Sandøy er ein av kommunane som har høgast langsiktig gjeld. Langsiktig gjeld må samstundes ikkje forvekslast med kva kommunen faktisk sjølv må svare for når det gjeld renter og avdrag. Arkivfoto: Fridgeir Walderhaug

Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Dårlege tal før samanslåing

Øykommune i Møre og Romsdal har driftsunderskot i sitt nest siste leveår.

Sandøy enda med eit dårleg økonomisk resultat i fjor, ifølgje rekneskapen som no er sendt til revisjonen. Underskotet vart på 1,7 prosent av brutto inntekter. Det er venta at dei fleste kommunane vil levere ganske gode resultat.