Debatt

Det er no det er viktig å hegne om lærarnorm og kompetansekrav, skriv Geir Røsvoll.

KS ber om fridom utan ansvar

Normene og krava i skulen er innført for at ein skal kunne gi eit likeverdig og godt tilbod til alle barn og unge, uavhengig av kommunen sine økonomiske musklar.

Publisert

Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning

KS sitt svar på den økonomiske krisa i Kommune-Noreg er å be regjeringa om å få lage ein dårlegare skule. KS brukar nemleg krisa til å be om å få fjerna dei få normene som i dag sikrar ei trygg og god opplæring til elevane.

«Ikkje misbruk ei god krise», er det noko som heiter. Og kanskje det er det KS har tenkt, når dei på Politisk kvarter i NRK og seinare på TV2-nyheitene gjentok sitt gamle kamprop om å få fjerna normer og kompetansekrav.

Ikkje la kommunar og fylkeskommunar spare gjennom å gjere opplæringstilbodet dårlegare!

«Om det ikkje kjem meir pengar, må regjeringa gi oss meir fridom», seier KS-leiar Gunn Marit Helgesen.

Lat det vere sagt fyrst: Utdanningsforbundet er heilt samd med KS i at det no er økonomisk krise i svært mange kommunar og fylkeskommunar.

I rektorundersøkinga til Utdanningsnytt og Skolelederforbundet frå i sommar melder 90 at de allereie må bryte lovkrav.

I dag sikrar lærarnorma eit minimum av ressursar i klasseromma, og kompetansekrava sikrar kvalifiserte lærarar. Begge er minimumskrav som skal garantere gode rammer rundt undervisning med ein lærarutdanna lærar.

Desse normene og krava er innført for at ein skal kunne gi eit likeverdig og godt tilbod til alle barn og unge, uavhengig av kommunen sine økonomiske musklar. Dei garanterer altså i dag eit minimum av kvalitet i utdanninga.

Å sleppe opp på desse krava, slik KS gjer, opnar for overfylte klasserom og tilsette i lærarjobben som, i verste fall, kjem rett frå russebussen. Alt no har Statsforvaltaren måtta slå ned på kommunar som tøyer lærarnorma gjennom å presse fleire elevar inn i klasseromma, og SSB har synt at nesten ein av fem lærarar alt står i klasserommet utan lærarutdanning.

Lærarnorm og kompetansekrav er avgjerande for kvaliteten på det tilbodet elvane får. Men det er og normer og krav som sikrar at dei pengane regjeringa løyver til opplæring, går til opplæring. Som situasjonen ute i Kommune-Noreg no syner: Det er i økonomiske nedgangstider det verkeleg er viktig med desse normene og krava.

Det er no det er viktig å hegne om lærarnorm og kompetansekrav. Lærarnorma vart innført i 2018, ho har såleis ikkje skylda for den økonomiske situasjonen i kommunane i 2024.

Ikkje la kommunar og fylkeskommunar spare gjennom å gjere opplæringstilbodet dårlegare! Det er det ingen som tener på i det lange løp.

Powered by Labrador CMS