Nyheter

Rådmann Ingebjørg Vamråk på kommunestyremøtet 24. april. Dei same politikarane røysta tysdag for å seie opp rådmannen. Foto: Magnus Knutsen Bjørke
Rådmann Ingebjørg Vamråk på kommunestyremøtet 24. april. Dei same politikarane røysta tysdag for å seie opp rådmannen. Foto: Magnus Knutsen Bjørke

Rådmann måtte gå på dagen

Rådmann Ingebjørg Vamråk i Fedje måtte tysdag gå frå jobben etter SMS-innkalla hastemøte i kommunestyret. Ho stiller seg uforståande til oppseiinga.

Publisert Sist oppdatert

Tysdag denne veka måtte rådmann Ingebjørg Vamråk i Fedje gå på dagen. Det var eit samrøystes kommunestyre som vedtok oppseiinga av rådmannen, etter å ha fått innkalling til møte på SMS. Møtet der oppseiinga vart vedteke, var lukka.

Vamråk har vore rådmann i Fedje sidan 1. august 2016.

Kommunen har ikkje komme med noko formell grunngiving for oppseiinga, men ordførar Stian Herøy (H) uttalte til NRK at kommunestyret over tid har vore misnøgde.

- Så skjedde det ei enkelthending som gjorde at me ønskte å avslutta dette så fort som råd, seier ordføraren.

Det er ikkje kjent kva denne hendinga er. 

Rådmannen reagerer sterkt

- Eg stiller meg temmeleg uforståande til dette. Eg har fått gode tilbakemelding og levert så det susar. Eg reagerer sterkt på framgangsmåten, og vil sørga for at dette får eit juridisk etterspel. Eg trur nok at eg har komme for nær nokre gamle og uformelle maktstrukturar i kommunen, seier Vamråk til NRK.

Vamråk har søkt juridisk hjelp og varsla at oppseiinga vil få eit juridisk etterspel. 

Fem tilsette i administrasjonen har sagt opp det siste året. Plansjef Øyvind Tolleshaug er konstituert som rådmann.

24. april dekka Kommunal Rapport kommunestyremøtet i Fedje. Der orienterte Vamråk om ny sentrumsplan, ope rådhus og ny ferjerute frå Bergen til Fedje.

I papirutgåva nr. 14 skriv Kommunal Rapport: «Det er litt gnisninger mellom rådmannen og politikerne. Særlig høyrefolkene er misfornøyde med mangelen på anbud. — Har sentrumsplanen væt på anbud, vil Toril Hermansen Horgen (H) vite».

Også i ei sak om opprusting av badestrand vert det etterlyst anbod.

Powered by Labrador CMS