Tone Marie Nybø Solheim er ei av dei kvinnelege rådmennene som blei tilsett i fjor. Ho jobbar i Grimstad. Arkivfoto: Marte Danbolt
Tone Marie Nybø Solheim er ei av dei kvinnelege rådmennene som blei tilsett i fjor. Ho jobbar i Grimstad. Arkivfoto: Marte Danbolt
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Leder
Lederartikler gir uttrykk for Kommunal Rapports syn. Ansvarlig redaktør har ansvar for innholdet.

På tide med fleire kvinner

Heldigvis er delen kvinner som er rådmenn høgare ved starten av dette året enn på same tid i fjor. 

Kommunal Rapport sin database over kven som er fast tilsett som rådmann eller administrasjonssjef i kommunane, viser at 29 prosent var kvinner ved inngangen til 2017, mot 26 prosent eitt år tidlegare. Utviklinga kunne vore betre.

Det er dessverre langt igjen til målet KS sette for mange år sia; at halvparten av alle rådmennene skulle vere kvinner. Auken på 3 prosentpoeng siste året er heller ikkje særleg stor, men at utviklinga går i riktig retning er det i alle fall grunn til å seie seg glad for.

Eitt år tilbake, skreiv vi her på leiarplass at det var kritisk få tilsettingar av kvinner på topp i kommuneadministrasjonane. Vi vil no som den gongen oppmode kommunane om å sjå spesielt etter gode kandidatar blant kvinnene – og rekruttere dei. For sjølv om Vestfold-kommunane no kan skilte med kvinnedel på 58, og Østfold- og Finnmark-kommunane er oppe i 41 prosent kvinner, så er bildet eit anna andre stader.

Berre ein kommune i Vest-Agder har ei kvinne som fast tilsett rådmann. I tillegg er fylkesrådmannen her kvinne, som i Østfold og i Telemark. Men kvinnedelen blant fylkesrådmennene er altså heller ikkje eit resultat vi kan si oss nøgd med.

Kjønnsfordelinga i maktstillingar som rådmennene har, krev full merksemd framover også. Kommunal Rapport vil sørge for søkelys på dette. Måtte situasjonen vere fleire hakk nærmare likestilling mellom kommunetoppane neste gong avisa skriv om fordelinga mellom kvinner og menn.

Å vere rådmann er ein av dei mest spanande toppleiarjobbane i landet. Det seier så å seie alle rådmennene som let seg intervjue av Kommunal Rapport – kvinner som menn. Posisjonen er viktig for innbyggjarane sine liv. Ikkje minst frå dette perspektivet er det grunn til å fylle opp med like mange kvinner som menn. I tillegg til at politikarane må ta sitt ansvar når dei skal rekruttere øvste administrative leiar i kommunen, må sjølvsagt kvinner ta ansvar for å sende sine søknader.