Debatt

— Det trengst mot til å ta upopulære, men strategiske avgjerder, skriv statsforvaltar Else-May Botten og assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste i Møre og Romsdal i dette innlegget.

Tøffe tider, tøffe prioriteringar

I desse dagar er struktur og tenester i spel. Tøffe prioriteringar må til, og dei verkar inn på oss alle.

Publisert

Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning

Økonomien til kommunane i Møre og Romsdal fekk seg ein skikkeleg knekk i 2023. Det er mange årsaker til dette, blant anna høg rente, prisstigning og skattesvikt.

Kommunestyra må sette på langlysa.

Kommunane våre har investert mykje dei siste åra. Det har bidrege til at fylket vårt har den nest høgaste lånegjelda i landet. Derfor treff høg rente ekstra hardt.

Dei fleste kommunane styrer mot underskot i år. Samtidig har dei heilt, eller delvis, brukt opp pengane dei har spart. Når sparekontoen er tømt og gjelda høg, må kommunane ta grep som monnar for å få økonomien på rett kjøl.

Dei fleste vil ikkje kunne oppretthalde dagens nivå på tenestetilbod. Det vil innbyggjarane merke.

Sjølv om kommunane har fått meir midlar gjennom utbetaling frå havbruksfond, ekstra løyvingar og ei auke i frie inntekter i 2025, er det langt frå nok til å dekke behovet. 

Å omstille drifta, og å styre økonomien stramt er nødvendig.

Kommunestyra må løfte blikket og sjå strategisk på situasjonen. Dei må lage økonomiske planar som held balanse mellom kostnadar og inntekter, og slik få ein berekraftig økonomi på sikt. 

Denne hausten har både Tingvoll og Hareid komme under statleg kontroll av økonomien, det vi kallar Robek. Dei må vise at dei klarer å komme i økonomisk balanse igjen, før dei får tilbake kontrollen over eigen økonomi. Fleire av kommunane i fylket ligg an til å følgje etter.

Samtidig med at kommunane har dårleg økonomi, slit så godt som alle med å få nok og kvalifisert arbeidskraft. Det blir også fleire eldre i befolkninga, og færre barn og unge. Dette krev store tilpassingar og omstilling.

Kommunestyra må sette på langlysa og vurdere kva som er beste moglege løysing for innbyggjarane i heile kommunen. Vi er berre i starten av omstillinga. 

Kutt i budsjetta rokkar ved ulike mål, verdiar og tradisjonar — og ved tenestene til oss innbyggjarar. Velferdssamfunnet vi har vore vane med, vil bli endra.

Mange kommunar rapporterer om at forventningane i befolkninga ikkje står i stil med kva kommunen kan gi, i mangel av både pengar og fagfolk.

Kommunane må sjå seg om etter måtar å få ned kostnadar på. Auka samarbeid med andre kommunar kan bidra til dette, og att på til gi betre kontinuitet i tenester. Kommunar kan dele på lovpålagt fagkompetanse, til dømes innan helse og omsorg. Dei kan også ha fellesløysingar på vikarar.

Statsforvaltaren oppmodar til meir tenestesamarbeid med nærliggande kommunar. Erfaring viser at det svarar på lovkrav og kan vere lønnsamt.

Vi oppmodar også til å legge pengar i førebyggjande og berekraftige tiltak. I heile Noreg skal kommunane legge til rette for god folkehelse, vareta barn sitt beste og arbeide for å inkludere alle i samfunnet. Slik skapar vi eit robust samfunn. Det er billigare å førebygge enn å reparere.

Kommunane står midt i val som vil krevje omstilling. Ikkje berre av dei som sit i kommunesalen, men av oss alle. Det trengst mot til å ta upopulære, men strategiske avgjerder. Politikarar over heile fylket, og heile landet, må løfte blikket og forstå si tid.

Berekraftige og gode val er ikkje nødvendigvis enkle, men heilt nødvendige.

Powered by Labrador CMS