Nyheter

Aud Hove (Sp) er til dagleg fylkesvaraordførar i Innlandet, men har møtt på Stortinget dei siste vekene. – Utruleg interessant, men i fylkes- og kommunepolitikken er du tettare på kvardagen til innbyggjarane, seier ho.
Aud Hove (Sp) er til dagleg fylkesvaraordførar i Innlandet, men har møtt på Stortinget dei siste vekene. – Utruleg interessant, men i fylkes- og kommunepolitikken er du tettare på kvardagen til innbyggjarane, seier ho.

Saknar pengar til grøn omstilling

Fylkesvaraordførar Aud Hove (Sp) vikarierer på Stortinget. Der åtvarar ho mot gode intensjonar på vegner av kommunesektoren. Dei skapar utfordringar og kostnader.Folkevalgt

Publisert Sist oppdatert

Folkevalgt

I år er det kommunevalg. Kommunal Rapport vil fram mot valget intervjue kandidater til valget, men også de som takker for seg.

Aud Hove (53)

  • Posisjon: Fylkesvaraordførar i Innlandet for Sp og førstekandidat ved fylkestingsvalet.
  • Bakgrunn: Agronom, gardbrukar og har jobba i mange år i skule- og kulturskule.
  • Viktigaste sak: Rettferd. For å få til det må det vere god lokal forankring i alt vi gjer.

– Du går på ei ny runde som fylkespolitikar i eit fylke som partiet ditt, Sp, eigentleg ikkje ville ha. Korleis er det?

– Det er eit paradoks, men vi har gjennom heile prosessen med regionreform sagt at vi ønsker å utvikle heile Oppland og heile Hedmark. Vi meiner framleis at fylket er for stort. Vi vann kampen om folkerøysting, vi fekk fleirtal for oppløysing, men ikkje fleirtal for deling i fylkestinget. Det må vi berre ta til etterretning og arbeide for eit best mogleg fylke. Vi må arbeide for å utvikle, ikkje avvikle lokalsamfunn, kommunar og næringsliv i heile fylket.

– Samarbeidet med Arbeidarpartiet fekk seg ein knekk i samband med spørsmålet om deling. Kan de finne saman igjen etter valet eller freistar samarbeid med Høgre meir?

– Eg seier før kvart einaste val at vi går til val på vårt eiga program. Det gjorde vi også for to år sidan. Då fekk vi skifte av regjering og ei god plattform for Innlandet. Det er lettare å samarbeide med Ap enn Høgre på mange område, men veljarane får røyste først og så får vi forhandle. Vi tar ingenting for gitt. Politisk gjennomslag er viktigast.

– Kva er dei største utfordringane for Innlandet dei neste åra?

– Eigentleg kunne eg tenkt meg å snakke om kva som er dei største moglegheitene. Men vi slit med folketalet. Her er vi snart på same stad som Finnmark. Vi eksporterer også mykje ung kompetanse til resten av Austlandet. Så har vi mykje jord- og skogbruk og reiseliv, men mange av desse verksemdene slit med dårleg lønnsemd. Innlandet har ein bioøkonomistrategi som er viktig for oss, men vi har ikkje nådd langt nok. Det har også gått mykje tid til kommune- og regionreform og krisehandtering. Vi må jobbe for betre utteljing på inntektssystemet slik at vi kan halde oppe dei vidaregåande skulane våre, få ein betre kollektivtrafikk og fikse fleire fylkesvegar.

– Du er vara til Stortinget er inne på Løvebakken mens vi snakkar. Korleis er livet som rikspolitikar samanlikna med livet som fylkespolitikar?

– Utruleg interessant, men i fylkes- og kommunepolitikken er du tettare på kvardagen til innbyggjarane. Rikspolitikken blir meir overordna, sjølvsagt. Men det er viktig å hugse at for kvar rettigheit som Stortinget vedtek, uansett intensjonar, må vi rekne på kva det tyder for lokaldemokratiet. Gode intensjonar skapar utfordringar. Her må vi bli flinkare til å sjå saker i samanheng og forankra avgjerdene betre.

– Har du arbeidd med nokre saker som lokal- og fylkespolitikarar må vere merksam på?

– Ja, vi har akkurat vedteke ein langtidsplan for forsking og høgare utdanning. Så kjem det ei ny opplæringslov og ei melding om kompetansebehov. Mykje av dette vil påverke desentralisert utdanning og fagskuleutdanning. I Innlandet har vi eit næringsliv som skrik etter fagkompetanse. Vi må sjå korleis vi kan legge til rette for betre fagskuleløp.

– Kva for saker, som er viktige for lokalpolitikken, vil du gjerne ha meir debatt om?

– For Innlandet, som er utgangspunktet mitt, er det fylkesøkonomien. Fylkeskommunen skal vere samfunnsutviklar, men dei siste ti åra har vi meir eller mindre mista dei regionale utviklingsmidlane. Vi har til dømes ikkje pengar til grøn omstilling. Det er etterslep på vedlikehald av fylkesvegar. Vi manglar også pengar til å utvikle kollektivtrafikken fordi Innlandet ikkje får noko ekstra gjennom byvekstavtalar eller andre ordningar. 75 prosent av det vi har, går til lovpålagd skuleskyss.

– Partiet ditt slit. Kva er ditt beste råd for at valoppslutninga skal bli betre?

– Vi må vere meir frimodige i å fortelje kva vi meiner. Eg veit at mange vegrar seg for å gå ut i det offentlege rommet for å seie kva Sp vil på grunn av hets og sjikane. Men vi må jo stå for vår eigen politikk. Men våren og kva regjeringa klarer å lande av ulike saker, blir avgjerande. Så må vi nå ut i lokale media.

– Du får vere kommunalminister for ein dag. Kva ville du gjort?

– Då ville eg gjort noko med kommuneøkonomien. Den grunnleggande økonomien må bli betre. Så må det blir mindre tilsyn frå staten. Mindre kontroll og meir pengar og tillit til at lokalpolitikarar klare å skjøtte eigne lokalsamfunn. Stortinget må passe seg for å detaljstyre. Skal vi klare å rekruttere menneske inn i kommunestyre og fylkesting, må det vere større økonomisk handlingsrom. Det har Noreg råd til. No blir det for stramt.

Powered by Labrador CMS