Illustrasjon: Sven Tveit
Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Vi må auke tempoet i omstillinga

Kommunane må omstille seg raskare enn vi «digitaliserer» og tenke på kommunal tenesteproduksjon på ein annan måte, dersom vi skal ha nok ressursar til å møte eldrebølgja.

Eg er sikker på at vi om fem år ikkje har tilsette på lønns- og økonomikontora.

Det kan verke som om kvalitet i kommunale tenester ofte blir knytt opp mot ressursbruken på dei ulike tenesteområda, men eg har til gode å sjå at auka ressursbruk har noko målbar effekt på kvaliteten. Det er fullt mogleg å bruke mindre ressursar på eit område og likevel få betre kvalitet.

Min hypotese er at det å bruke meir ressursar ikkje gir eit behov for omstilling, og at vi risikerer å berre å gjere meir av det ein gjorde før, utan at kvaliteten blir målt.

Dersom kommunane reduserer ressursane på eit område, så vil dette krevje endring som vil kunne tvinge fram ei omstilling av tenesteproduksjonen. Omstilling møter ofte motstand, sjølv om det er nødvendig.

Det er mykje litteratur og forsking på dette området, men eg trur eg vil sitere dåverande informasjonssjef Roger Rein i Nord-Trøndelag fylkeskommune i 2009:

«Å forandre en organisasjon er som å flytte en kirkegård: Det er lite hjelp å få fra dem som er der fra før.»

Dersom vi skal få dei tilsette i kommunen til å akseptere forandring, så må vi formidle forventningane som kjem på lenger sikt – og førebu organisasjonen på dette. Kommunal toppleiing må «sette på langlysa» og planlegge framtida, samtidig som dagens tenesteproduksjon skal haldast oppe.

Dette kan vere vanskeleg, og det blir litt som å sjå i krystallkula. Vi kan sjå på Amara sin lov som gjeld teknologisk utvikling, som seier at vi har ein tendens til å overvurdere konsekvensane av teknologi på kort sikt og undervurdere dei på lang sikt.

Slik har det vel alltid vore, også på andre område enn teknologi. Vi kan sjå på ein artikkel i The Times frå 1894, om det som er blitt kjend som «Den store hestemøkk-krisa». På denne tida hadde London 11.000 hestedrosjer og fleire tusen bussar. Kvar av bussane trengde 12 hestar i døgnet for å kunne haldast i drift.

Det var dette som fekk ein journalist til å skrive åtvarande i The Times i 1894 om denne trenden: «Dersom den heldt seg, ville kvar gate i London vere dekka av eit vel tre meters lag med hestemøkk i 1944».

Slik gjekk det ikkje, for i starten av hundreåret kom automobilen for alvor.

Dersom vi vurderer Amara sin lov opp mot dagens situasjon, så vil eg vise til at vi no har stor tru på digitalisering, robotisering og større kommunale einingar dei neste åra, men det er nesten ingen som snakkar om korleis den kommunale tenesteproduksjonen vil vere om ti år.

Vi kan vel vere sikre på at den kommunale tenesteproduksjonen om ti år vil vere noko heilt anna enn det vi ser i dag. Dei kommunane som vil lukkast med omstillinga, er dei som har førebudd organisasjonane på dei store endringane. Dersom eit bodskap blir gjenteken fleire gongar, vil motstanden bli mindre til meir den blir gjenteken.

Kommunane kan sjølvsagt velje å gjenta at vi skal ha meir av det vi har i dag, men eg trur kommunane bør kommunisere at vi kjem til å vere ein heilt annan organisasjon om ti år.

I tillegg til å gjenta bodskapet, så må kommuneorganisasjonane sikre at mellomleiarane har den nødvendige kompetansen, og då må kommunane styrke leiarkompetansen. Det er ikkje slik at dersom du er utdanna økonom eller jurist, så har du samtidig fått tildelt tilstrekkeleg leiarkompetanse. Å sikre slik kompetanse på leiarnivå, må gjerast gjennom systematisk vidareutdanning, og kommunane må ha eit langsiktig perspektiv på slik vidareutdanning.

Korleis vil det vere i Kommune-Noreg om ti år? Eg trur ikkje det er ei krise der vi manglar fagfolk til å møte eldrebølgja. Vi har truleg flytta fleire tilsette frå kontorpulten og ut i tenestproduksjonen «ansikt til ansikt» med brukarane.

På rådhusa vil det berre vere ordføraren, rådmannen og nokre servicemedarbeidarar. Resten av den administrative tenesteproduksjonen er ikkje blitt samla i større einingar, men er blitt automatisert og robotisert. Vi treng truleg ikkje å vente i ti år før vi ser dette, då eg er sikker på at vi om fem år ikkje har tilsette på lønns- og økonomikontora.