Satsar på sjølvstyrte team i Sogndal
Store utfordringar krev dristige løysingar. Sogndal satsar på sjølvstyrte team.
Kommunedirektør Tor-Einar Holvik Skinlo fortel i siste episode av podkasten Kontrollutvalget om kvifor kommunen har valt å organisere viktige tenester via sjølvstyrte team.
Skinlo seier forsøket så langt har gitt gode resultat.
Det heile starta med ein samanslått kommune med ein del uro, men også er erkjenning av at kommuneorganisasjonen står i ein situasjon med stadig raskare endringar og behov for å yte mykje meir samansette tenester enn det kommunane har vore i stand til. Mellom anna å kunne vri innsatsen til meir og tidlegare førebygging og sterkare involvering av lokalsamfunnet.
Inspirert av Danmark
Det var også eit mål å betre det økonomiske handlingsrommet — og unngå kollaps — og ikkje minst gi betre tenester til innbyggjarane. Kommunen har latt seg inspirere av forsøk i Danmark, Nederland og internasjonal forsking. At kommunen er styrt av lovar og reglar, er ikkje noko hinder, meiner han.
— Mykje av regelstyringa går på korleis tenestene skal ytast, ikkje på korleis kommunen skal vere organisert og rigge seg. Det meir ope, og med ny kommunelov ligg det vide fullmakter til kommunedirektøren på akkurat det spørsmålet, seier Skinlo.
Han meiner handlingsrommet er stort.
Tre typar utfordringar
Sogndal har nytta metodikk som regjeringa har utforma i samband med tillitsreforma.
— Då kan vi sortere tre ulike typar utfordringar. Den eine delen er ting som vi berre kan løyse sjølv, men som blir opplevd at ein ikkje har handlingsrom eller moglegheit til å løyse i kvardagen. Der er sjølvstyrande team eit viktig svar.
— Så er det ein del ting som treffer på kryss og tvers av forvaltningsnivå. Der opplever vi å ha ein god dialog med Statsforvaltaren og departementet om korleis vi kan jobbe på andre måtar på tvers av forvaltningsnivå. Den tredje delen er lov- og regelendringar som gir oss utfordringar.
Ifølgje Skinlo er det kommen langt med dei to dei to første. Den tredje delen kan la seg løye gjennom forsøkskommuneordninga.
Flytter makt
Kommunedirektøren understrekar at partssamarbeidet er avgjerande for å få til eit slikt forsøk. — Det er i fellesskap med dei tillitsvalde at ein bestemmer kva område vi skal teste team på, korleis vi skal teste det, kva slags køyrereglar det skal vere. Der handlar det i ytste instans om å flytte makt frå kommunedirektøren til partssamarbeidet, og deretter frå partssamarbeidet heilt ut til den gruppa som får moglegheit til å påverke eigen arbeidsfordel, seier Skinlo.
Høyr meir om kva dei gjer i Sogndal i Kontrollutvalget denne veka.
Der blir det også samtale med professor emeritus Jon Helge Lesjø om Innlandets politiske landskap og korleis den aktuelle skulestriden kan påverke forholdet mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet.