Personar med utviklingshemming er like ulike som andre, og det finst ikkje ein fasit og eit tal som vil passe for alle, skriv Liv Signe Navarsete. Hun etterlyser meir valfridom for bebuarane.

Lytt meir til bebuarane!

Det trengst ei revidering av bustadpolitikken for personar med utviklingshemming.

Publisert

Det har gått 30 år sidan HVPU-reforma. Statsforvaltaren i Vestland etterlyser meir valfridom for bebuarane, og oppmodar til ny offentleg debatt om det statlege regelverket, kommunal praksis og kva personar med utviklingshemming sjølv meiner er gode bustadløysingar.

I 1985 konkluderte eit samla offentleg utval med at livssituasjonen og levekåra for psykisk utviklingshemma i institusjonane er medmenneskeleg, sosialt og kulturelt uakseptable (NOU 1985:34, s. 12).

Kommunane gir uttrykk for at alle, så langt som mogleg, skal få velje bustad og buform ut frå eigne behov og ønske. Det er ofte ikkje slik det fungerer i praksis.

Utvalet tilrådde ei rask avvikling av Helsevernet for psykisk utviklingshemma (HVPU). HVPU-reforma kom på 90-talet, og bygde på eit integrerings- og normaliseringsprinsipp. Stortingsmelding nr. 47 (1989—90) la til grunn at levekåra skulle vurderast ut frå dei verdiane og normene som gjeld for alle, og at det ikkje skulle vere ein særskild målestokk for personar med utviklingshemming.

Mykje har endra seg til det betre på 30 år med fagutvikling, buoppfølging, rettar til brukarstyrt personleg assistanse og auka levealder.

Norsk bustadpolitikk har som mål at flest mogleg skal bu i mest mogleg vanlege bustader i ordinære bumiljø, og ha høve til å leve sjølvstendige og aktive liv. Kommunane har gjort store investeringar i bustader til personar med utviklingshemming, og får investeringstilskot og lån til bustadene frå Husbanken.

Husbanken tilrår fire til ti samlokaliserte bustader i rettleiaren for lokalisering og utforming av omsorgsbygg. I praksis vert dette talet overskride i ei rekke byggjesaker.

Det er grunn til å hevde at det no er på tide å ha ein ny diskusjon rundt det statlege regelverket, som Husbanken forvaltar, og praksisen som gjeld når den enkelte skal flytte i ny bustad. Særleg gjeld dette talet på kor mange som kan bu saman og krav til lokalisering.

Personar med utviklingshemming er like ulike som andre, og det finst ikkje ein fasit og eit tal som vil passe for alle. Nokre lever sjølvstendige liv i ein ordinær bustad, har behov for få tenester og kan leve godt integrert i nærmiljøet. Andre har behov for heildøgns helse- og omsorgstenester og vil kanskje ha sitt viktigaste nettverk blant andre i same situasjon.

Skal ein nå målsettinga om normalisering og integrering, må det handle om å tilby ulike løysningar til bebuarar med ulike behov.

Noreg er forplikta til å følgje FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne. Artikkel 19 presiserer at personar med utviklingshemming skal kunne velje bustad, og kvar og med kven dei skal bu, på lik linje med andre.

Dei fleste personar med utviklingshemming leiger bustad frå kommunen. Om lag 25 prosent av alle utviklingshemma eig sin eigen bustad, mens eigardelen for resten av befolkninga er om lag 80 prosent. Det gjer utviklingshemma sterkt underrepresenterte blant bustadeigarane.

Kommunane gir uttrykk for at alle, så langt som mogleg, skal få velje bustad og buform ut frå eigne behov og ønske. Det er ofte ikkje slik det fungerer i praksis. Mange ventar i fleire år på ein bustad, og når dei endeleg får eit tilbod, er det vanskeleg å ikkje takke ja.

I praksis organiserer fleire kommunar tenestene slik at det avgrensar vala, og ein har ikkje innverknad på kor ein kan bu og kven ein vil bu saman med.

Det finst konkrete døme i norske kommunar på samlokaliserte bustader for åtte bebuarar med ei personalgruppe på over 70 tilsette, og bufellesskap med tre bebuarar med berre éin tilsett på jobb til ei kvar tid.

Kommunar vil ofte ha fleire bueiningar saman. Dei grunngir samlokalisering med tilgang på helsepersonell med rett kompetanse, gode fagmiljø og førebygging av einsemd. Dei avviser at motivasjonen er stordriftsfordelar ved å samle mange bustader på éin stad.

Statsforvaltaren etterlyser meir valfridom for bebuarane. I eit samfunn der einsemd aukar og der nærmiljø, tryggleik og bustad påverkar livskvalitet, er det neppe tenleg å sette eit tal bueiningar som gjeld for alle. Normalisering og integrering handlar om å etablere bustadtilbod som legg til rette for eit så meiningsfullt liv som mogleg.

Å ta avgjerd utan at bebuaren er med, og ikkje ha system for avgjerdsstøtte, er ikkje i tråd med prinsippa i FN-konvensjonen. Vi etterlyser meir merksemd på brukarmedverknad, både på individ- og systemnivå. Vi bør ha ein overordna diskusjon om kven som har behov for eigen bustad og kven som vil ha større utbyte av å bu i meir institusjonsliknande rammer.

Vi treng meir kunnskap om kva som er dei beste løysingane for den det gjeld, ikkje løysingar baserte på utdaterte prinsipp og økonomiske prioriteringar.

Det trengst ein offentleg debatt både frå staten og kommunar, og ei revidering av bustadpolitikken for personar med utviklingshemming.

Powered by Labrador CMS