Debatt

Elever i klasserom.
Sett frå klasserommet er minstenorm for lærartettleik heilt naudsynt for å sikre at ressursane kjem dit dei trengst, skriv Geir Røsvoll.

KS har alt den fridomen dei ber om

Den fridomen KS ber om, finst alt i dagens minstenorm for lærartettleik. Ho gir rektorane stort handlingsrom til å flytte lærarar mellom trinn og klasser ved behov.

Publisert

Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning

Å be om fridom er å ta ansvar skriv, KS her i avisa 3. oktober.

At KS og Utdanningsforbundet er grunnleggande usamde om bemanningsnormer i barnehage og skule, er ikkje ei nyheit. Det kjem klart fram i vårt fyrste innlegg KS ber om fridom utan ansvar og deira svar Å be om frihet er å ta ansvar.

Det som likevel krev eit svar frå oss, er at dei ikkje heilt ser ut til at KS veit at lærarnorma alt i dag gir dei den fridomen dei etterlyser i lesarbrevet.

Over tid har kommunane fått større fleksibilitet enn tidlegare.

KS skriv: En rektor bør eksempelvis ha mer rom for å flytte lærere mellom trinn og til klasser der det er mye uro og behov for ekstra støtte.

Men det er fullt mogleg å gjere det i dag innanfor norma. I dag har rektor stort handlingsrom til å flytte lærarar mellom trinn og klasser.

Lat oss ta det litt teknisk for almen folkeopplysing: Lærarnorma er delt inn i eit krav for 1.–4. trinn og eit anna krav for 5.–10. trinn. Desse to krava skal bli innfridd i form av eit gjennomsnitt.

Det ligg altså ikkje noko hinder i norma til å t.d. prioritere høg lærartettleik på 1. trinn eller klasser eller trinn som har særskilde utfordringar.

Med den norma me har no, har me gått frå eit ganske rigid system med klassedelingstal, til ein periode utan reglar, til no å ha ein regel om lærartettleik på hovudtrinn. Over tid har altså kommunane fått større fleksibilitet enn tidlegare.

Så kan ein spørje KS kven sin fleksibilitet dei spør etter. Er det fleksibilitet for kommuneadministrasjonen eller for skulen?

Sett frå klasserommet er minstenorm for lærartettleik heilt naudsynt for å sikre at ressursane kjem dit dei trengst, og den økonomiske situasjonen mange kommunar står i no syner kor viktig ho er.

Powered by Labrador CMS