Nyheter

Ordførar Jonas Andersen Sayed og Sokndal har etablert samarbeid med Zaliztsi kommune i Ukraina. – Vi skal ikkje undervurdere kva det tyder for moralen at norske kommunar og politikarar gir si støtte, seier Sayed.
Ordførar Jonas Andersen Sayed og Sokndal har etablert samarbeid med Zaliztsi kommune i Ukraina. – Vi skal ikkje undervurdere kva det tyder for moralen at norske kommunar og politikarar gir si støtte, seier Sayed.

– Ting tar lang tid i offentleg sektor

Jonas Andersen Sayed (KrF) var den yngste ordføraren i landet, men syntest han kom fort inn i rolla. Seinare oppdaga han at det ikkje er éin måte å vere ordførar på.Folkevalgt

Publisert Sist oppdatert

Folkevalgt

I år er det kommunevalg. Kommunal Rapport vil fram mot valget intervjue kandidater til valget, men også de som takker for seg.

Jonas Andersen Sayed (25)

  • Posisjon: Ordførar i Sokndal.
  • Bakgrunn: Student.
  • Viktigaste sak: Flaumsikring av kommunesenteret Hauge. Først og fremst for å hindre enorme materielle skader og fare for liv og helse, men også for å få fart på bustad- og næringsutviklinga.

– Du er stadig ein av Noregs yngste ordførarar. Nå ønsker du attval. Kvifor?

– Det er ein meiningsfull jobb. Sjølv om valperioden er fire år, tar vi avgjersler som får verknad fleire tiår framover. Til dømes har eg vore med på å forlenge den nasjonale turistvegen frå Jæren til Flekkefjord, via Sokndal. Så har vi bustadsosiale prosjekt, omsorgsbustader, skatepark. Vi har, etter mange års arbeid, fått på plass motorsportsenteret KNA Raceway og Jøssingfjord vitenmuseum. Ja, lista er lang.

– Korleis vil du skildre ordførargjerninga så langt?

– Eg er blitt kjent med mange menneske både i og utanfor kommunen. Eg har lært at ting tar lang tid i offentleg sektor, til dømes å forbetre tenestene. Og eg har lært at det er mange moglegheiter for å ta omkampar, både på godt og vondt.

– Kva har overraska deg mest ved vervet?

– At eg kom så fort inn i rolla som eg gjorde. Etter å ha blitt kjent med andre ordførarar ser eg også at det ikkje er éin måte å vere ordførar på, eller éi oppskrift for å bli populær.

– Opplever du deg sjølv som populær?

– Foreløpig har eg fått mange positive tilbakemeldingar, sjølv om ein ikkje kan gjere alle til lags. Eg er særleg glad for at fleire politiske motstandarar seier dei er fornøgd med korleis eg representerer kommunen.

– Kva er du mest fornøgd med?

– Kanskje at vi har fått eit godt samarbeidsklima i kommunestyret. Det er ikkje noko vi kan ta for gitt. Eg merker kor godt det er for politiske diskusjonar at vi respekterer kvarandre. Vi har nettopp hatt ein heftig vindkraftdebatt, men dei politiske diskusjonane har vore gode, sjølv om vi er rivande usamde.

– Kva har frustrert deg mest i rolla som ordførar?

– Det er når ting ikkje fungerer. Som ein liten kommune, har vi hatt utfordringar på plan- og byggesaksfeltet. No har vi fått på plass eit interkommunalt samarbeid. På sikt trur eg det blir bra.

– Partiet ditt, KrF, slit. Korleis skal de komme på offensiven i lokalpolitikken?

– Lokalt skal vi vise oss som stolte ambassadørar for kommunen, kva vi har gjort og kva vi skal gjere framover.

– KrF blir oppfatta som eit parti for eldre menneske. Men du er ein av fleire unge profilerte politikarar. Kva er det som tiltrekker deg ved partiet?

– KrF skil seg ut med verdigrunnlaget, familiepolitikken og det globale perspektivet. Så trur eg ikkje at alt er politikk. Gode lokalsamfunn er bygd på gode familiar, frivillige og bedriftseigarar som tenker på meir enn botnlina.

– Sokndal har etablert vennskapssamarbeid med ein kommune i Ukraina. Du har vore på vitjing der? Kva kan norske kommunar bidra med?

– Vi kan inspirere dei, både med tanke på demokratisk organisering og korleis vi driv offentlege tenester. Vi kan mobilisere lokalsamfunnet. Eit godt døme er den nødhjelpa og dei bilane som er køyrd ned frå Sokndal til samarbeidskommunen vår. Vi skal heller ikkje undervurdere kva det tyder for moralen at norske kommunar og politikarar gir si støtte. Det har eg sjølv sett døme på.

– Kva ville du gjort viss du fekk vere kommunalminister for ein dag?

– Då hadde eg rydda opp i det håplause trekket i rammetilskotet på grunn av konsesjonskraft som regjeringa vedtok i fjor haust. Sokndal, som ikkje har tent ei einaste ekstra krone på dei høge straumprisane, blei trekt 5,8 millionar kroner. No er talet justert, men vi får ikkje svaret før revidert kjem i mai. Men vi har ikkje fått gjennomslag for at kommunar som har mindre konsesjonskraftvolum enn forbruk til eiga drift, skal skjermast.

Powered by Labrador CMS