Det vil vere naturleg å prioritere flaumsikring i statsbudsjettet, meiner Kommunal Rapport. Bildet er frå siste flom i Tvedestrand. Foto: Kristian Vabo, NTB scanpix
Det vil vere naturleg å prioritere flaumsikring i statsbudsjettet, meiner Kommunal Rapport. Bildet er frå siste flom i Tvedestrand. Foto: Kristian Vabo, NTB scanpix
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Leder
Lederartikler gir uttrykk for Kommunal Rapports syn. Ansvarlig redaktør har ansvar for innholdet.

Ansvaret for flaumsikring

Det er grunn til å spørje kven som skal ha det endelege ansvaret i møtet med eit våtare klima.

Søndag kveld var det usikkert om barn i Tvedestrand ville komme seg på skulen måndag morgon. Både E18 og fylkesvegar var stengt, fordi heftig nedbør gav enorme vassmengder på vegane. Det var verre enn nokon gong før, sa ordføraren på tv, og konstaterte at vi må ta høgde for auka uvisse. Med for tronge avløp og mykje regn, kjem hyppigare tilfelle av flaum og skred, sa ein ekspert frå NVE. Vi må sikre oss — ikkje minst med førebygging.

Kristiansand er blant kommunane som klart har sagt at det ikkje vert aktuelt å byggje opp att eit hus på same stad, etter at flaumen tok det for kort tid sidan. Fleire kommunar bør truleg gi same alvorlege melding, sjølv om det er leit.

Kommunane skal etter plan- og bygningslova sjå til at risiko- og sårbarheit vert analysert når utbyggingsplanar blir laga. Planane må opplagt ta omsyn til at klimaet er i endring, og administrasjon og politikarar må ta dei på alvor. Å førebyggje skadar må stå sentralt.

To år er gått sidan overvannsutvalet la fram sitt arbeid, utan at vi ser større resultat. Og sjølvsagt er både KS og andre som har vore tett på økonomiske og menneskelege utfordringar med flaum og ras, misnøgde med regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett. Økonomisk satsing på førebyggjande tiltak ville venteleg forsterka arbeidet med å sikre innbyggjarar og eigedom i møte med ekstremt vêr. Gitt klimautviklinga, er det skuffande at regjeringa ikkje legg trykk på ei stadig viktigare oppgåve. Kommunane kunne hatt hovudansvaret for flaumsikring.

Kommunen er den viktigaste aktøren når det kjem til planlegging for framtida. Kommune-Noreg treng solid flaumsikring, god arealplanlegging og pengar til kartlegging og overvaking. Med øydeleggingane i Agder friskt i minnet, meiner vi det vil vere naturleg å prioritere flaumsikring i statsbudsjettet.