Nyheter

– Det kan bli vanskeleg å nå det nye nasjonale målet på maksimalt 2.000 dekar innan 2030, om ikkje kommunane fører tilbake meir dyrka jord frå byggeformål til landbruksformål i dei kommunale arealplanane, meiner landbruks- og matminister Geir Pollestad. Her frå bygginga av ny riksve4 i Lunner.
– Det kan bli vanskeleg å nå det nye nasjonale målet på maksimalt 2.000 dekar innan 2030, om ikkje kommunane fører tilbake meir dyrka jord frå byggeformål til landbruksformål i dei kommunale arealplanane, meiner landbruks- og matminister Geir Pollestad. Her frå bygginga av ny riksve4 i Lunner.

Vegar og hus et mindre matjord

Kommunane tek betre vare på dyrka mark enn tidlegare, men det er likevel ein god veg att til målet, syner nye tal frå SSB.

Publisert Sist oppdatert

Kostra-tal frå SSB syner at omdisponeringa av dyrka mark i fjor var på 2.740 dekar medan det året før blei omdisponert om lag 3.500 dekar. Også i 2021 var talet høgare. Men det er framleis ein veg å gå mot målet om maksimalt 2.000 årleg innan 2030.

Landbruks- og matminister Geir Pollestad rosar kommunane for at dei tek ansvar.

– Dette er det lågaste talet for omdisponering av matjord i vår tid. Det viser at politikken verker og at kommunane tar ansvar. Regjeringa vil fortsette å føre ein streng jordvernpolitikk. Det er ein viktig del av styrkinga av matberedskapen, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Samferdsel og bustader stor for største delen av omdisponeringa i 2023.

505 dekar dyrka jord blei førte tilbake til landbruksformål, noko som er ny rekord. 

– Det kan likevel bli vanskeleg å nå det nye nasjonale målet på maksimalt 2.000 dekar innan 2030, om ikkje kommunane fører tilbake meir dyrka jord frå byggeformål til landbruksformål i dei kommunale arealplanane. I tillegg vil eg oppfordre alle kommunar til å lage egne jordvernstrategiar, seier Pollestad.

– Naturverdiane veg tyngre

Nye tal syner også at det vart godkjent mindre areal for nydyrking enn tidlegare. I underkant av 10.000 dekar blei godkjent i fjor medan i toppåret 2019 blei det godkjent 28.000 dekar til nydyrking.

Nydyrking av myr blei forbode i 2020 av klimaomsyn.

– Forbodet har nok heilt klart spelt inn, men det kan også vere at nedgangen i omdisponering av dyrka jord betyr at behovet for erstatningsareal er mindre. Ein relativt høg avslagsprosent på nydyrkingssøknadar kan også tyde på at natur- og kulturlandskapsverdiane veg tyngre enn før, seier seksjonssjef Aud-Inger Krefting i Landbruksdirektoratet.

Powered by Labrador CMS