Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Har kjempa for nynorsk i ti år

Landssamanslutninga av Nynorskkommunar (LNK) er ti år og held landsting og feirar seg sjølv i dag og i morgon. Tiåringen er ikkje nøgd med korkje KS eller Kommunal Rapport når det gjeld bruk av nynorsk.

- 25 prosent nynorsk burde være et minstekrav i KS. Og det er langt mellom kvar artikkel på nynorsk i Kommunal Rapport, seier avtroppande styreleiar Nils Taklo til Kommunal Rapport.

Taklo går av både som ordførar i Ørsta og som styreleiar i LNK i år. Styreleiar har han vore i alle ti åra. LNK vart skipa i 1993 med 86 kommunar som medlemmar. Organisasjonen har kjempa for meir nynorsk i kvardagen i ti år. Også bokmålsbrukarar bør sjå meir nynorsk i kvardagen, meiner dei.

- Vaktbikkje

LNK har i dag 103 medlemskommunar frå Romsdal i nordvest til Rogaland i sør. Ein del innlandskommunar er óg medlemmar.

- LNK har fått nynorsken til å bløme dei siste ti åra. Vi har vore ei vaktbikkje i forhold til Stortinget, departementa og KS. Nynorsken kjem betre fram no. Den står sterkare i kommunar og departementa i dag enn for ti år sidan, seier Taklo.

No også på data

Taklo meinar at krav om nynorsk målføre aldri har vore noko problem ved tilsetjingar i kommunane - snarare tvert om. LNK har fått målføre til å bli eit politisk tema i kommunane. Organisasjonen er oppteken av at målføre og identitet høyrer saman. Difor har organisasjonen også jobba med å få fram programvare på nynorsk.

- No har alle dei største dataprogramma eit språkprogram på nynorsk, seier Taklo.

Målpris

Strukturendringar i Kommune-Noreg er hovudtema under landstinget i dag og i morgon. Tinget vert halde på Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Fredag vert ein målpris til den personen, kommunen eller institusjonen som har markert seg med aktiv nynorskbruk dei to siste åra utdelt.

Jan Magne Dale, også frå Ørsta, er innstilt av valnemnda som ny leiar i LNK, etter at Nils Taklo går av etter ti år som styreleiar. Jan Magne Dale (57) har lang fartstid i politikken på lokal- og fylkesnivå for SV.

Skrevet av: Siri Baastad