Me ser mange teikn til at mat for gamle vert teke langt meir på alvor enn tidlegare, men skuffande få kommunar spør brukarane systematisk om mattilbodet de får, meiner Kommunal Rapport. Illustrasjonsfoto: Britt Glosvik
Me ser mange teikn til at mat for gamle vert teke langt meir på alvor enn tidlegare, men skuffande få kommunar spør brukarane systematisk om mattilbodet de får, meiner Kommunal Rapport. Illustrasjonsfoto: Britt Glosvik
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Leder
Lederartikler gir uttrykk for Kommunal Rapports syn. Ansvarlig redaktør har ansvar for innholdet.

Enkle løysingar på alvorlege problem

Tre av fire kommunar som har svart på spørsmål frå Kommunal Rapport, seier no at dei gamle på sjukeheim får ete middag etter klokka 14. For berre to år sidan var det under halvparten som svarte det same.

Me må tenke på mat som ein heilt sentral kvalitet i tilbodet.

På dei to åra har me fleire stader sett ei god utvikling når det gjeld matkvalitet, særleg for gamle. Rett nok er det enno nokre kommunar kor tallerkenen slett ikkje ser ut som om han er lagt opp av Eyvind Hellstrøm, men me ser mange teikn til at mat for gamle vert teke langt meir på alvor enn tidlegare.

I Masfjorden kjem maten på bordet når bebuarane er svoltne, kan me lese i reportasjen i denne avisa. Så enkelt kan ein gjere det. Effekten der er at dei fleste et hovudmåltidet fleire timar seinare på dagen.

Så er det ikkje sikkert at til dømes problem med underernæring blant gamle er løyst ved at dei får ete når dei sjølv vil. Men det har også ein verdi at kommunen faktisk høyrer på dei som treng å få maten servert, i staden for at bebuarane berre må ta til takke med mat når kommunen synest det passar seg. Å involvere dei som faktisk skal ete maten, kan ikkje vere negativt. Kan hende kan ein òg — sjølv om mange på sjukeheim ikkje er i stand til å hjelpe — i større grad engasjere dei gamle til å vere med i planlegginga og laginga av maten. Men i så fall kan ikkje maten komme halvferdig frå andre delen av landet, slik det er somme plassar.

Berre er litt under halvparten av dei som svarer på vår undersøking, seier at dei faktisk spør brukarane systematisk om mattilbodet dei får. Det er skuffande. Kommunen må ha kunnskap om kva brukarane faktisk meiner.

Eldreminister Åse Michaelsen (FrP) seier til Kommunal Rapport at ho har fått meldingar om eldre som et betre, søv betre og brukar mindre medikament berre av di dei et middag seinare på dagen enn før.

Men det er viktig å merke seg at me ikkje kan seie om slike tiltak i seg sjølv løyser utfordringane med å servere så god og spennande mat, at eldre som av mange årsaker slit med å få i seg nok næring, et meir.

Kvalitet i eldreomsorga handlar ikkje om at gamle skal få sous vide-gris som er kokt i 64 graders vatn i 48 timar. Men det handlar om at me må tenke på mat som ein heilt sentral kvalitet i tilbodet, slik at flest mogleg i alle fall kan glede seg til å sette seg ved middagsbordet. Når dei sjølv ønsker det.