Illustrasjon: Sven Tveit
Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Ein song for Viken

Det nye Trøndelag er «sammensatt og sammenslått på samme drømmelag», lyder det frå høgtalarane. Kor tid vil vi synge det same om Viken?

Før Viken kan bli elska, må Viken bli akseptert og respektert.

Folkeleg og humørfylt, patriotisk og sjarmerande: Over hundre kjende og ukjende trønderar syng i musikkvideoen «Trønder» lysteleg, om enn med variabel stemmeprakt, og det er seg sjølve dei syng om. For songen som vart sleppt i midten av juni handlar om det samla, men like fullt mangfaldige Trøndelag fylke.

Endeleg er det ikkje berre viriliteten, men også viraliteten i det trønderske politiske livet som gjer inntrykk på oss som bur i andre delar av landet. Filmen har vore delt, delt og atter delt på sosiale medium. Tenk at noko så sært som ein fylkeskommunal promoteringsfilm frå Trøndelag kan bli klikkvinnar!

«Trønder» er, gjennom den høge kvaliteten og den openberre folkelege appellen, meir unntaket enn regelen. Skal eg vere ærleg, må eg vedgå at det meste eg har sett av skrytevideoar i kommunal og fylkeskommunal regi gir eit stussleg eller beintfram pinleg inntrykk. Men det betyr ikkje at eg høyrer til blant dei som meiner at kommunar skal halde seg for gode for å bruke ressursar på å styrke identiteten og attraktiviteten, og i staden «konsentrere seg om å yte gode tenester». Eg trur det er heilt rett av norske lokal- og fylkespolitikarar å bruke tid og ressursar på tiltak for å skape og å vidareutvikle abstrakte verdiar som identitet og samhald innbyggjarane imellom. Ja, gjort på rette måten er eg viss på at dette ikkje er ein ekstrakostnad og eit overskotsfenomen, men noko som til sjuande og sist svarar seg også i materiell forstand – til dømes i form av betre tenester.

Kommunar og fylkeskommunar er politiske organ, og kan ikkje fylle rolla si om dei ikkje tek mål av seg til å vere noko meir enn organisasjonar som «leverer varene». Dei må skape engasjement og folkeleg vilje til å bidra. Dei må ha legitimitet og vere velfungerande demokratiske arenaer, noko som igjen er ein føresetnad for at innbyggjarane aksepterer at dei av og til må gi tapt i innbyrdes kampar om prioriteringar.

Alt dette vert så mykje enklare når organisasjonen vert vurdert som ei fornuftig ramme kring eit fellesskap. Folk må gjerne vere ulike, men innbyggjarane bør så langt som råd oppfatte dei geografiske grensene som ei naturleg innhegning kring eit lokalt eller regionalt «vi».

Når vi skodar ut over Kommune-Noreg – her imellom dei 47 nye kommunane og dei sju nye fylkeskommunane som oppstår som følgje av kommunereforma og regionreforma – er det openbert at føresetnadene for å fungere som, eller å utvikle seg til, identitetsfellesskap, er høgst ulikt fordelte.

Ser vi på fylkeskommunane aleine, synest Trøndelag vere i ei særstilling: Ingen andre stader i landet har fylkeskommunane sjølve hatt så klår regi på sjølve samanslåinga. Og trass visse spenningar, som mellom bygd og storby og mellom nord og sør, finst det ingen andre stader der føresetnadene er betre for at det nye fylket skal verte oppfatta som ei naturleg kulturell eining.

Det kunne såleis vere freistande å hevde at Trøndelag er det fylket som minst av alle treng ein fylkessong.

Annleis er det med det unekteleg med Viken, dette produktet av … tja, lat oss seie den ikkje intuitivt forståelege fylkesfusjonen mellom Buskerud, Akershus og Østfold. Det har ikkje mangla på kritiske røyster mot det nye fylket. Mykje av kritikken handlar nettopp om dei påstått sviktande føresetnadene fylket har for å verte eit fellesskap, spesielt sett i lys av at Oslo – det naturlege sentrum – ikkje inngår i den nye eininga.

Hjartet kan banke for Hallingdal, Lillestrøm eller Hvaler. Men kan nokon av dei 1,2 millionar innbyggjarane nokon gong elske Viken, slik ein trønder kan elske Trøndelag?

Eg er ikkje sikker på om Viken er i stand til å gjere kritikarane til skamme. Men med ein naiv optimisme som eg trur kler prosjekt Viken, vil eg insistere på at det svakaste utgangspunktet gir det største potensialet. Føresetnaden er at dei som no skal fronte denne regionale identitetsbygginga vedgår for seg sjølve at dei ikkje har dei same gode korta på handa som nye Trøndelag, og at det derfor er viktig å innleie spelet defensivt og klokt.

Før Viken kan bli elska, må Viken bli akseptert og respektert. Om Viken som organisasjon handterer oppgåvene sine stødig og greitt, og om Viken som politisk fellesskap maktar å løfte fram viktige fellesprosjekt og å synleggjere ein samlande idé … ja, så kan det tenkast at også Viken med tid og stunder vert eit naturleg «vi».

Og kven veit? Ein dag vil kanskje diktarar høgstemt og utan ironi skrive vakre ord om korleis graset vert grønare, lufta klarare og åsane meir bølgjande straks ein passerer Lysakerbrua på veg vest, og tek innover seg Viken. Kanskje vil det bli dikta viser om guten frå Hemsedal og jenta frå Halden som finn kvarandre, slik folket i Viken – vikværingane? – har funne kvarandre.

Ein dag syng vi kanskje songar om Viken; der vi finn lukka, der vi går livskvelden tillitsfullt i møte. Om Viken, Viken. Vårt Viken.