Nye Ålesund skal ha nynorsk som hovudspråk. Det er ein av grunnane til at Språkrådet har kåra Nye Ålesund til årets nynorskkommune. Foto: Colourbox
Nye Ålesund skal ha nynorsk som hovudspråk. Det er ein av grunnane til at Språkrådet har kåra Nye Ålesund til årets nynorskkommune. Foto: Colourbox
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Nye Ålesund er årets nynorskkommune

Juryen meiner kommunen utmerkar seg ved å ha ei raus og demokratisk innstilling til språk.

Ved årsskiftet blir Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund til Nye Ålesund. I intensjonsavtalen står det at kommunen skal ha nynorsk målvedtak. All publikumsinformasjon om den nye kommunen er på nynorsk.

Det har Språkrådet merka seg. Måndag morgon vart Nye Ålesund kåra til “Årets nynorskkommune 2019”. Prisen, som er på 100.000 kroner, vart delt ut av kulturminister Trine Skei Grande på eit frukostmøte på Kulturhuset i Oslo.