Illustrasjon: Sven Tveit

Det er typisk norsk å vere god, men …

Kronikk. Utanforskap for barn og unge under 30 år er ei stor utfordring for samfunnet vårt. Det kan skape ein «tapt generasjon» og store klasseskilje.
17.8 2018 08:19
Dersom vi gir alle eit tilbod, så vil dei beste også utvikle seg.

Skal vi løyse denne utfordringa, må vi skape ein kultur med mindre konkurransefokus, med like moglegheiter for alle og gode lokale oppvekstmiljø. Men kvar bør vi starte og kva skal vi gjere?

Tala er klare: Det er slik at ein av tre ikkje fullfører vidaregåande opplæring. Dersom vi ser på den frivillige sektoren, er situasjonen endå verre – det er slik at nesten alle 8-åringar driv med idrett, men nesten ingen 17-åringar.

Ifølgje ein OECD-rapport frå tidlegare i år, er 86.000 av våre barn og unge utanfor arbeid og utdanning.

Når både det offentlege og idretten jobbar med fråfallsproblematikken, så bør vi kanskje samordne innsatsen og sjå om vi kan endre haldningane i befolkninga. Dette er ikkje ei unik problemstilling som vi berre har i Norge, og nokre land har klart å gjere noko med det.

Det er berre å sjå til Island, som for 20 år sidan hadde store problem med utanforskap, som gav seg utslag i høg bruk av rusmiddel. Vi treng sjølvsagt ikkje å kopiere tiltaka, men ei kartlegging på Island viste at dei ungdommane som hadde lite rusbruk, hadde mykje til felles ved at barna:

  • var aktive i organiserte fritidsaktivitetar

  • følte seg sett på skulen

  • brukte meir tid saman med foreldra.

Ved å sjå på desse områda så har Island, gjennom mellom anna haldningsendring, klart å gjere noko med utanforskapet. I ein artikkel i Dagbladet 21. juni 2018 uttalte breiddesjefen Dagur Dagbjartsson i det islandske fotballforbundet:

«Jeg kan ta mitt barn til hvilken klubb jeg vil og han eller hun kan trene der. De kan ikke si nei. De gir alle den samme behandlingen, om de er gode eller ikke så gode. Alle får trene like mange timer, alle får tilgang til de samme trenerne og like mye spilletid.»

Dette i motsetning til i Norge, der vi er opptatt av differensiering og talentutvikling frå svært ung alder, sjølv om det er ei kjensgjerning at det er nesten ingen som blir toppidrettsutøvarar.

Men også i Norge har vi døme på at fokus på utvikling er viktigare enn fokus på resultat. Vi har til dømes Ranheim Fotball, som gjennom sitt utviklingsfokus har fått eit amatørlag til eliteserien i fotball for herrar.

Eg trur at dersom vi gir alle eit tilbod, så vil dei beste også utvikle seg. Slik bør det vere i idretten og slik bør det vere i skulen.

Vi må då få ei tilsvarande haldningsendring inn i skulen. Vi kan sjå til Finland, som kjem godt ut i PISA-målingane gjort av OECD. Det vi kan merke oss, er at Finland bryr seg lite om PISA-målingar og følgjeleg også skuleresultat. Det interessante er at i den finske skulen er det lite differensiering på gode og mindre gode elevar.

I Finland er det slik at elevar av ulik støyping må lære å arbeide og studere saman i same klasse. Den finske skulen har fokus på utvikling av lokalsamfunnet, men likevel utdannar den finske skulen elevar som kan hevde seg godt i eit globalt kunnskapsbasert næringsliv.

Korleis skal vi så klare å få til ei haldningsendring i Norge for idrett, skule og arbeidsliv?

Haldningsendring i fritidsaktivitetar kan vi stimulere gjennom offentleg tilskotsordning, der det offentlege kan sette vilkår for støtte som blir gitt. Dette er eit tiltak som Island har gjort, der kvart barn får 4.000 kroner i støtte frå det offentlege til det idrettslaget vedkommande deltek i.

På skulen trur eg at vi må gå frå å ha fokus på fagutvikling til å ha fokus på klasseleiing. Dette slik at alle kan inkluderast i klassemiljøet. Eg trur at det er slik i skulen i Norge også, at dei flinkaste elevane utviklar seg best samspel med dei elevane som ikkje gjer det så bra. Kanskje kunne vi hatt mindre spesialundervisning og fått betre resultat i PISA-målingane.

Det er ikkje unaturleg å prøve å få fleire inkludert i idrett og skule. Dette fordi det er slik at når vi kjem til arbeidslivet, så skal alle inkluderast. Då bør vi kanskje starte med inkluderinga i skulen og på fritida og ikkje vente til dei kjem ut i arbeidslivet, så kan det hende at det ikkje er så mange som har «hol» i CV-en sin.

Men kanskje skal vi sjå på andre tiltak enn Island når det gjeld å bruke meir tid saman med foreldra, for her har Island innført portforbod for barna som eit tiltak.

Uansett val av tiltak, så bør vi stimulere til eit utviklingsfokus og ikkje til differensiering i forhold til talent eller evner. Eg trur kanskje at vi bør få eit finsk tillegg til slagordet til Gro Harlem Brundtland, med at « … ekte vinnarar treng ikkje å konkurrere».

Delta i debatten

Vi setter stor pris på at du deler ny kunnskap, dine egne erfaringer og diskuterer med oss og andre lesere. Du må bruke ditt fulle navn for å delta i debattene. Debatten vil bli moderert i tråd med de presseetiske regler. Modereringen skjer i etterkant av publiseringen.