Illustrasjon: Sven Tveit
Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Det enkle er ikkje alltid det beste

Brannsløkking og ad-hoc-løysingar kan ikkje erstatta gode planar. Det er når vi arbeider planmessig at vi lukkast – både med utvikling av lokaldemokratiet og med økonomi og tenestekvalitet.

Enkle svar er stort sett ikkje løysinga på vanskelege spørsmål

Kommunane må etablere eit godt planverk som grunnlag for effektive og gode tenester. For å sikre dette, bør kommunane styrke administrasjonen med kompetanse som er nødvendig for slikt planarbeid.

I Kommune-Norge i dag går vi ofte rett på tiltaka, som digitalisering og større kommunale einingar. Men enkle svar er stort sett ikkje løysinga på vanskelege spørsmål. Det blir som å behandle symptom med medisin, utan å kjenne til diagnosen – det kan gå bra, men er vel ikkje så lurt i lengda.

Kommunane bør derfor ikkje starte med å kutte kostnadar, og tru at dette er den rette medisinen for å få ein sunn og god kommuneøkonomi. De bør heller ikkje auke ressursbruken dersom kommunen ønsker å auke kvaliteten på tenestene. Det kan vere «overmedisinering», noko som heller ikkje er bra.

Korleis skal vi gjere det? Svaret er etter mi meining å dvelje litt meir ved spørsmåla; kartlegge og analysere utfordringane kommunen står overfor. Deretter vurdere ulike tiltak, og vurdere dei opp mot kvarandre, både med omsyn til måloppnåing og kostnader.

Generelt er kommunane flinke når det gjeld å utarbeide planar som har heimel i plan- og bygningslova. Men det som er viktig, er at vi har eit langsiktig perspektiv òg på andre område. Dette er nødvendig for å sikre at kommunane kan gjennomføre sitt samfunnsoppdrag innanfor dei tildelte ressursane.

Det enklaste er sjølvsagt «å spørje spegelen på veggen». Denne subjektive skildringa finn vi ofte i årsmeldinga, men eg trur ikkje det gir det rette bildet av kommunen. Det er nok ofte slik at kommunane ikkje har tid til å utarbeide ein plan, fordi dei må bruke tida på å løyse utfordringane. Men då har det vel ein lei tendens til å bli brannsløkking og ad-hoc-løysingar. Eg trur dette er feil.

Det avgjerande for kva vi skal gjere, må vere knytt til kva vi skal oppnå. Vi må tenke annleis, og ikkje berre på kva skal vi oppnå med digitalisering. Spørsmålet må vere korleis vi kan gi betre og meir effektive tenester til våre brukarar. Då bør vi kanskje utarbeide ein brukarstrategi.

Digitalisering vil vere eit openbert tiltak. Dersom det er slik at lokaldemokratiet skal styrkast, bør kommunane kanskje utarbeide ein plan for utvikling av lokaldemokratiet. Eitt av tiltaka kan då vere større kommunar. Ein god og sunn økonomi kan vi kanskje få med ein overordna plan for styring og leiing.

Då har vi tre planar i tillegg til kommuneplan og økonomiplan:

  • plan for brukarorientering
  • plan for utvikling av lokaldemokrati
  • plan for styring og leiing

Når kommunen arbeider planmessig, vil vi lukkast – med utvikling av lokaldemokratiet så vel som økonomi og tenestekvalitet. Utan planar som dekker områda, vil kommunen ikkje lukkast.

Korleis skal vi måle resultat? Dersom kommunen har gjort planarbeidet skikkeleg, og vurdert ulike tiltak opp mot kvarandre og til slutt vedteke nokre, er det viktig at ein måler om tiltaka har verka. Dersom tiltaka ikkje verker etter intensjonen, må kommunen evaluere kvifor ikkje. Det kan vere naudsynt å endre kurs og justere eller endre tiltaka.

Kan vi måle om tiltaka gir betre brukaroppleving? Ja, dette gjer vi ved å gjennomføre innbyggjarundersøkingar og brukarundersøkingar.

Korleis måler vi at vi lukkast med tiltak for utvikling av lokaldemokrati? Det enklaste, men kanskje ikkje det rette, er å sjå på valdeltakinga og kanskje ei folkevaldundersøking.

Kva med dei kommunane som må redusere driftskostnadane sine? Kan planarbeid vere løysinga? Eg trur det. Eg trur ikkje at planlause tiltak i aust og vest kan gi betre kommuneøkonomi – det vil i så fall vere flaks.

Er det ein risiko for at planarbeid vil ta frå politikarane moglegheitene for å styre? Eg trur ikkje det. Det er nok slik at på dei fleste område er det fleire tiltak enn ressursar, og kommunen må prioritere kva tiltak som skal settast i verk og kvifor.

For å sikre politisk styring, må politikarane komme med forslag til tiltak og sjølvsagt prioritere tiltaka når planen skal vedtakast. Dersom vi skal sikre brukarmedverknad og medverknad frå dei tilsette, må vi også involvere desse i heile prosessen.

Dersom kommunen ikkje har den naudsynte kompetansen til å kartlegge sin situasjon, kan det vere hjelp å få frå kompetente miljø som til dømes ei ekstern vurdering etter «mønsterplanen» som KS har utarbeidd for kommunane.

Her får kommunen ei analyse som ikkje går på kommuneøkonomi eller tenestekvalitet, men på føresetnaden for å lukkast på desse områda. Det finst òg tilsvarande i andre miljø som kan gjere slike analysar.