Nyheter

I 2018 besøkte Kommunal Rapport Svanøy handel i Flora, no Kinn kommune. Butikken tilbyr både mat og aktivitetar - i tillegg til kommunal service. I 2019 fekk den Merkur-pris for beste nærbutikk på Nordvestlandet. Her ekspederer butikksjef Lisa Myklebust kundane Frank Felle Bareksten og Endre Blomsø.
I 2018 besøkte Kommunal Rapport Svanøy handel i Flora, no Kinn kommune. Butikken tilbyr både mat og aktivitetar - i tillegg til kommunal service. I 2019 fekk den Merkur-pris for beste nærbutikk på Nordvestlandet. Her ekspederer butikksjef Lisa Myklebust kundane Frank Felle Bareksten og Endre Blomsø.

Foreslår 8,2 millionar kroner meir til nærbutikkane

Distriktsbutikkane ønskjer tydelege roller opp mot kommunane. Regjeringa vil gi 8,2 millionar kroner meir til å utvikle butikkane neste år.

Publisert Sist oppdatert

I framlegget til statsbudsjett for 2024 foreslår regjeringa å bruke 69,5 millionar kroner til Merkur-programmet. Det er 8,2 millionar meir enn i 2023.

Distriktssenteret, som Merkur er ein del av, trur butikkane vil setje pris på at løyvinga går opp etter at dei har vore uendra i fleire år.

– Auken i 2024 vil vere med på å møte kostnadsvekst og stor etterspurnad. I år gjekk Merkur-programmet tom for ordinære støttemidlar alt rundt sommaren. Det viser at det er stor interesse og ikkje minst behov for å vidareutvikle butikkane i Distrikts-Noreg, meiner avdelingsdirektør Tenester i lokalsamfunn, Steinar Fredheim i Distriktssenteret.

Merkurprogrammet er Kommunal- og distriktsdepartementet sitt program for å utvikle og styrke butikkar i distrikta. Målet er å sikre folk tilgang til nærbutikk, men også å gi tilleggstenester på nærbutikken.

50 distriktsbutikkar har fått støtte frå Merkur-programmet til å investere i teknologi for døgnopen drift og delvis sjølvbetjening, som både gir eit betre tilbod til kundane og betre lønsemd for kjøpmannen.

Må bli tydelegare

12 kommunar har samarbeidsavtalar med butikkar i Merkur-programmet, slik at dei fungerer som kommunale servicepunkt.

Butikkeigarane påpeikar i ei ny undersøking gjennomført av Oxford Research at samarbeidet med kommunen er særleg viktig når det kjem til tiltak som styrker lokalsamfunnet. Butikkeigarane ønskjer også at programmet tek ei endå tydelegare rolle opp mot kommunane.

– Dette er ikkje eit overraskande råd. Vi har hatt merksemd mot koplinga mellom nærbutikk og kommune dei siste åra, og kjenner at vi ikkje er i mål, seier Fredheim.

– Korleis kan Merkur skape ei tydelegare rolle opp mot kommunane?

– Vi arbeider med å leggje til rette for serviceavtalar mellom kommune og butikk og vi arbeider for å gjere kommunane endå meir merksame på handlingsrommet dei har for å handle lokalt. No er vi i ferd med å avslutte eit pilotprosjekt som ser på nye måtar å samhandle rundt butikken som fleirfunksjonelt bygg, der ulike aktørar samarbeider for utvikling, og vil ta læringa frå piloten inn i vidare arbeid. Vi arbeider også for at kommunane skal hugse distriktsbutikkane som både næringsaktørar og utviklingsaktørar.

Powered by Labrador CMS