Illustrasjon: Sven Tveit
Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Finjustering med sprengkraft

Samanslåing av kommunar kan i nokre tilfelle skje overraskande smertefritt. Men oppsplitting av kommunar er nesten garantert å skape trøbbel.

Litt uroa vart eg då eg las i avisa at Preikestolen er i ferd med å hamne i Kashmir.

Kommunereforma har i hovudsak handla om fjerning av grenser, og dermed om samanslåing av heile kommunar.

Reforma har dessutan, om enn i mindre grad, handla om flytting av grenser, og dermed oppsplitting av tidlegare fellesskap. Vi har berre eit par døme på deling av kommunar, med den konfliktfylte kløyvinga av Tysfjord som den mest kjende, men vi har langt fleire tilfelle av dei mindre omfattande grensejusteringane.

Grensejustering inneber at eit avgrensa geografisk område – ei grend, ei bygd, eit byggjefelt eller liknande – på lokalt initiativ og på basis av inndelingslova vert vedteke overført frå den eine kommunen til den andre. Fleire titals saker har vore meldt inn så langt, og fleire saker kan vere under oppsegling.

Så langt har styresmaktene vore ganske lydhøyre overfor justeringskrava, i alle høve når utgreiinga avdekker at krava har solid folkeleg oppslutnad. Men departementet synest etter kvart å ha lagt meir vekt andre faktorar enn folkemeininga, mellom anna kva faktiske fordelar innbyggjarane måtte ha av å byte kommune.

At kommunereforma ville utløyse mange initiativ av denne typen, var forventa. Men ingen skal vere overraska om departementalt embetsverk og politisk leiarskap tek i desse sakene med ei viss ulyst. Konfliktnivået er som regel høgt, og same korleis ein handterer sakene, er det bortimot uråd å unngå at nokon står att som taparar – ikkje minst i forholdet mellom «dei som vil ut» og «dei som vert att».

Det lokale ordskiftet får ofte ein ekstra sår tone fordi grensejusteringa vert gitt ei psykologisk eller symbolsk tyding. I restkommunen vil somme oppfatte utflyttinga som eit svik. Har ikkje vi stilt opp for kvarandre og delt gleder og sorger i alle år? Og no vil du verkeleg dele seng med naboen?

Kommunar som må avstå areal og innbyggjar, fryktar gjerne for økonomiske skadeverknader. Idealet synest rett nok å vere at kommunane skal komme ut i null, ved at dei vert avlasta for utgifter nokolunde motsvarande inntektstapet. Men er einingane små og svake i utgangspunktet, forsvinn noko av grunnlaget for å halde administrasjon og tenestetilbod oppe.

Det er til dømes opplagt at det vil vere dramatisk for ein kommune som nordmørske Gjemnes om ein firedel av dei 2.600 innbyggjarane forsvinn, til fordel for nye Molde.

Justeringssakene er svært ulike. Ryfylke har sin eigen, finurlege vri: Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal snart ta stilling til kravet om å flytte dei delane av Forsand som ligg nord om Lysefjorden over til Strand kommune.

Vurdert i lys av at dette berre er godt og vel 2 promille av folket i den kommande fusjonerte kommunen av Sandnes og Forsand, er ei slik justering lite dramatisk. Men dei 168 innbyggjarane vil eventuelt ta filmaktuelle Preikestolen med seg på flyttelasset; ein av landets viktigaste turistmagnetar og eit fjell mange ser føre seg som eit samlande symbol og motiv for kommunevåpenet til nye Sandnes. Derfor er det langt fleire enn dei 168 som ventar spent på utfallet av denne kommunalpolitiske cliffhangeren.

Ja, grensejusteringar skapar trøbbel. Men dei utgjer likevel ein viktig tryggingsventil i kommunalordninga, særleg så lenge sentralmakta i hovudsak (som i kommunereforma) eller konsekvent (slik Stortinget av 2017 legg opp til) nøyer seg med å gjennomføre strukturendringar som har tilslutnad frå det politiske fleirtalet i alle involverte kommunar. Utan høve til grensejustering ville vi i hovudsak måtte finne oss i å leve med yttergrensene frå 1965 – med unntak av dei grensene som fell mellom kommunar som frivillig slår seg saman.

I kommunereforma har vi rett nok sett døme på kommunar som aksepterer at areal og innbyggjarar vert justert over til naboen i samband med samanslåing, men dette er sjeldan kost. Dei som ser innsnevring av grenser og tap av innbyggjarar som eit vonde, vil nesten alltid ha fleirtal i kommunestyra.

Kommunereforma landet gjekk gjennom for to generasjonar sidan, var i mindre utprega grad enn dagens reform ei samanslåingsreform. Ja, då reforma vart initiert, la ein faktisk meir vekt på behovet for å flytte utdaterte grenser enn å skape større og sterkare einingar. Ein måtte tilpasse seg grunnleggande endringar i samferdsel, busetnad og næringsliv.

Sidan sentralmakta sjølv tok regien – og utøvde det mange i dag vil karakterisere som tvang – var då også dei politiske føresetnadene betre for å få gjennomført ei ny arrondering gjennom deling og justering enn under dagens «frivillighetsprinsipp». I Rogaland vart til dømes over ein tredel av dei reformerte kommunane splitta opp og fordelte på to eller tre nye einingar.

Grensejusteringane skapar trøbbel, og dei er neppe eigna til å flytte nokre av grensene som frå sentralt hald vert oppfatta som mest problematiske – til dømes i ytterkantane av byane våre. Men dei er ein viktig reiskap for å vareta legitime interesser blant innbyggjarane, og har dermed sin visjon.

Litt uroa må eg likevel vedgå at eg vart då eg nyleg las i avisa at Preikestolen – trass i at ein skulle tru dette var ein mission impossibleer i ferd med å hamne i Kashmir. Om dette vert utfallet, har reformiveren etter mi meining gått litt for langt.