørsta og Volda. Framlegget er originalt, men eit slikt brot på namneskikken ville nok ikkje Aasen sjølv ha likt. Språkrådet er heller ikkje begeistra.

Ein annan stad på Sunnmøre har kommunane Stordal og Norddal vedtatt å kalla seg Fjord. Dette er ikkje eit stadnamn, og Språkrådet har tilrådd å finna eit anna namn.

Fylkesnamna me kjenner i dag, har i hovudsak vore slik i 100 år for dei 19 fylka (no 18), og alle namna har røter fleire hundreår tilbake i tid. Når nye namn no skal lovfestast, bør dei òg følgja ein namneskikk som kan stå seg i lang tid. I fleire tilfelle har det vist seg vanskeleg å finna høvelege namn.

Trøndelag og Agder er opplagde val. Nokre fylke kan få dobbeltnamn som Telemark og Vestfold og Finnmark og Troms, og dette er òg rimelege løysingar. Men Språkrådet har rådd ifrå å bruka landsdelsnamnet Vestlandet om berre to av fire vestlandsfylke.

Tre av fylka rundt Oslofjorden (Østfold, Akershus og Buskerud) ønskjer å kalla storfylket Viken. Me støttar sjølve namnevalet, men har peika på at skrivemåten i så fall bør vera Vika, i samsvar med den forma som bli brukt i talemålet rundt heile fjorden. 

Lenger nord er det diskusjon rundt det nye namnet for Hedmark og Oppland. Faktisk er Opplanda eit gammalt namn for heile området, og Språkrådet har støtta framlegget om dette namnet. Men her òg kan det vera mogleg å bruka eit dobbeltnamn.

Framlegget Innlandet har vi rådd ifrå. Som inndelingsnamn vil dette vera heilt nytt, og me meiner den allmenne tydinga av innland talar imot å etablera det som fylkesnamn.

Delta i debatten

Kommentarfeltet er stengt til 23. juli. Velkommen tilbake da!