Korleis står det til med saksframlegga i Sogn og Fjordane? Språkekspert Agnar Kaarbø vitjar fylkeskommunen i denne utgåva av Språkspalta. Foto: Terje Lien
Korleis står det til med saksframlegga i Sogn og Fjordane? Språkekspert Agnar Kaarbø vitjar fylkeskommunen i denne utgåva av Språkspalta. Foto: Terje LienTerje Lien
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Tette stadar og tett språk

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane starta arbeidsåret med fleire omfangsrike og viktige saker. Her var det i overkant mykje å lese for fylkespolitikarane.

Bruk eit kort ord eller omgrep i staden for eit langt ord. Bruk kulepunkt i staden for lange setningar med mykje informasjon

Mellom anna stod regional plan for kultur og ny strategi for tettstadsutvikling og senterstruktur på dagsorden. La det vere klart; sjølve saksframlegga var ikkje så lange. Få sider, bra struktur, men ein del lange setningar. På sitt beste likevel eit døme på at nynorsk har ein føremon som forvaltningsspråk. Men når høyringssvar og sjølve planverket kjem som tillegg, blir det mykje lesestoff.