Ikkje lett for Kristelig Folkeparti

Kronikk. Å gå i regjering med Frp utgjer ein betydeleg risiko for KrF, fordi 77 prosent av veljarane deira mislikar partiet.
16.11 2018 08:51
Det er eit problem for KrF sine veljarar å samarbeide i ei regjering med Frp.

Fredag 2. november stemte landsmøtet i Kristelig Folkeparti (KrF) for å starte forhandlingar med regjeringa beståande av Høgre, Framstegspartiet og Venstre. Det var nære på at partileiar Knut Arild Hareide fekk med seg landsmøtet på det som ville vore eit historisk linjeskifte for partiet.

Både Hareide sitt retningsval og det delte synet i partiet har kanskje overraska mange. Men om ein ser nærare på KrF-veljarane i våre data frå Norsk medborgerpanel, så ser ein fort at partiet var delt ikkje berre i leiinga, blant medlemmane og delegatane deira på landsmøtet, men òg blant dei som stemte på partiet i stortingsvalet 2017. 

Våre partisympatidata viser, i likskap med mange av talane til landsmøtedelegatane, at dei som stemte KrF i 2017 ikkje var særleg begeistra for fløypartia SV og Frp. Rundt 77 prosent av KrF-veljarane misliker Frp, og omtrent 64 prosent mislikar SV.

Desse tala understrekar at det ikkje berre var Hareide si linje som var eit historisk og kontroversielt skifte.  Å gå i regjering med Frp utgjer ein betydeleg risiko for partiet.

Dei same data viser òg at det er tydeleg kven av dei to sentrumskameratane, Venstre og Senterpartiet, veljarane til KrF sympatiserer mest med.  Så mange som 56 prosent likar Sp samanlikna med berre 33 prosent som likar Venstre.

Kanskje desse tala kan forklare kvifor regjeringa sin strategi var å la Høgre føre an i debatten som gjekk om retningsvalet før 2. november? No i tida etterpå vil dei andre regjeringspartnarane igjen få meir merksemd, og dette kan bli vanskeleg for KrF.

På den positive sida for fleirtalet på KrF sitt landsmøtet, viser data frå Medborgerpanelet at KrF sine veljarar klart føretrekker Høgre over Arbeidarpartiet. Omtrent 68 prosent likar Høgre i større eller mindre grad, mens til saman 44 prosent likar Arbeidarpartiet.

Vidare viser figuren nedanfor at i stortingsvalet 2017 gjorde KrF det tydeleg betre blant dei som plasserer seg på høgresida enn på venstresida ideologisk. Vi har analysert desse tala regionvis, og høgresympatien blant KrF-veljarar er størst i Agder-fylka, følgt av Rogaland.

I Hordaland var mønsteret ikkje så ulikt landssnittet. Utifrå veljardata innhenta før retningsvalet, så kan det dermed sjå ut til at avgjersla til landsmøtet vil vere mest populær på Sørvestlandet.     

Hareide sjølv argumenterte for linjeskiftet ikkje i hovudsak fordi det ville vere populært blant dei som stemte KrF ved førre val, men på bakgrunn av at partiet si oppslutning ikkje har vore tilfredsstillande dei siste åra. Eit mål var å tiltrekke seg nye veljarar.

Om vi ser på alle dei som seier dei likar KrF, ikkje berre dei som har stemt KrF tidlegare, så utgjer dette ifølgje data frå Norsk medborgerpanel omtrent 23 prosent av den generelle befolkninga over 18 år. Vi veit frå valforskinga at samanhengen mellom sympatiscore og stemmegiving ikkje er perfekt, men sympatiscoren kan med atterhald likevel brukast som ein indikator på veljarpotensial.

Figuren nedanfor viser at det er ein systematisk forskjell på dei som stemte KrF i 2017 og dei som likar KrF. Hovudforskjellen er nettopp, slik Hareide hevda, at KrF mobiliserer dårlegare blant sympatisørar på venstresida enn dei gjer blant sympatisørar på høgresida.

Potensialet her er størst i Trøndelag, i nord, og på Austlandet.  Det er likevel verdt å merke seg at dei regionale utslaga vi fann i vår analyse, med unntak av Agder-fylka der KrF sympatisørane er tydeleg høgreorienterte, ikkje er veldig store. Hordaland er et godt eksempel på det.

For dagane som kjem, for neste lokalval (2019) og for neste stortingsval (2021) kan ein trekke eit par konklusjonar av denne korte analysen.

For det første: Det er eit problem for KrF sine veljarar å samarbeide i ei regjering med Frp. Spesielt er det verdt å merke seg i figuren under at KrF ved valet i 2017 gjorde det sterkast verken blant veljarar som plasserer seg til høgre eller venstre ideologisk. Dei gjorde det sterkast blant veljarar som plasserte seg i sentrum. Det spørs om KrF  klarar å komme over sperregrensa ved neste stortingsval om dei mister desse. 

For det andre er det tydeleg også når ein ser på veljarane, at avgjersla til landsmøtet best speglar synet til KrF-veljarar og sympatisørar i Agder-fylka og Rogaland. Viss det blir positive verknadar av å gå inn i Solberg-regjeringa på oppslutninga i lokalvala hausten 2019, så vil dei sannsynlegvis komme i dette geografiske området.

Forklaring til figuren:

Data er henta frå Norsk medborgerpanel hausten 2017 og våren 2018.

Våren 2018 vart respondentane spurt om kor mykje dei liker eller misliker ulike parti. Her er dei som svarar «liker noe», «liker» og «liker svært mye» når det gjeld KrF rekna som KrF-sympatisørar.

Respondentane vart også spurt om å plassere seg ideologisk på ein venstre/høgre-akse som går frå 0 til 10, der 0 er mest til venstre og 10 er mest til høgre. Her vert dei som svarar frå 0 til 4 rekna som venstreorienterte, dei som svarar 5 rekna som sentrum og dei som svarar frå 6 til 10 rekna som høgreorienterte.

Delta i debatten

Vi setter stor pris på at du deler ny kunnskap, dine egne erfaringer og diskuterer med oss og andre lesere. Du må bruke ditt fulle navn for å delta i debattene. Debatten vil bli moderert i tråd med de presseetiske regler. Modereringen skjer i etterkant av publiseringen.