Illustrasjon: Sven Tveit

Frå Eidsvoll på autopilot?

Kronikk. Kor mange stortingsmenn skal det til for å endre Grunnlova? Det kan hende at 19 stykke held i massevis.
23.3 2018 08:49
Regionreforma er systemendringa verken storting eller regjering eigentleg ville ha.

Tap av søvnkvalitet for resten av livet. Ja, det er straffa for den som er dum nok til å tileigne seg kunnskap om korleis pølser og politikk vert til, hevda Otto von Bismarck.

Så vidt eg veit, hadde Bismarck ingen helsefagleg ballast eller bakgrunn i næringsmiddelindustrien, så det han sa om søvn og pølseproduksjon tek eg med ei klype salt. Men politikk hadde rikskanslaren greie på. Og det er unekteleg sant at det somme tider kan gje meir sjelero å knipe att augo enn å finstudere varedeklarasjonen på politiske vedtak.

I juni 2017 vedtok Stortinget regionreforma. Færre og større fylkeskommunar inneber eit stort demokratisk framsteg, skal vi tru reklameplakatane for reforma.

Eg kryssar fingrar for at det held stikk, men eg har likevel stor forståing for dei som hevdar at vegen fram til reforma så langt frå var ein demokratisk parademarsj.

Regionreforma er systemendringa verken storting eller regjering eigentleg ville ha. At ei slik reform i det heile teke vart sett i verk, skyldast at Venstre og Kristeleg Folkeparti med til saman 19 av 165 stortingsrepresentantar ville det slik.

Høgre og Frp har ikkje sagt eit godt ord om fylkeskommunen sidan Bobbysocks, men skulle dei halde seg inne med støttepartia, var det inga bønn. Det er oppsiktsvekkande at fylkeskommunen vart fornya med ei blåblå regjering i front.

Så kan det då òg vere at lineskiftet har ei datostempling: Frå blåblått hald har vi fått høyre at reduksjonen i talet på fylkeskommunar frå 19 til 11 er ein utruleg god start når målet er å fjerne fylkeskommunen. Regionreforma er såleis ei oppgradering og ei nedgradering av fylkeskommunen, på éi og same tid.

Kva skal ein så seie om arbeidet med å teikne det nye fylkeskartet? Sentrale styresmakter var storsinna – eller valte å abdisere, alt etter korleis vi vel å sjå på saka. Prosessane vart gjort frivillige, makta skulle utøvast nedanfrå og opp, og det høyrest vakkert ut.

Men i motsetnad til kva som var tilfelle i kommunereforma, fanst det ingen krav om involvering av innbyggjarane i regionreforma, og reformarbeidet vart ikkje noka heit sak i lokalvalkampen i 2015. Det som har eksistert av folkeleg engasjement, har i hovudsak blussa opp etter at den nye inndelinga var vedteken. Om regionreforma var meir sentralstyrt, ville ho truleg ha vore utøvd «nærare folket».

For makta har i realiteten lege i hendene på to nokså eksklusive grupperingar. Det er for det fyrste landets fylkeskommunale elitar (ja, dei finst!), som enten har vortne samde om samanslåing, eller som har vedteke – og fått aksept for – at dei skulle halde fram som før.

Og det er for det andre kommunalkomiteen på Stortinget, som tok styringa og rydda opp i det som var uavklara eller uakseptabelt etter at fylkespolitikarane hadde fått prøve seg.

Nett kva som gjekk føre seg i komiteen då detaljane fall på plass, kjenner eg berre i form av rykte, og eg skal vere varsam med å karakterisere sluttproduktet. Men eg stiller meg spørjande til om den nye Viken fylkeskommune er eit svar på dei inste lengslar og draumar blant folk i Buskerud, Akershus og Østfold.

Er det grunn til å syte? Nja, vi skal allment vere glade for at demokratiet tek sine krokvegar. Noreg ville ha vore eit dårlegare land å bu i om ikkje mindretalet stundom kunne få gjennomslag, om det ikkje fanst rom for hestehandel, og om ikkje politikarane no og då skreid til handling utan å kjenne alle konsekvensar. Men eg kan ikkje fri meg frå tanken om at nettopp regionreforma kunne ha hatt godt av at det rikspolitiske Noreg synte større vilje til å diskutere heilskap og konsekvens, og til å ta følgjene av at dette er ei sak som er mykje større enn seg sjølv.

Sjølv om regionreforma i prinsippet berre gjeld samanslåing av fylkeskommunar, veit vi at ho har store ringverknader. Staten tilpassar si eiga forvaltning til dei nye fylkesgrensene. Det same gjer dei politiske partia, og sannsynlegvis også store delar av organisasjonssamfunnet. Og til slutt kan det vere at vi gjer endå større endringar i fundamentet for folkestyret, og utøving av politisk medborgarskap.

For også valordninga ved stortingsval er i støypeskeia. Dei rikspolitiske valkrinsane har i størstedelen av den moderne historia følgd fylkesgrensene, og det vil heilt sikkert komme krav om at dei no skal tilpassast den nye fylkesstrukturen. Men vi risikerer at det som kunne og burde vere ein viktig prinsipiell debatt om storleik og avgrensing av valkrinsane, vert redusert til eit spørsmål om å gjere det som er logisk, praktisk eller kanskje endåtil uunngåeleg i kjølvatnet av regionreforma.

Ein dag kan vi kanskje konstatere at det går ei ubroten line frå dei 19 representantane som i si tid kravde regionreform, og eit grunnlovsfleirtal for ei drastisk endring i måten vi varetek folkesuverenitetsprinsippet på.

Tek vi denne ferda på autopilot? Det står att å sjå. I mellomtida får vi ta oss ei ventepølse, og sette vår lit til at ho er såpass demokratisk krydra at ein døyver smaken av soya og muk.

Delta i debatten

Vi overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!