Nyheter
– Det er veldig bra med ei slik satsing innan naturfaresektoren
Regjeringa foreslår 220 millionar kroner meir til arbeidet med skred- og flaumsikring. – Veldig bra, seier NVE, men minner oss på at det vil koste 85 milliardar å sikre all utsett busetnad.
I regjeringa sitt forslag til budsjett for neste år, foreslår den å auke løyvinga til Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE, sitt arbeid med førebygging av flaum- og skred med 220 millionar kroner.
150 millionar av desse skal gå til hastetiltak etter ekstremvêret Hans. 70 millionar skal gå til styrking av NVE sitt ordinære arbeid med førebygging.
– Det er veldig bra med ei slik satsing innan naturfaresektoren. Det er store behov i samfunnet knytt til flaum og skred, og det er positivt at NVE vert betre rusta til å levere på dette samfunnsoppdraget, seier Brigt Samdal, direktør for skred- og vassdragsavdelinga i NVE, til Kommunal Rapport.
– NVE sitt langsiktige arbeid med farekartlegging, sikringstiltak og varsling var viktig for å redusere skadeomfanget etter ekstremvêret «Hans». Vi må førebu oss på meir ekstremvêr i åra framover. Regjeringa vil derfor styrke kapasiteten i NVE og auke farten i førebyggingsarbeidet, seier olje- og energiminister Terje Aasland i ei pressemelding.
NVE minner om at det også kan vere løyvingar på andre delar av statsbudsjettet som er kopla til Hans utan at det omfattar NVE.
85 milliardar kroner
Løyvinga til NVE til flaum- og skredsikring i inneverande år er på 355,6 millionar kroner der NVE hjelper til med planlegging, prosjektering og utføring av tiltak. I tillegg går 107,5 millionar kroner i tilskot til kommunar og private. NVE har også eit tilskot til kartlegging av flaum og skred, og dessutan fjellskredovervaking. Totalt utgjer tilskot til flaum- og skredforebyggande arbeid 590 millionar kroner i år.
I 2021 utarbeidde NVE ein rapport der dei estimerte at det vil koste 85 milliardar kroner å sikre utsette område.
KS er forsiktig optimist med tanke på dei auka løyvingane for neste år.
– KS har lenge etterlyst eit varig taktskifte i førebyggande flaum- og skredsikring. 70 millionar er ein forsiktig start som vi håpar blir forsterka i Stortinget, seier styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen.