Nyheter
Statsrådar ber kommunepolitikarar ta grep
Kommunalminister Erling Sande (Ap) og landbruksminister Geir Pollestad (Sp) har sendt brev til kommunane der dei minner politikarane om ansvaret dei har for å ta vare på matjorda for å trygge matforsyninga.
Ta vare på matjorda! Dette er hovudbodskapet i eit brev landbruks- og matminister Geir Pollestad og kommunal- og distriktsminister Erling Sande har sendt til alle kommunane.
Dei to statsrådane legg i brevet vekt på at både klima og krig har synt at vi treng god beredskap og at vi må ta vare på matjorda for å trygge matforsyninga.
– Vi må gjere meir for å redusere nedbygginga av matjorda vår. Mattryggleik og sikring av areal for matproduksjon er blitt høgaktuelt og livsviktig. For å redusere omdisponeringa av dyrka jord er vi heilt avhengig av at kommunane tek sin del av ansvaret, sidan dei styrer arealpolitikken lokalt. Kommunane har gjennom arealplanlegginga eit stort ansvar for korleis landbruksareala blir forvalta, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad, i ei pressemelding.
140.000 dekar ubygd mark
Ifølge ein fersk rapport frå Norsk institutt for naturforsking (NINA) er det sett av minst 140.000 dekar dyrka mat til utbyggingsføremål i kommunale planar som enno ikkje er realisert. Det er difor stort potensial for å spare dyrka mark ved å tilbakeføre område til LNFR (landbruks-, natur-, frilufts og reindriftsføremål.)
«Her er det mogleg for nye kommunepolitikarar å ta grep», skriv statsrådane i brevet.
– Eg håpar alle lokale folkevalde vil vere med å sikre at også framtidige generasjonar har areal å dyrke mat på, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Sjå heile brevet - Matjord og arealplanlegging i kommunane (pdf)
Sjå oppdatert jordvernstrategi (pdf)
Stortinget har vedteke ein ny nasjonal jordvernstrategi, etter framlegg frå regjeringa. Strategien inneheld eit skjerpa nasjonalt mål for omdisponering av dyrka jord, og nye konkrete tiltak for å nå målet. I den nye jordvernstrategien er målet for omdisponering av dyrka mark satt til maksimalt 2000 dekar pr år, og målet skal nås innan 2030.
Regjeringen har auka støtta til arealplanlegging for natur med vel 50 millionar kroner, og opner også for tilskot til kommunar som vil gjennomføre planvask for å ivareta naturverdiar. Søknadsfrist er 11. februar.