Illustrasjon: Sven Tveit
Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Kommuneblokk betre enn samanslåing?

Med kommuneblokker vil ein truleg raskare nå måla for kommunereforma enn ein gjer med kommunesamanslåing.

Ved etablering av ei kommune-blokk, er det avklaringar rundt teneste-produksjonen som kjem først.

I arbeidet med kommunesamanslåing er det å nå måla for kommunereforma det viktigaste – ikkje å vere best på prosessen. Prosessen var berre viktig fram til vedtaket om kommunesamanslåinga skulle takast. Vi såg dessutan at to år på prosessen fram til vedtaket var for kort tid til å gjennomføre arbeidet med å skulle stå fram som ein kommune.

Interkommunale samarbeid i kommuneblokkar er no eit alternativ for kommunar som ikkje er i samanslåingsprosess, og kommuneblokker vil truleg vere enklare å gjennomføre, ta kortare tid og føre oss raskare til måla som er sett for reforma. 

Kommune-Norge må styrke lokaldemokratiet og sikre betre tilbod til innbyggjarane. Samtidig må vi må skape robuste fagmiljø og bli meir kostnadseffektive. Ein av grunnane til dette, er at vi må kunne handtere «eldrebølgja» som startar i 2030.

Det er vurdert slik at vi må ha større kommunar for å kunne klare desse oppgåvene. Staten har òg eit ønske om å gi dei større einingane fleire oppgåver, og ved dette styrke lokaldemokratiet.

Mykje av dette kunne vi oppnådd ved interkommunale samarbeid. Interkommunale samarbeid er kritiserte for å vere fragmenterte og ha mindre demokratisk kontroll enn den ordinære tenesteproduksjonen, men eg er ikkje samd i dette.

Eg trur det er mogleg å samle interkommunale samarbeid innanfor geografisk avgrensa kommuneblokker, samt få politisk styring av slike samarbeid. Eg viser her til at i utkastet til ny kommunelov ligg det inne eit forslag om politisk styring av interkommunale samarbeid, noko som eg både håper og trur blir ein realitet.

I samanslåingsprosessane som no held på, er kommunane mellom anna godt i gang med arbeidet med å vedta politisk styringsform, administrativ organisering, kommunikasjonsstrategi, IKT-strategi, kulturbygging, val av kommunevåpen og endring av vegnamn.

Dette er viktige avklaringar som må vere på plass før dei nye kommunane blir etablerte. Men, når så mange formelle avgjerder må takast først, er det vanskeleg å starte parallelt på det som verkeleg er målet med reforma – nemleg å skape ein meir robust tenesteproduksjonen med betre kvalitet, utvikling og effektivitet, samtidig som ein ønsker eit desentralisert tenestetilbod.

Ved etablering av ei kommuneblokk, er det avklaringar rundt tenesteproduksjonen som kjem først. Det blir sett på korleis ein skal få større fagmiljø, yte betre tenester, sikre lokale arbeidsplassar og ikkje minst korleis kommunane skal få meir effektive tenester. I tillegg må sjølvsagt kommuneblokkalternativet sjå på «utanrikspolitikken», med felles strategi for samfunnsplanen.

Dei viktige vala knytt til det formelle ved ei kommunesamanslåing er nødvendige, men det tek tid og vil kunne gå ut over det som er måla med reforma.

Eg vil understreke at slike prosessar må ta tid, fordi det skal vere ei politisk handsaming og prosessen vere forankra i organisasjonen. Mitt syn er at i prosessen med å greie ut kommunesamanslåing, er det viktig at arbeidet med dei formelle avklaringane og tenesteproduksjonen må starte parallelt.

Erfaringane frå kommunesamanslåinga mellom Sandefjord, Andebu og Stokke viser at det er vanskeleg med eit slikt parallelt løp, og at det er eit omfattande arbeid å koordinere felles tenesteproduksjon og lokaliseringa av desse. Evalueringa som vart gjort etter samanslåinga av desse tre, viser også at det var dårleg tid til å gjennomføre samanslåinga, og at mange prosessar måtte fortsette etter etableringa av den nye kommunen.

Vanylven er ikkje i ein prosess for å bli ein ny kommune, men vi er inne i ein spennande prosess med å greie ut eit kommuneblokksamarbeid med nabokommunane Herøy og Sande – utan at vi endrar på dei geografiske kommunegrensene. Eg vil understreke at òg i denne prosessen er det nødvendig med formelle politiske vedtak som grunnlag, og vi har både politiske og administrative styringsgrupper samt arbeidsgrupper innanfor alle fagområda.

Men tidsperspektivet i vårt alternativ er kort, og utgreiingsarbeidet for tenesteproduksjonen vert avslutta den 26. april 2018.

Men, uansett om kommunane er i ein samanslåingsprosess eller i arbeid med ei kommuneblokk, så er det viktig  å ha fokus på oppgåva med samfunnsutvikling rundt eit geografisk tyngdepunkt. Det er derfor nødvendig at vi styrker plankompetansen i eit kommuneblokkalternativ, noko vi arbeider med, og der vi også har eit ønske om å få overført både ansvar og ressursar frå fylkeskommunen.

I kommunereformprosessar er det ofte sagt at effektiviseringa skal gi betre kvalitet i tenesta, utan at det skal gi økonomisk innsparing. I kommuneblokkalternativet får vi gevinstrealisering frå første dag, slik at vi kan få ei omfordeling av ressursar til eldre, barn og personar med nedsett funksjonsevne.

Med kommuneblokkalternativet får vi på plass felles tenesteproduksjon før kommunesamanslåingalternativet, og eg kan ikkje sjå anna forskjell mellom kommuneblokk og kommunesamanslåing enn kommunegrensene. Og desse grensene er det jo ingen som ser likevel.