Illustrasjon: Sven Tveit
Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Nye kommunar, nytt demokrati

Tenker og vurderer veljarane annleis i nye kommunar enn i gamle kommunar?

Skal eg driste meg til ein spådom, må det vere at geografi vil spele ei viktigare rolle enn normalt ved dette fyrste valet i nye kommunar.

Lenge før eg var det minste oppteken av politikk, ensa eg at valdagen var noko heilt utanom det vanlege. Flagget på skulen gjekk til topps, og feststemninga vart understreka gjennom strenge formaningar om at vi elevar måtte halde oss langt unna gymsalen. I dag var han berre open for folk som normalt ikkje hadde noko på skulen å gjere.

Og då vi likevel – sjølvsagt – trassa forbodet og sneik oss ned for å spionere, fekk vi ein smak av hemmeleghaldet og høgtida. Vi såg sambygdingar som etter tur gøymde seg bak eit forheng, slik at berre skoa var synlege.

Og då dei var ferdig med kva det no enn var, drog dei forhenget til sides og stega fram over golvet med ein konvolutt i handa. Denne vart med stort alvor putta ned i ein sølvgrå, magisk boks.

Magisk? Ja, visst var han det. For på eitt eller anna forunderleg vis vart det som fann stad under ribbeveggane på Bryggja skule denne dagen, endra til eitt tal i den endelause rekkja som Geir Helljesen med stor innleving las opp i NRK-sendinga same kveld.

Vart det raudt eller vart det blått? Eg er ikkje heilt sikker. Så hadde vi då òg berre svartkvitt-fjernsyn den gongen.

Mangt og mykje bleiknar med åra, men for meg har valdagen framleis mykje av magien over seg. Og med berre knappe elleve månader att til det kommande lokalvalet – tenk det! – er vi allereie i gang med langspurten.

Vi kan gle oss til det som vil vere det mest særmerkte lokalvalet i manns minne, for no veit vi korleis det nye kommune- og fylkeskartet skal sjå ut. Det vert avvikla val for aller fyrste gong i 47 heilt nye kommunar og i sju heilt nye fylkeskommunar, noko som gjer spenninga og uvissa større enn nokon gong tidlegare.

Frå ein fagleg synsvinkel har valet ein ekstra nerve fordi vi får sjansen til å samanlikne reformerte og ikkje-reformerte kommunar. Vil veljarar i dei samanslåtte einingane oppføre seg annleis enn veljarar elles, til dømes når det gjeld sjølve valdeltakinga?

Samanslåingar kan ha skapt entusiasme og ein iver etter å sette farge på det nye, og å få veljarane til å strøyme til vallokalet i større grad enn dei elles ville ha gjort. Men dei kan òg ha skapt raseri, apati og eit folk som ikkje kjenner seg heime, eller på andre måtar ein situasjon der fleire enn vanleg vel sofaen framfor vallokalet.

Kanskje vil det verkeleg store skiljet i valåtferd ikkje gå mellom reformerte og ikkje-reformerte, men internt i gruppa av samanslåtte einingar – basert på kor smertefull eller smertefri prosessen har vore, og kor høg legitimitet sluttresultatet har?

Det er ikkje så lett å vite kva ein skal forvente. Men det er i alle høve grunn til å tru at både valkampen og valutfallet i kvar enkelt av dei nye einingane i stor grad vil ta farge nettopp av at fellesskapet er nytt.

I dei fleste tilfella har fusjonspartnarane gjennomlevd langdryge forhandlingsprosessar, fyrst i framkant av vedtaket om samanslåing, og deretter i fellesnemnda, der ein etter beste evne har fått å finne svar på eit utal av praktiske og prinsipielle spørsmål knytt til den faktiske fusjonen. Det felles lokalvalet er sjølve markøren på at det nye fellesskapet er etablert – og ein prøvestein på om ein lukkast i å skape eit felles «vi».

Skal eg driste meg til ein spådom, må det vere at geografi vil spele ei viktigare rolle enn normalt ved dette fyrste valet i nye kommunar. Det skyldast dels at kommunen er ny, dels at talet på folkevalde vil vere mindre i den nye kommunen enn summen av representantar i dei gamle.

I nominasjonsarbeidet vil eg tru at dei fleste fusjonerte partilaga vil legge vekt på å arbeide fram ei liste som i størst mogleg grad sikrar kontinuitet blant frontfigurane frå dei tidlegare kommunestyra – og at dei elles vil freiste å sikre maksimal geografisk spreiing av kandidatane, ut frå vona om brei veljarappell.

For den enkelte veljar kan det kjennast endå meir maktpåliggande enn vanleg å løfte fram kandidatar frå eigen heimstad, dels fordi ein enno ikkje er fortruleg med heile det politiske persongalleriet i den nye kommunen, men i større grad fordi det no er trongare om plassen i kommunestyret. Bygda som støtt hadde hatt folk til å tale si sak i kommunestyret, står gjerne i reell fare for å verte utan representasjon etter samanslåinga.

Kva kan dette innebere i praksis? Tja, det er gjerne grunn til å tru at veljarar vil vere meir tilbøyelege til å rette på partilistene i nye enn i gamle kommunar. Og kanskje er det også grunn til å frykte at kvinnerepresentasjonen vert høvesvis dårleg i nye kommunar. Om politisk erfaring og geografisk representasjon er viktigare enn vanleg, kan andre omsyn – her under kjønnsbalanse – få mindre merksemd, både i partilaga og blant veljarane.