Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Kom ut av Robek - men dårlegare resultatgrad

Sykkylven hadde eit netto driftsresultat på 11,3 millionar kroner i fjor, ifølge den ureviderte rekneskapen. Det er 19,1 millionar kroner mindre enn i 2016. Målt mot kommunens samla inntekter, er netto driftsresultat på 2,1 prosent. Netto driftsresultat er dermed noko betre enn det Teknisk berekningsutval har som grense for sunn økonomi (1,75 %). Målt mot dei fire siste åra, var driftsmarginen i fjor litt svakare.

Inntektene auka med 1,9 prosent i fjor. Lønnsutbetalingane i kommunen auka med 6,5 prosent. 53 prosent av dei totale inntektene i kommunen går til lønn.